Saksyndig om kjønnsdrift, Jantelova og menneskehistoria (del 2)

Framhald av del 1.

Misforstå meg rett. Eg sit ikkje her og oppfordrar til drap – eg er då ikkje dum. Eg presenterer berre essensen til mesteparten av menneskehistoria, der aggressive og psykopatiske alfahannar har myrda sine fysisk underlegne, men ofte kognitivt overlegne medhannar. Dette er den sterkaste sin rett. No har verda utvikla seg sopass mykje framover at Espen Arnakke får sin revansj over John Wakefield. Ein kan (nesten!) trekkje parallellar til handikappa og psykisk utviklingshemma, eller alle med skavankar, i grunnen. I byrjinga av menneskehistoria, då den hjarterå naturtilstanden rådde, vart slike svake og unyttige individ utstøytt av flokken og overlatne til den sikre død. Det medførde rett og slett for mykje «styr» å halde dei i live, for dei kunne ikkje bidra verken som jegerar eller sankarar.

Det er høgst sannsynleg at genetiske tilstandar slik som Down syndrom òg eksisterte i førhistorisk tid. Det enkelte kallar «mongobabyar» vekte stor skrekk og fortviling hjå dei nybakte holebuar-foreldra. Slike ungar vart kalla bytingar, frå verbet byte (bytte på bokmål). Den dåverande hypotesen var at sokalla underjordiske hadde kome og bytt ut den friske ungen med ein av sine eigne, som naturlegvis var vanskapt fordi dei sjølve var vanskapte. «Misfosteret» vart boren ut i skogen og overlaten til elementa, om han eller ho då ikkje vart myrda der og då (dei trong jo mat, og «mongokjøt» var betre enn ingenting!). Norsk forbund for utviklingshemma har her all grunn til å fordømme dei tidlege menneska – tilgje dei, for dei visste ikkje betre (akkurat som dei fleste utviklingshemma!).

Om ein medlem av flokken var uheldig og braut ein arm eller eit bein, visste ingen korleis beinbrotet skulle behandlast. Vedkomande vart ute av stand til å bidra til flokken, og vart igjen overlaten til seg sjølv – om vedkomande då ikkje valde å avslutte livet på eiga hand. Ein parallell kan trekkjast til dyr. Blir ein hjort oppdaga i naturen med beinbrot, vil mennesket avrette den utan vidare seremoni, sidan det blir rekna som dyremishandling å late dyret leve vidare i ein slik smertefull og hjelpelaus tilstand.

Synsfeil slik som nærsyntheit og skeive hornhinner – sokalla brytningsfeil – er tilstandar der sjølve augeeplet (enkelt forklart) «veks feil», slik at linsa ikkje greier å overføre eit klart bilete til netthinna. I dag har ein briller og kontaktlinser for å korrigere slikt. Der finst òg operasjonar for å korrigere synsfeil, men desse frårår eg på det sterkaste (dei skaper meir problem enn dei løyser, for å seie det mildt!). I førhistorisk tid fanst det ingen måte å behandle slike synsfeil. Eit medlem av flokken som var nærsynt eller hadde skeive hornhinner, ville frå barndommen av få eit stadig meir uklart syn på tilværet. Vedkomande var derimot ikkje alltid dødsdømt. Var ein nærsynt, såg ein framleis klart på nært hald, og kunne få arbeidsoppgåver som ikkje kravde godt avstandssyn (til dømes slakt av dagens fangst). Og når vedkomande kom opp i den alderen då dei andre medlemmene ikkje lenger såg klart på nært hald, ville vedkomande framleis sjå utmerka på nært hald, og kunne dermed halde fram med desse oppgåvene. Utviklinga av synskorrigerande hjelpemiddel kom fyrst i tidleg mellomalder, då fleire og fleire lærte seg å lese og skrive – mange erfarte at dei trong hjelpemiddel for sokalla nærarbeid når alderen byrja å innhente dei.

Ingen med vitet i behald ønskjer seg tilbake til den tida, då berre dei sterkaste overlevde. Mennesket er meir enn berre eit dyr med overlegne kognitive ferdigheiter, og fysisk svake individ vil ofte kompensere på andre område (medan fysisk sterke individ gjerne har intelligens deretter!). Mange meiner at vi er eit resultat av genetisk redigering utført av ein høgareståande utanomjordisk sivilisasjon. Kort fortalt er mennesket ein hybrid av ein av menneskeapeartane og ein utanomjordisk rase. Skilnadene mellom mennesket og andre dyreartar (til og med våre næraste nolevande slektningar) er nesten låtteleg openberr. Berre mennesket har taleevne og kan lese, skrive og danne fungerande samfunn. Berre mennesket på landjorda manglar pels eller fjør, og hadde frose i hel hadde det ikkje vore for klede. Berre mennesket (som pattedyr) går konsekvent på to bein, slik at «framføtene» er frigjort til å utvikle reiskapar. Utan desse nærast gudegjevne evnene, hadde mennesket vore eit lett bytte for rovdyr som er mykje sterkare og raskare enn oss sjølve.

Det som var all grunn til å rekne som ein ubryteleg naturorden – om ikkje ei galaktisk lov – har blitt snudd opp-ned i løpet av det som i evolusjonens historie berre er ein augneblink. Svake og lite levedyktige individ blir ikkje lenger sett ut i skogen for å døy. Dei overlever. Klart, dei får berre unntaksvis overført genane sine til neste generasjon, so deira slektsgrein vil døy ut om ikkje deira velskapte søsken tek på seg den rolla. «Overleving» har her blitt flytta frå arts- til individnivå: Individet overlever, men arverekkja gjer det ikkje. Familiar med psykisk utviklingshemma individ har den dag i dag søsken som «kompenserer» ved å setje til verda fleire barn enn dei ville ha gjort om broren eller systera var frisk og forplantingsdyktig. Familiar der den psykisk utviklingshemma er einaste avkom er i so måte tragiske unntak og dømde til evolusjonær undergang. Då er det ei mager trøyst at desse individa i det minste får eit verdig liv (i våre dagar kan ein diverre ofte stryke «verdig»).

Om ein går tilbake til Espen Arnakke og John Wakefield, dømmer naturordenen Espen til å døy, medan John overlever. På individnivå skjer derimot det motsette: den evolusjonært «vellykka» John blir myrda, medan den evolusjonært «mislykka» Espen overlever. Kanskje får han til og med barn (eg hugsar ikkje korleis historia om han enda, sidan det er over tjue år sidan eg las dei to bøkene). Om Espen overfører genane sine til neste generasjon, og dermed «overlever» evolusjonært, er dette å rette ein langfinger til sjølve naturen.

Heng lesaren framleis med? Frå eit evolusjonært perspektiv, har ein mann som sprutar den tjukke, dunstande sæden sin inn i so mange kvinner som mogleg, optimale sjansar for å lykkast i å halde fram sitt genmateriale. Slike menn er derimot elendige fedrar. For ei kvinne vil det medføre vesentlege ulemper å late seg besvangre av slike «tøm og røm-menn», for då må ho ta seg av barnet sitt utan hjelp og – viktigast av alt for ho – utan den tryggleiken ein mann kan gje. Difor burde slike menn bli valt vekk, medan omsorgsfulle, intelligente menn burde ha stått høgt i kurs. Ein Espen ville ha gjort ho gravid, men blitt verande for å hjelpe ho med barnet. Dette ser tilsynelatande ut som ein vinn-vinn-situasjon.

Kvinner tenkjer diverre ikkje slik. Dei er fyrst og fremst styrt av kjensler, og alle menn som framkallar dei rette kjenslene hjå ho (i dette tilfellet opphissing og formeiringstrong som overstyrer all sunn fornuft), får lov til å tømme seg inni ho. På tidleg 2000-tal i boka si Pornopunghåndboka kalla Mads Larsen det å «svinge med tryllestaven», altso å få kvinner i riktig stemning for å opne seg. Slik dei fleste erfarer, er slike «sjarmerande dritsekkar» håplause i senga. Av personleg erfaring tek det tid og trening til å bli god til å tilfredsstille ei spesifikk dame, og sexen blir betre dess meir «individuell trening» du får hjå den dama. Å ha sex 200 gonger med éi dame er sannsynlegvis langt betre enn å ha sex éin gong med 200 ulike damer. Sistnemnde veit eg ikkje, sidan eg rett og slett ikkje har hatt sex med 200 damer!

I Noreg er det uvanleg mange åleinemødrer. Årsakene bak dette er mange og komplekse, og enkelte av forklaringane vil folk flest rett og slett ikkje vedkjenne seg. Kanskje har dei einslege kvinnene blitt utsett for «tøm og røm-menn». Kanskje har dei innsett at det er meir lukrativt for dei å vere einslege forsørgjarar. Kanskje har dei gått leie av faren til sine eigne avkom, og sparka han ut av heimen. Skilsmisseprosenten i landet er no ein gong den den er. Det som før vart rekna som bagatellar, er no legitime grunnar til samlivsbrot.

Det er her viktig for meg å trekkje fram ein vesentleg skilnad mellom førhistorisk tid og moderne tid når det gjeld menn som besvangrar og stikk av: I førhistorisk tid fanst ikkje Nav, men kvinna var omringa av medlemmer av flokken, som med glede hjelpte ho å oppdra ungen. Ein fråverande far var difor ikkje problematisk. Dette var comme il faut inntil ganske nyleg, spesielt i krigstider, då barnefaren låg skoten på slagmarka og enkja sat heime med ein flokk ungar. No finst Nav, men kvinna er fysisk åleine utan nokon som kan hjelpe ho. Det vil seie, dei kan, men dei vil ikkje. Dagens kvinner har difor langt meir å tape på å velje den virile avlshingsten John Wakefield som biologisk far for ungen enn trufaste Espen Arnakke. Som regel må Espen tre inn som «vikarpappa» når graviditeten er eit faktum og John har rømt frå landet på fyrste og beste utanriksskip. Og det er ikkje ei ordning Espen vinn nemneverdig på, noko eg sjølv har personleg erfaring med.

Framhald i neste del.

Kommenter innlegget