Stinn brakke på Folk & Røvere

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Kontor for skjenkjesaker vitjar Folk & Røvere», publisert 3.desember 2025.

Det er laurdag ettermiddag klokka halv to. Den populære utestaden Folk & Røvere i Skostredet i tjukkaste Bergen sentrum er smekkfull av folk, og ein stor del av dei er kledde i dressar, kjolar og andre finklede. Julebordsesongen har starta for fullt, og dei er på utestaden for å drikke seg opp før dei skal på fine restaurantar og betale ein formue for mat og drikke. Det er fyrste helga i desember og Folk & Røvere har fått juleøl på fat!

Bak disken står den sløve hasjaugeblondina og tappar øl for harde livet. Ho er kledd i ein vinraud julenissekjole med kvit pelskant, eit antrekk som openberrar dei nakne, bleike skuldrene hennar. På hovudet har ho ei søt nisselue med ein leiken dusk, og rundt halsen har ho ein svart choker med ei lita gullbjølle som ringjer søtt for kvar ei rørsle ho gjer.

Det er ikkje ein ledig stol i heile lokalet. Det er faktisk knapt ledige plassar til å stå, og folk som kjem i døra ser med store auge på folkehavet. Fleire av dei – gråhåra herremenn med konservative politiske meiningar – smyg og pressar seg gjennom folkemengdene og bort til den travle disken. Dei får augekontakt med julenisse-blondina.

«I dag var det stinn brakke her!» utbryt den eine herren. «Det er vanlegvis ikkje so mykje folk her på denne tida.»

«Ja, vi er midt i julebordsesongen,» svarer blondina medan den vesle gullbjølla lagar søte klingelydar. Ho tappar energisk mørkt, sterkt juleøl frå to fat samstundes.

«Det forklarer ein heil del,» seier mannen. «Vi har bestilt bord på Bryggeloftet klokka fire, og tenkte å ta nokre halvliterar for å kome i stemning.»

«Det er de velkomne til å gjere, om de er komfortable med å stå rett opp og ned,» svarer ho med eit småfrekt smil.

«Om alternativet er ingen øl, so vel vi å stå,» svarer mannen. Kompisane hans samtykkjer. Han tingar ein runde med juleøl av den handbryggja typen (og ein styrke på vel åtte prosent!).

«Hei, no blir det eit bord ledig!» utbryt den eine eldre herren. Fire finare fruer i kjolar og perlekjeder reiser seg frå eit bord.

«Fort!» utbryt ein annan i gjengen. «Ta bordet før nokon andre oppdagar det!»

Den kvithåra mannen – som truleg er i slutten av 70-åra – styrtar bort til bordet i eit ukarakteristisk ungdommeleg tempo og fell nesten over det. To kraftige skjeggemenn med tatoveringar og halvliterar med mørkt juleøl er ikkje like raske, og må finne seg i å stå og vente på neste ledige bord. Dei to er kledde i dressjakke, skjorte og slips, men er underleg nok kledde i kortbukser begge to. Snart sit dei fire eldre mennene rundt bordet, medan dei to langt yngre mennene smyg seg bort til bardisken, der dei står med morske uttrykk i tryna.

Som lyn frå klar himmel dukkar det brått opp to barmfagre brunetter kledde i mørkegrøne regnponchoar. Hasjaugeblondina kjenner dei igjen og grøssar seg. Det er dei to kontrollørane frå det kommunale Kontor for skjenkjesaker. Med sine kritiske kommuneblikk mønstrar dei det stappfulle lokalet, som er temmeleg støyande og animert. Brystvortene er allereie synlege på dei lett glinsande regnskjolda i det dei to vrir seg gjennom lokalet. Puppane og rumpene deira er sopass omfangsrike at dei har problem å trengje gjennom den einaste farbare passasjen mellom døra og bardisken.

«God ettermiddag…!» svarer den eine kommunekontrolløren til blondina. «Her var det mykje folk…!»

«Ja, vi er jo midt i julebordsesongen, må vete,» svarer blondina medan ho vrikkar lett på dei nakne skuldrene so den vesle gullbjølla ringjer søtt. «Hei hå, nå er det jul igjen, hihi.» Ho smiler dovent og småfrekt.

«Er dagleg leiar til stade?» spør den andre kommunekontrolløren medan ho ser på ein halvgammal tass som sjagar synleg påverka inn på ein av dei altfor små toaletta.

«Han måtte ein tur innom politistasjonen,» svarer ho medan ho tappar to glas juleøl til dei to skjeggete kortbuksemennene.

«Seriøst?» spør den fyrste kommunejenta med ein perpleks grimase. «Kva gjer han der? Skal han politimelde ein vanskeleg gjest?»

«Nei, det er han sjølv som er meldt,» svarer blondina dødsens ærleg. Dei to jentene hevar augnebryna. «Ein kvinneleg gjest påstod at han blotta seg for ho då vi skulle stengje førre onsdag.» Ho himlar med auga. «Berre oppspinn, naturlegvis, men når politiet seier hopp, må vi jo hoppe, veit de.»

«Ja, ein køddar ikkje med Onkel Politi…!» seier den andre kommunejenta og viftar åtvarande med peikefingeren.

«Pussig at dei kallar han inn til avhøyr ein laurdag…!» seier den fyrste kommunejenta, før ho trekkjer på skuldrene. «Vel, det er ikkje vår sak…! Når er han tilbake? Vi må ta ein prat med han…!» Ho vekslar eit blikk med kollegaen. «Ein aldri so liten kommunal alvorsprat…!»

«Då må de nesten vente til måndag. Han kjem ikkje tilbake i dag, for no er han på Korsika og drikk. Må roe nervane, veit de. Det er ikkje lett å drive utestad i dag.»

Blondina tappar to nye juleøl til to rynkete kjerringar med tiaraer, ballkjolar og tre glitrande perlekjeder kvar.

«Korsika?» spør den fyrste kommunejenta medan ho ser på kollegaen. «Ah, det er den nye ‘filialen’ til Folk & Røvere, vis à vis Korskirken…! Det er jo ikkje lange spaserturen bort dit…! Kanskje vi kan reise bort og plage den nervøse ungjenta bak disken der…!»

«Hihi, vi kan jo vente til dagleg leiar har blitt brisen…!» svarer kollegaen. «So tirrar, pirrar og eggar vi han til han seier noko vi kan bruke mot han…! Kommuneadvokat-mat, kan vi kalle det…!»

«Åh, eg elskar julebordsesongen…!» seier den fyrste kontrolløren og fniser som ei våryr ungdomsskulejente. Ho vender seg mot blondina. «I dag får Folk & Røvere ein prikk…!» Blondina grøssar seg, noko som får begge dei sprengkåte kommunekontrollørane til å flire mektig. «De har fleire gjester enn sitjeplassar…! Det er sannsynlegvis brot på skjenkjelova – men vi er i grunnen ikkje sikre, for ingen klarer å tolke reglementet…! Det er frå 1920, og har ikkje blitt språkleg oppdatert…!»

«Reglementet er truleg eldre enn det òg, for ordlyden er hauggammal…!» seier kollegaen. «Dei bruker qualifiseret Drukkenskab i staden for kvalifisert beruselse…!»

«Og her i dag ser vi mange døme på ‘qualifiseret Drukkenskab’…!» seier den fyrste kontrolløren medan ho sakte strekkjer seg. «Mmmm, det blir nok ein prikk til, berre på pur faenskap (eller Fandenskab, som det står i reglementet, hihi)…!» Ho peiker elegant på fleire synleg rusa gjester. «Han, han, han, ho, ho, og iallfall han, må ut herifrå nu…! Viss ikkje, stengjer vi heile sjappa…!»

Blondina faldar nevane tryglande framfor dei to:

«G-greitt, eg skal jage dei på gata! Stengjer de oss ned no, går vi konkurs!»

Kommunejentene blir nærast i ekstase der dei står og vrir seg i veksande opphissing.

Blondina trippar i veg bort til dei utpeikte gjestene. Nokre av gjestene er naturlegvis ueinige i at dei har fått for mykje, medan nokon av dei innrømmer nederlag og at dei kanskje undervurderte styrken på det herlege juleølet. Andre i sin tur angjev gjester som dei sjølv meiner er kvalifisert rusa (for der finst ingen betre angjevarar enn nordmenn!) Ein annan, når han oppdagar kva som skjer, er til og med sopass gentleman at han kastar seg sjølv ut. Snart har minst tolv personar blitt bortvist frå staden – men då har tjue nye personar funne vegen inn i det smekkfulle lokalet.

«To prikkar, altso…!» svarer den fyrste kontrolløren, noko som får blondina til å sjå fortvilt på dei begge.

«J-jamen, eg har jo bortvist alle dei utpeikte gjestene, og fleire til!» seier den stakkars kvinna medan den vesle gullbjølla dinglar og ringjer i avmakt.

«Ja, men dersom kontrollørane oppdagar dei kvalifisert rusa gjestene fyrst, blir det prikk…!» svarer den andre kontrolløren. «Hadde ikkje vi vore her, hadde de jo brote skjenkjelova, veit du…!»

«Ver so snill, Bergen kommune, eg er åleine på jobb fram til fire!» tryglar blondina på gråten. «Vis nåde, eg ber dykk på mine kne!»

Det blir ingen kommunal nåde. Den fyrste kollegaen, tomatraud i fjeset av opphissing, kurrar besteborgarleg:

«Mmmm, slik er det å drive utestad i Noreg…!! Vi har verdas strengaste alkohollov, og det er jo for å, mmmm, avgrense skadeverknadene av denne særs avhengigheitsskapande gifta…!!» Det ser ut som ho nærmar seg klimaks. «Greitt, då ber det i veg til Korsika for å plage, tirre, intimidere og egle…!! Kanskje vi kan få politiet til å kome dit om dagleg leiar blir sint nok…!!»

«Faen, eg kjem til å få orgasme der borte…!!» stønnar kollegaen i det dei to smyg og vrikkar seg ut av lokalet. Lukta av våt kommunefitte ligg tung i det varme, støyande, animerte lokalet.

«Åh, dagleg leiar kjem til å klikke på måndag,» klynkar blondina i det ho tappar to nye juleøl til to dresskledde, distingverte herremenn. «To prikkar! Eg må truleg gje han ei avsug—»

Brått spyr ein av dei dresskledde karane over disken like ved blondina. På instinkt bykser ho unna den mørke, juleøldunstande gufsen. Fyren viser seg å vere ein viss kjendispolitikar som hadde uhell på toalettet på utestaden for ei tid tilbake. Han orsakar seg audmjukt, før han sjagar i veg gjennom lokalet og ut på gata. Den drita fulle Raudt-politikaren forsvinn so fort at dressen hans har problem med å halde følgje med han.

«Faaaaen, no er det like før eg blir Nav-ar!» utbryt blondina og trampar i golvet med den eine foten. Den søte, vesle gullbjølla ringjer so svakt og vent. Ho kastar eit skarpt katteaugeblikk på alle dei fordrukne dress- og kjolefolka rundt disken. «Den neste som spyr, blir doxxa på Facebook-gruppa vår!» Ho spurtar i veg mot bakrommet for å hente vaskesaker. «Herre Jesus, kor mykje folk det er her! Skulle tru vi var einaste uteplassen i Bergen og omland!»

Enno er ikkje klokka to. Velkomen til den bergenske julebordsesongen, folkens. Skål! Og drikk med måte (yeah, right!).

Kommenter innlegget