Den mørkaste, vondaste tida på året

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Klokka har bikka 12:30 på den populære utestaden Folk & Røvere i koselege Skostredet. Det er daudaste, mørkaste romjul, og ikkje ein snøflekk å sjå nokon stad. Bergen har atter ein gong blitt fråstolen si kvite jul, og klimaalarmistane legg all skuld på eigarar av fossilbilar, Noregsdemokratane, Trump og Putin.

Inne i det lunkne lokalet dunkar gammal David Bowie ømt og kjærleg i veggane. Den dovne hasjaugeblondina står lent inntil veggen, kledd i sin søte julenissekjole med kvite pelskantar, nisselue og chokeren med den vesle, ertne, gylne bjølla som ringjer søtt for kvar ei rørsle ho gjer. Ho vrikkar lett på dei nakne skuldrene so bjølla ringjer.

«Hei, hå, nå er det jul igjen,» seier ho med ei lett stønnande stemme.

Dei tre brisne mannfolka i lokalet kastar ho eit skråblikk, før dei hyler i seg nok ein kjeft mørkt, sterkt juleøl. For å seie det mildt, er dei alle møkklei av jula, slik som det fornuftige mindretalet i Noreg har vore sidan midten av november.

Dørene opnar seg illevarslande. Inn kjem dei to kommunale skjenkekontrollørane, kledd i sine mørkegrøne regnponchoar som glinsar av det lette yret utanfor. Dei sleikjer seg rundt munnane medan dei trippar mektige og ruvande gjennom lokalet. Mennene trekk feige til seg blikka og prøver å gjere seg so små som mogleg.

Blondina bak disken blir «konfrontert» av dei to kommunejentene. Ho står på utstilling og kan aldri sleppe unna – ikkje før den siste stjerna i universet har brent seg tom.

«Ja, her var de igjen, ja,» seier ho og tek ein slurk frå ein kopp lunken traktekaffi.

«Er dagleg leiar til stade?» spør den eine kommunekontrolløren.

«Nei, han er på Sandviken,» svarer blondina.

Dei to regnponcho-tøttene hevar på augnebryna.

«Seriøst?» svarer den andre. «Kva gjer han der? Besøkjer han ein venn eller ei gammal flamme?»

«Nei, han er innlagt til over nyttår,» svarer blondina med eit skuldertrekk som får bjølla til å ringje so søtt.

Dei to mønstrar blondina frå topp til tå med hovuda lett på skakke.

«Meiner du alvor?» spør den fyrste. Blondina nikkar kort. «Hm, kva skjedde?»

«Han tok for mykje ‘Möller’s tran’,» svarer ho småfrekt. Dei to brunettene får eit snurt uttrykk i dei unge jenteansikta. «Det har de faktisk ingenting med. Av og til må folk ha litt psykiatrihjelp, spesielt no i den mørkaste, vondaste tida på året.»

«Det er jo jul,» seier den andre jenta.

«Ja, nettopp. Den mørkaste, vondaste tida på året.»

Dei to kommunekontrollørane vekslar blikk. So ser dei seg rundt i lokalet. Ein av mennene forsvinn ut døra. Alt som står igjen etter han, er eit tomt ølglas. Dei to andre mennene tek fram mobilane sine og byrjar å skrolle på dei.

«So…» Blondina strekkjer på seg. «Blir det prikkar i dag?»

Dei to kontrollørane ser nesten forsmådde ut, der dei bit seg lett i leppene og vrir på seg.

«Ikkje utan at vi må dikte opp noko,» seier den fyrste jenta. «Det er eigentleg eit avvik at dagleg leiar ikkje er til stade midt på høglyse dag. Men han har jo… gyldig fråvær, kan ein seie.»

«Skal vi berre ta og dikte opp noko, då?» spør kollegaen medan ho dultar ho ertent med olbogen.

«Mangel på alkoholfrie alternativ synlege frå disken, kanskje?»

Brystvortene blir synlege på regnponchoen. Det same skjer med brystvortene til kollegaen. Stoffet i ponchoane sprakar lett og leikent medan dei strekkjer sakte på seg.

Blondina snur seg då rundt og tek bilete av kjøleskapa med smarttelefonen sin. Der står det julebrus, Farris, Munkholm og ei rekkje andre alkoholfrie alternativ – godt synlege.

«Denne sender eg til sjefen dykkar om det blir prikk,» seier ho med eit småfrekt smil.

No ser dei to kontrollørane regelrett fornærma ut. Dei to snur seg mot den eine mannen, som ser temmeleg stakkarsleg ut. Dei to småkåte kjettene trippar bort til han med bystar som ser ut som dei skal eksplodere. Han ser lettare forvirra opp på dei i det dei tronar over han.

«Hei, du, mister…!» seier den eine jenta. «Korleis er forma?»

«Forma er god,» svarer han med heilt normal diksjon.

«Ja, den har vi høyrt før…!» seier den andre jenta. «Raudlege auge, snøvlete diksjon, problem med å feste blikket…! Du er manifest rusa…! Du må forlate denne utestaden nu…!»

Mannen ser bort på blondina, som himlar med auga.

«Slutt å plage gjestene mine,» seier ho til dei.

«Vi plagar han ikkje, vi berre følgjer skjenkjelova…!» seier den fyrste jenta. «Den er jo, som du veit, særs streng…!»

«Eg kan ta ein telefon til venninna mi i Vest politidistrikt,» seier blondina med eit småfrekt smil. «Ho er ute på patrulje her i sentrum. Kanskje ho kan ta ei vurdering av denne ‘manifest rusa’ mannen.»

Mannen hiv i seg siste rest av ølen, før han reiser seg opp, lettare indignert.

«Ta deg ikkje bryet,» seier han til blondina. «Eg kastar meg sjølv ut. Eg er jo ‘dritings’. Eg har faen meg nok problem i livet mitt allereie.»

Mannen forsvinn ut av lokalet. Den andre mannen, og einaste gjenverande gjest, har sett «seansen». Han sjølv følgjer i dragsoget. Lokalet er no tomt. Dei to kommunejentene snur seg mot blondina.

«Hm, lite kundar her i dag…!» seier den andre jenta med eit ertent smil.

«Det tek seg alltids opp, so fort visse personar er borte,» svarer blondina.

Dei to kommunejentene vekslar blikk.

«Vi kan notere at bartenderen er ufin med skjenkekontrollørane…!» seier den eine.

Akkurat då kjem det tre nokso uflidde menn inn døra. Då dei ser dei to kommunekontrollørane, stoppar dei derimot opp, vekslar blikk med kvarandre og snur på hælen. Dei er borte like raskt som dei kom.

«Har de ikkje andre utestader å plage?» spør blondina, før ho tek ein ny slurk av kaffien.

«Som sagt, vi plagar ingen, vi gjer jobben vår…!» seier den andre jenta. «Og norske alkohollover er jo kjent for å vere rigide…!» Ho strekkjer lett på seg og slepper ut eit lite stønn. «Her var det ikkje mykje stimuli…! Lat oss traske bort til Fotballpuben…!»

«Åh, jaaaa, Fotballpuben…!» svarer kollegaen, som blir meir oppglødd. «Der finn vi alltid noko…! Folk har til og med sex på toaletta der…! Kanskje vi kan få dei stengt ut helga…!»

«Sssshit, eg kjem til å kome der borte…!» svarer kollegaen.

«Å ‘kome’ på Fotballpuben er forbode, pus…!» seier jenta og dultar ertent borti ho.

«Mmm, ikkje sei det, no blir eg endå meir kåt…!!» stønnar ho. Kollegaen flirer mektig.

Dei to regnponchoane smyg og ålar seg ut av lokalet. So fort desse to har runda gatehjørnet, kjem eit kobbel av uflidde, uønskte menn inn i lokalet.

«Faen, her luktar det våt fitte,» utbryt den eine.

«Ja, Kontor for skjenkjesaker har jo nettopp vore her,» seier ein annan.

«Good fucking riddance!» seier ein tredje.

Gjengen samlar seg rundt bardisken med tiggande, øltørste blikk.

«Øl til alle?» spør blondina. Alle mennene nikkar. Ho vrikkar lett på dei nakne skuldrene i det ho byrjar å tappe. «Hei, hå, nå var det jul igjen. Og jula varer heldigvis ikkje til påske!»

«Nei, huff, Gud forby!» seier ein av mennene, før alle kneggar av latter.

Stemninga blir etter kvart munter og animert – stikk i strid med interessene til Bergen kommune!

Kommenter innlegget