Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
Det er for tida ein infernalsk kulde i det tidlegare demokratiet Noreg. Temperaturar som høyrer heime i det indre av Sibir (der det tidlegare riket Tartaria dominerte verdspolitikken), frosne vassrøyr og ei og anna ihelfrysing pregar no nyheitsbiletet. Folk blir oppfordra til å halde det varmt i husa sine, slik at straumselskapa tener masse herlege pengar. Dei som prøver å spare på straumen, risikerer sjokkfakturaer frå røyrleggjarar, som kan gapskratte heile vegen til banken. Her gjeld det å halde tunga i varm munn, for frosne tunger talar ikkje særleg godt.
På den vanvitig trivelege utestaden Folk & Røvere i tjukkaste sentrum er stemninga lettare animert. Klokka halv to denne dovne, sprengkalde ettermiddagen sit fem stakkarslege tassar i lokalet og drikk og drøser. Hasjaugeblondina er for høvet kledd i kvit pologenser, blå strikkegensar og vintertights. Ein vifteomn står og durar bak disken, men å halde dette gamle, trekkfulle lokalet varmt er like fåfengt som å pisse i motvind.
«Faen, kor kaldt det er for tida,» utbryt den eine stakkarslege tassen. «Det er like før eg lyt tenne bål i stova!»
«Har du ikkje peis?» spør ein annan stakkarsleg tass. «Sjølv har eg vedomn, og har truleg brent ein heil skog den siste veka.»
«Peis? Vedomn? Slikt er forbode der eg bur. Vi må bruke straum, og straumen kostar det kvite ut or auget.» Han drikk øl frå glaset med eit grådig smil. Det same gjer dei andre stakkarslege tassane.
«Det går langt over mitt hovud korleis vedomnar kan vere forbode i slik ein sprengkulde.» Han ristar blåsande på hovudet. «Bur du i burettslag?»
«So klart. Styret elskar å herse med folk. Her forleden fraus ei gammal enkjefrue i hel fordi ho vart nekta å fyre i omnen. Og ei anna enkjefrue svelta i hel fordi ho fekk ei straumrekning på seks tusen.»
«Huff, dette må då bli ei sak i media.»
«Ingen er interesserte i å høyre om enkjefruer som blir eit offer for elementa og sin eigen svolt. For tida er det berre Gyda Oddekalv dei fokuserer på. Jentungen leikar Stalin.»
«Ho med det lange, blonde, herlege håret?»
«Ja, ho. Dottera til Kurt Oddekalv, han som vart myrda av djupstaten.»
«Fall han ikkje gjennom isen?»
«Djupstaten draaaaap han.» Mannen tømmer siste rest av ølen i kjeften. So tuslar han bort til blondina med eit tiggande blikk. Ho tappar ein ny øl.
«Korleis er forma, mister?» spør ho med eit småfrekt smil.
«Utmerka.» Han tek fram lommeboka.
«Du pleier å trekkje fram dine konspirasjonsteoriar når øla blir dryge.» Ho landar ølen på disken, og mannen betaler den ublu summen.
«Er det sånn å forstå at det er forbode å snakke om konspirasjonar på Folk & Røvere?»
«Det er òg forbode å gni fitta mot bardisken. Men det skjer jo likevel.»
«Har kontrollørane vore her nyleg?» spør mannen.
«Ikkje sidan gnikkeepisoden.» Ho trekkjer på skuldrene. «Og dessutan er det so kaldt ute.» Ho vender det isblå blikket mot den snødekte gata utanfor. «Eg har to oljeomnar og ein vifteomn ståande på fullt heime, men eg frys likevel. Eg må truleg ta ekstravakter på min andre jobb for å betale straumrekninga.»
«Har du ein jobb til?»
«Jepp.»
«Kan eg spørje kva du jobbar som?»
«Nei, det kan du ikkje.» Ho blir lett raud i kjakane. «Ta ølen din og set deg ned.» Ho viftar han vekk med neven.
Den stakkarslege tassen tuslar derifrå med eit fårete glis. Snart kjem ein ny slik stakkar bort til disken og tiggar om ein dyr øl til. Blondina tappar – under tvil.
«Eg hadde ein rar draum i natt,» seier denne taparen. Blondina skymer på han medan ho landar ølen på disken. «Eg var fanga i ei tjørn, og so kom det ei vakker, naken dame dit. Ho såg meg ikkje, for eg hadde algar og vekstar og alt sidan eg hadde vore fanga i tjørna so lenge. Og so vart eg so kåt at det plutseleg kom ei ladning.» Han drikk øl so skummet frodar.
«Javel, ja?» Ho vender hovudet lett på skakke. «Har du venta heile dagen og åtte øl med å fortelje meg dette? Var det kanskje eg som stod der naken?»
«Nei, nei, det var ei blond, vakker dame. Du er jo ikkje vakker.»
Ho ser stygt på han, før ho peiker mot døra.
«Du må gå,» seier ho. «Ut. No.»
Mannen drikk heile ølen på styrten, før han tuslar ut av lokalet med eit fårete glis om den raudmussa, vesle kjeften. Blondina heller seg ein kopp lunken traktekaffi. Døra går opp, og tre nye stakkarslege tassar tuslar inn. Dei hutrar av den fæle, nådelause Sibir-kulden utanfor. Ingen av dei er over 1,60. Blondina, som står der hjelpelaust på utstilling, er minst eit hovud høgare enn alle. Dei ser med tiggande auge på tappetårna der dei står med lua i neven.
«Vel, kva vil de ha?» spør ho medan ho strekkjer sakte på seg.
«Fitte,» svarer den eine. «Men fyrst lyt eg få ei øl.»
«Eg kan hjelpe deg med ølen,» seier ho og byrjar å tappe. Ho vender det skarpe blikket mot dei to andre. «Og de to? Fitte og øl?» Begge mennene nikkar med fårete glis.
«Åh, kor vakker og vond Gyda Oddekalv er,» utbryt brått ein annan stakkarsleg tass i lokalet. Han ser på smarttelefonen sin. «Langt, herleg, blondt hår.» Han ser på blondina. «Det var truleg Gyda Oddekalv han andre fyren møtte i draumen sin. Tenk å vere fanga i ei tjørn, og so kjem plutseleg ei naken Gyda Oddekalv spradande.» Han heller i seg siste rest av ølen medan han ser med symjande blikk på bartenderdama. «Ikkje rart fyren spruta. Hender det av og til at menn sprutar på deg?»
«Du… du må berre ta rennefart ut herifrå, mister,» seier blondina med eit hjelpelaust stønn. «Ut, ut, ut. Bli vekke. Hokus pokus, kveitebollen!»
Tassen tuslar sjagande ut av lokalet medan han småflirer. Dei tre nye stakkarslege tassane finn seg til rette i lokalet medan blondina pent må stå på utstilling bak disken. Ein annan «kveitebolle» kjem straks inn i lokalet og tuslar bort til disken. Han stoppar opp og mønstrar blondina frå topp til tå.
«Oi, du ser ut som ei styggare utgåve av Gyda Oddekalv,» lirar han av seg.
«Takk for den, mister,» seier ho med eit småfrekt smil og peiker på døra. «Gå tilbake dit du kom frå.» Mannen snur på hælen og tuslar ut. «Faen, kor kjem alle desse små avvikarane frå? Er det eit slags treff i by’n?»
«Førre veke var det jo berre gamlingar her,» seier ein annan tass, som landar det tomme ølglaset sitt på disken. «Denne gongen er det berre små kveitebollar i Dressmann-skjorter og jakker. Kveitebollar som er brisne og småkåte.» Han smiler særs udelikat. «Er det sånn å forstå at du utfører visse tenester om betalinga er god nok?» Ho hevar sakte på det eine augnebrynet. «Du veit… Under bordet? Eller kanskje på bakrommet?»
«Veit du…» Ho held seg til hovudet. «Denne kommentaren er drygare enn Gyda Oddekalv og ladningar i tjørner. Kom deg ut nu!» Han tuslar derifrå medan han kneggjar. «Høyrt på maken! Eig ingen folkeskikk lenger?»
«Når det er kaldt og jævleg ute, blir folk kalde og jævlege,» snøvlar ein annan stakkarsleg tass, før han travar sjagande i veg mot toaletta. «Eg reknar med dette gjeld Gyda Kommekalv òg.» Døra går igjen med eit brak. Like etter høyrest lydar av oppkast.
«Kommekalv,» flirer ein anna tass. «Fordi alle som ser ho, kjem. Ei ladning.» Han peiker på sitt eige underliv. «Ei ekta strilaladning!» Mannen sit der og gapskrattar.
Blondina lukkar auga ein augneblink og kviskrar eit stille, resignert «faen». Like etter geleidar ho den kneggjande karen ut av lokalet og ut i den absurde kulden. Fem andre stakkarslege tassar finn vegen inn i lokalet medan dei syng «Øl, øl, og meira øl!» for full hals.
«Åh, der har vi systera til Gyda Oddekalv òg!» kaukar den eine karen.
«Ja, men ho er ikkje so fin som ho,» seier ein annan tass.
«Fin nok for meg!» utbryt den eine. «Men eg går jo på kva som helst.» Han blinkar til blondina, som grøssar seg. «Om du speler korta dine riktig, kan du få ein ekta strilakuk seinare!»
«Ikkje om helvete frys til is, mister,» seier ho. «Og helvete har allereie frose til is.»
Blondina tappar øl med eit steinansikt av ei anna verd. Steinansiktet forsvinn fort når ein tass kjem ut av toalettet med sin vesle kuk hengjande ut buksesmekken. Han blir fort geleida ut i kulden. Blondina stønnar og sukkar i det ho trippar bak disken. Denne iskalde ettermiddagen hadde ho faktisk føretrekt dei sprengkåte kontrollørane framfor denne gjengen av grovkjefta avvikar-kveitebollar!
