Malinformasjon og andre trugslar mot metanarrativet

I Noreg går det eit skarpt skilje mellom etablerte og alternative media. Skiljet handlar derimot ikkje om kor vidt ein medieformidlar er redaktørstyrt, sit i Norsk Redaktørforening, følgjer Vær Varsom-plakaten eller anna. Som Kjetil Tveit skriv på sin Substack 10.januar 2026, viser nemninga alternativ til «[d]e som tar opp tema som er antagonistiske til metanarrativet».

Og kva er so eit «metanarrativ»?

Tveit skriv:

«Et metanarrativ er den store fortellingen samfunnet forventes å leve inni. Den kan høres slik ut:

– myndighetene vil deg vel
– institusjoner er i utgangspunktet gode
– pressen informerer deg
– eksperter er nøytrale
– ‘farlige ytringer’ er et større problem enn farlige beslutninger»

Ifølgje Tveit er eit av dei mest ekstreme narrativa i nyare tid mantraet «covid-vaksinar er trygge og effektive». I tillegg til å vere ein medisinsk påstand (utan vitskapleg hald, har det i ettertid vist seg), vart dette eit moralsk lojalitetsstempel, ein identitet og ei truvedkjenning. Eg spør som Tveit gjer: sidan vaksinen ikkje var skikkeleg testa, korleis kunne den vere «trygg»? Korleis visste dei at ein eksperimentell vaksine/genterapi var trygg? Sat dei på informasjon dei ikkje ville dele med «samansuriet», eller var det eit salsargument?

Alle som stiller spørsmål ved tryggleiken og effektiviteten til «vaksinane» vil sjølv i dag bli møtt med skepsis hjå folk flest, spesielt frå dei som sit i maktposisjonar i helsesektoren. Samstundes innrømmer fleire og fleire at dei tok alle dei tilrådde dosane, men vart sjuke likevel. I kjølvatnet av «pandemien» (eller «Senneset-massakren», som eg er freista til å kalle den!) høyrde eg i tillegg følgjande resonnement: «Eg tok alle dosar, men fekk ‘koråna’. Men tenk kor sjuk eg hadde blitt om eg ikkje hadde teke dosane!» På ein eller anna måte visste dei at dei kom til å bli endå sjukare om dei var uvaksinert. Men eg var uvaksinert, og eg var aldri sjuk. Då møtte eg djup stillheit og eit skeivt blikk.

Det er vitskapleg heva over kvar ein tvil at covid-«vaksinane» gjorde meir skade enn godt. I beste fall fungerte dei ikkje. Som sagt, folk tok fire dosar, men fekk likevel covid-19, medan uvaksinerte berre unntaksvis fekk det. Vaksinestatus og covid-19-tilfelle kunne enkelt ha blitt offentleggjort og éin gong for alle lagt debatten daud. Men dette vil sannsynlegvis aldri skje fordi slik ei offentleggjering vil utgjere ein alvorleg trugsel mot metanarrativet.

Eit anna metanarrativ som Tveit nemner er at styresmaktene vil deg vel. Dette er beviseleg feil. Sjå til dømes korleis den norske rettsstaten fungerer. Der er YouTube-kanalen og nettsida Rettssikkerhet for alle ein god stad å byrje, saman med Monsens revelje, som tek føre seg varslarsaker der arbeidsgjevar (med god støtte frå det sokalla rettsapparatet) har øydelagt liva og karrierane til folk som sa i frå om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Ein kan òg kaste eit blikk på styresmaktene sine valdelege handlangarar, «politiet», og sjå kva slags saker dei prioriterer. Tjuveri og valdtekter blir henlagt, medan folk blir bøtelagt over ti tusen for å «røre ved mobilen» under køyring.

Det kanskje mest openbart uriktige metanarrativet er at pressa informerer deg. Eg vil heller bruke uttrykka programmere og desinformere. Ei sak har fleire sider, men etablerte media har tendens til å berre fokusere på den sida som støttar løgnene til den rådande makta. Og er ein fyrst inne på makta, kan ein sjå på eit anna konsept som Tveit nemner i artikkelen: «malinformasjon»: informasjon som er sann, men som er politisk/psykologisk uønskt. Slik informasjon er ikkje usann eller feil, men farleg. Folk kan nemleg byrje å tenkje! Det Tveit kallar hersketeknikken til postmodernismen kan summerast opp i følgjande setning:

«Du får ikke lov til å diskutere sannhet hvis sannheten kan skade metanarrativet.»

Dei som er modige nok til å diskutere slike for makta farlege sanningar, blir møtt med påstandar om at dei spreier «farleg innhald». Slike «fritenkjarar» og «kjettarar» høyrer ikkje heime i det totalitære regimet, og må difor marginaliserast og helst teiast. Med dei mest sentrale aktørane skjer det gjerne pussige ulykker, slik som til dømes fall gjennom isen i januar månad, plutseleg innlegging på psykiatrisk sjukehus, eller uforklarlege sjølvmord som stundom bryt fysikkens lover.

I Noreg har den rådande makta opplese og vedteke at NRK har monopol på sanninga. Dei blir likevel felt i PFU gong på gong. Dette er for maktapparatet irrelevant. Det aller viktigaste kriteriet for å bli teken inn i varmen og ete kirsebær med makteliten, er lojalitet til metanarrativet. For, som Tveit skriv avslutningsvis:

«Og her har Norge tatt et langt steg i autoritær retning – uten at folk flest merker det.

For autoritære samfunn oppstår ikke bare ved at staten sensurerer. De oppstår når befolkningen lærer seg å sensurere hverandre.»

Sjå òg « ‘Farlege’ Kjetil Tveit får passet sitt påskrive av humorside på Facebook», publisert 21.august 2024, og «Nok ein grunn til å ytre seg anonymt: PST oppfordrar nordmenn til å angje ‘konspirasjonsteoretikarar’», publisert 7.januar 2026.

Kommenter innlegget