Nytale for sensur: Tankevaksinasjon og samfunnsimmunitet

Den ikkje-folkevalde presidenten for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, ser ut til å ha intensivert sin kamp mot ytringsfridommen. Dette skriv Ben Bartee i Global Research 12.januar 2026 (her henta frå Derimot). I ein «dramatisk tale» samanliknar den legeutdanna tyskaren skadeleg informasjon med eit virus som samfunnet må vaksinerast mot. Dette konseptet blir kalla prebunking, i motsetnad til debunking, som avfeiar allereie framsette påstandar som uriktige.

Dette er nytale for sensur. «Farlege» tankar skal undertrykkjast og helst sanerast vekk frå det kollektive minnet. Ingen skal tenkje sjølv, og ingen skal gjere eigne undersøkingar.

Bartee legg til at von Der Leyen sjølv var so upopulær i sitt eige land at Tyskland var det einaste EU-landet som valde å ikkje stemme på ho då ho vart nominert som EU-kommisjonspresident i 2019. Ho er diverre ikkje unik i den samanhengen.

Ho seier (omsett av Derimot-redaksjonen):

«Og til slutt trenger vi motstandskraft. Etterhvert som teknologien utvikler seg, må vi bygge opp en samfunnsmessig immunitet mot informasjonsmanipulasjon. For forskning har vist at prebunking er mer effektivt enn debunking … kort sagt er forebygging bedre enn kur.

Kanskje kan man tenke på informasjonsmanipulasjon som et virus. I stedet for å behandle en infeksjon etter at den har fått feste – det vil si debunking – er det langt bedre å vaksinere slik at kroppen blir immunisert.

Prebunking er den samme tilnærmingen. For desinformasjon er avhengig av at folk sprer den videre til andre. Det er avgjørende at folk vet hva skadelig informasjons­påvirkning er, og hvilke teknikker som ligger bak den …

Og etter hvert som kunnskapen øker, synker sjansen for at vi blir påvirket, og det bygger opp den samfunnsmessige motstandskraften vi vil trenge.»

Medan Trump-administrasjonen nyleg har kutta i amerikansk støtte til Bill Gates og hans vaksineforretning GAVI (truleg for å få nok midlar til å invadere Grønland), vil «doktor» Ursula gje hundrevis av millionar euro i EU-midlar til GAVI. Og dette har ingen av skattebetalarane i EU stemt over, like lite som dei stemde over å få Ursula som president i EU-kommisjonen. Som Bartee skriv:

«I tillegg til å selge sensur-‘vaksiner’ er von der Leyen også tilhenger av å bruke offentlige penger på å spre ekte vaksiner – herunder selvsagt mRNA-sprøyter som i realiteten ikke er vaksiner.»

Både kroppane og tankane til folket skal no altso vaksinerast. I Noreg har slik «tankevaksinasjon» og «samfunnsimmunitet» vore i bruk lenge, og kan seiast å ha vore ein heidundrande suksess. Folk flest har blitt programmert til å ta avstand frå alle tankar som bryt med metanarrativet, og denne hjernevasken er so perfekt gjennomført at det ikkje er mogleg å snakke fornuft med dei. Anten møter ein stillheit, eller, om ein pressar hardt nok, sinne. Då er vegen kort til angjeveri, sannsynlegvis på næraste politikontor.

Det den sjølverklærte eliten driv med no på 2020-talet er diverre ikkje unikt i historisk samanheng. Det same skjedde på byrjinga av 1900-talet, med etableringa av ein sentralbank og ei konsolidering av kva som er «ekte» historie. Til dømes er 1800-talskonsept som eter og fri energi blitt etsa vekk frå lærebøkene, og alle som prøver å forske på dette, blir stansa frå høgste hald.

Ein viss anleggsmekanikar frå Uskedalen i Kvinnherad prøvde i si tid å få midlar frå NTNU til å forske på fri energi, men fekk blankt avslag; slikt var ifølgje dei brot på fysikkens lover. Like etter byrja han å få problem med det lokale politiet, visstnok på grunn av sitt etter norsk standard uvanlege verdssyn. Eks-kona, som han på den tida hadde forlate til fordel for ei ny dame, jobba i det lokale politiet. Etter ein tur til venner i Italia for å feire eit bryllaup (var ein av vennene Pål Steigan?), der han visstnok hadde eit fri energi-apparat i bagasjerommet på Teslaen sin, vart han stoppa på motorvegen i Danmark og arrestert. Slik forsking på «forboden kunnskap» er med andre ord ikkje stovereint, sjølv ikkje i det 21.hundreåret.

Den same lagnaden råka i si tid Tesla, som med konstruksjonen av Wardenclyffe-tårnet hadde som intensjon å prøve å overføre energi trådlaust. Denne teknologien ville ha gjeve alle gratis straum. Visse personar i den styrtrike eliten i New York var sterkt imot dette. Midlane til forsking på fri energi vart nådelaust stoppa. Tårnet vart rive ned og selt som skrapmetall. Tesla vart ein persona non grata i USA, og då han lutfattig døydde på eit New York-hotell, kom FBI og konfiskerte størstedelen av notatbøkene hans.

Det er vel ikkje heilt utan historisk ironi at ein nordmann vel åtti år seinare vart stoppa i ein bil som bar namnet til Tesla med eit energiapparat som hadde blitt utvikla for å generere fri energi, og at denne nordmannen vart fiendegjort i det norske, «tankevaksinerte» samfunnet.

På same vis er det eliten sitt største ønske at alle gløymer konsept som ytringsfridom, kritisk tenking og det å stille viktige spørsmål. Vi kan trygt kalle tida vi lever i for mentalt og kulturelt degenerert. «Vaksinen» her er å leite opp nøyaktig den kunnskapen Ursula og hennar likesinna vil at vi ikkje skal setje oss inn i. Om det medfører problem med den rådande makta, er dette på sikt ein liten pris å betale.

Kommenter innlegget