Dei aller fleste har fått med seg at vi i Noreg har eit særs høgt sjukefråvær, mellom anna fordi det blir formidla på innpust og utpust i både hovudstraums- og alternative media. Til og med Regjeringa har innsett dette, og har no kome med fleire forslag for å få ned sjukefråværet. Eit arbeidsliv der «alle» anten er sjuke eller læst som dei er det, er dømt til kollaps. Eit slikt arbeidsliv er på ingen måte berekraftig.
Sjå òg «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.
Ingen med sjølvopphaldingsdrift ville i sine villaste fantasiar finne på å røre sjukelønnsordninga, sjølv om den er ein av hovudgrunnane til at vi har eit slikt høgt sjukefråvær. Då må dei stramme inn på andre område.
Ragnhild Heyerdahl i LO-Aktuelt (her henta frå Fri Fagbevegelse) skriv:
«Ansatte som er syke, kan få en midlertidig plikt til å ta andre oppgaver enn det som står i arbeidsavtalen. […]
I februar i år ble LO, NHO og de andre partene i arbeidslivet enige om en ny IA-avtale om inkluderende arbeidsliv. […]
I avtalen ble partene enige om flere tiltak for å få ned sykefraværet.
Noe av det de ble enige om, var at både arbeidsgivers og arbeidstakers plikter ved sykefravær må gjøres tydeligere.
Det er dette punktet i IA-avtalen regjeringen nå følger opp. […]
Regjeringen foreslår en rekke endringer i både folketrygdloven og arbeidsmiljøloven.
En arbeidstaker som er sykmeldt, har en plikt til å bidra til å komme tilbake i jobb igjen. Dette kalles medvirkningsplikten.»
Denne plikta finst allereie i Arbeidsmiljølova (§2-3 «Arbeidstakers medvirkningsplikt»), men Regjeringa ønskjer å skjerpe denne plikta. Det må stillast tydelegare krav til den sjukmeldte. Med arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng sine ord, må vi «jobbe med den helsa vi har». Og det må fyrst og fremst bli slutt på at tilsette kan gå sjukemeldte i månadsvis utan å eingong måtte møte sjefen i samtalar om vegen vidare, slik tilfellet var på mange arbeidsplassar eg sjølv jobba i mine 17 år i helsesektoren.
Ei sjukmelding er ikkje ein betalt ferie, slik enkelte ser ut til å tru. Det er eit medisinsk grunngjeve betalt fråvær frå arbeidsoppgåvene, som berre unntaksvis bør setjast i verk. Slike «feriar» kostar samfunnet milliardar og fører til dårlegare kvalitet på tenestene som arbeidsplassar leverer. Alle taper på sjukefråvær: arbeidsgjevar taper på korttidsfråvær (fråvær kortare enn 16 dagar, kalla «arbeidsgjevarperioden»), medan samfunnet taper på langtidsfråvær (sidan Nav, og dermed vi skattebetalarane, må betale arbeidsgjevar for fråværet).
Regjeringa kjem med følgjande forslag:
«En arbeidstaker som blir sykemeldt, må så tidlig som mulig opplyse arbeidsgiver om forhold som har betydning for å komme tilbake i arbeid.
• Den ansatte må blant annet opplyse om hvor lenge han eller hun forventer å være borte fra jobb, hva hen kan utføre av arbeidsoppgaver selv om hen er syk eller skadet, og hvilke tilpasninger den ansatte har behov for, for å kunne være helt eller delvis i jobb.
• En arbeidstaker får plikt til bidra til å prøve ut egen funksjonsevne og eventuelle tilretteleggingstiltak.
• Dette innebærer blant annet en plikt til å utføre annet arbeid for en periode enn det som står i arbeidsavtalen, vel og merke dersom helsen tillater det.
• Så lenge det ikke er medisinske grunner som taler imot det, får den sykemeldte en plikt til å være i arbeidsrelatert aktivitet ‘i så stor grad som mulig, så tidlig som mulig, og senest innen åtte uker’.»
Om den tilsette ikkje oppfyller medverknads- eller aktivitetsplikta, vil utbetalinga av sjukepengar bli stansa. De las riktig. Den tilsette vil ikkje få utbetalt sjukepengar. Dette kan vel seiast å vere eit hittil usett, om ikkje til og med drastisk verkemiddel – om ein då ser vekk frå tilfelle der arbeidsgjevarar avviser sjukemeldingar.
Høyringsfrist på det som mange nok vil oppfatte som eit kontroversielt lovforslag er 15.mars 2026; i høyringsnotatet har Regjeringa komisk nok skrive «2025».
