Pasient- og brukarombod i Vestland, Jannicke Bruvik, fortel til Sykepleien 14.januar 2026 ho og hennar team får mange saker der språkutfordringar står i vegen for god behandling. Ein gjengangar i sakene er tolketenester. Bruvik legg til at ho absolutt kjenner til språkutfordringar blant helsepersonell.
Problemet er ikkje nytt. Saksyndig har ved fleire høve skrive om det urovekkjande faktum at den norske helsesektoren blir mindre norsk for kvart år som går. Stadig fleire utlendingar blir rekruttert, visstnok fordi innfødde nordmenn ikkje lenger kan, vil eller får lov til å jobbe i helsesektoren. Uavhengig av om dette er ein bevisst strategi frå høgste hald eller ikkje, so kan ein tydeleg sjå konsekvensane: Pasientar, bebuarar og brukarar døyr fordi dei og helsepersonellet ikkje forstår kvarandre.
Sjå òg «Språkproblem tok livet av to pasientar i Finnmark», publisert 28.mars 2025.
Bruvik oppsummerer situasjonen med språkutfordringar blant helsepersonell med følgjande viktige avsnitt:
«Vi har saker der pasienter får helsehjelp hjemme, hvor ansatte ikke forstår pasienten. De fanger derfor ikke opp at pasienten gir uttrykk for smerter, plager eller problemer. De fanger heller ikke opp behov for annen helsehjelp, inkludert behov for øyeblikkelig hjelp […].»
Vidare:
«Også fastleger og vikarer med annen språkbakgrunn kan ha problemer med å forstå pasientens dialekt. Det er heller ikke uvanlig at helsepersonell har så sterk aksent at pasientene ikke forstår dem.
– Vi har hørt om helsepersonell ved sykehjem som har ringt 113, men som ikke forstår spørsmålet fra 113-sentralen om pasienten puster, eller ikke klarer å svare på spørsmålet. Vi har hørt eksempler der helsepersonellet ikke klarer å oppgi adresse, avdeling eller fortelle hva problemet er når de ringer, sier hun.»
Helsedirektoratet er klare over problemet, og bad i fjor fagforeiningar og etatar om «innspill for å kartlegge språkutfordringer blant helsepersonell». Det er berre eitt problem: Ingen har full oversikt over omfanget:
«– Vi mottar saker hvor språkkunnskaper er et tema som klages på, skriver Erik Andreas Torkildsen, assisterende fylkeslege i Vestland. Ifølge ham gjelder de fleste sakene fastleger og kommunal helsetjeneste.
Statsforvalteren har ikke tall på hvor mange saker som gjelder språk, og det har heller ikke andre statsforvaltere. Men Torkildsen peker på at det finnes et «visst omfang» av ansatte med manglende språkferdigheter, særlig i sykehjem, bofellesskap og BPA-ordninger.»
Språkkrav har blitt seinka i enkelte kommunar på grunn av rekrutteringsutfordringar, ifølgje Torkildsen, og i enkelte tilfelle har helsepersonell fått avgrensa autorisasjon på grunn av språk. Bortsett frå slike sanksjonar finst det få konkrete tiltak for å betre språkferdigheitene.
For relativt få år sidan, medan eg sjølv jobba i helsesektoren, måtte faglært utanlandsk helsepersonell ta den strenge Bergenstesten for å jobbe i helsesektoren. Om denne testen framleis er i bruk, kan ein byrje å lure på. Og testen har aldri vore eit krav for ufaglærde, noko som har hatt som konsekvens at det i mange år har jobba utlendingar rundt om på sjukeheimar som knapt nok kan norsk.
Mangelen på personale i helsesektoren er i stor grad sjølvforskulda. Visse usunne element rundt om i personalgrupper har fått lov til å forpeste det psykososiale arbeidsmiljøet, og skvise ut alle som prøver å gjere arbeidsmiljøet betre, eller som kjem med kompetanse, innsikt og arbeidsetikk som er uønskt av «kjernepersonalet». Problemet er velkjent for meg, men diverre lite kjent hjå dei som ikkje har jobba i slike miljø.
Sjølve arbeidets art er ein viktig faktor til den alvorlege mangelen på helsepersonell. Men den største faktoren er den dårlege bemanninga, som har oppstått fordi direktørar på toppen ikkje eig magemål når det gjeld lønn. Dette manifesterer seg i ei grunnbemanning som er skoren inn til beinet, bebuarar som døyr av omsorgsforsømming, personale på golvet som slit seg ut og må omskolerast eller uføretrygdast – og direktørar som tener dobbelt so mykje som statsministeren. Dette er ein skandale.
Ein kan nesten byrje å lure på om helsesektoren sine språkproblem er politisk skapt fordi nokon ønskjer færre nordmenn i Noreg. Indisia er å finne i den openberre handlingslamminga til politikarar. Politikarane verken kan eller vil hjelpe helsesektoren. Dei får sine instruksar og er bundne på hender og føter. Dei vil ut og fram, og då står det norske folket – og spesielt den norske helsesektoren – i vegen.
