Auka krav til medverknadsplikt ved sjukemelding møter motstand hjå fagforeining

Sjå òg «Når sjukmelding blir flukt frå jobb og ansvar», publisert 8.november 2025.

I eit debattinnlegg publisert i FriFagbevegelse 21.januar 2026 skriv leiar og organisasjonsarbeidar frå Bygningsarbeidernes fagforening om dei nye krava til arbeidstakars medverknadsplikt under sjukefråvær, lovforslaget som Regjeringa ønskjer å vedta i år. Fristen for å skrive høyringssvar til lovforslaget er 15.mars.

For å oppsummere lovforslaget, skal det i teorien bidra til betre oppfølging og raskare tilbakeføring til arbeid ved sjukefråvær, ved å presisere at arbeidstakarar må medverke og vere i aktivitet – elles vil sjukepengane bli stansa.

Saksyndig skreiv om dette lovforslaget like før jul i fjor, i artikkelen «Strengare krav til sjukmeldte kan redde det norske arbeidslivet frå kollaps» (publisert 22.desember 2025). Der skreiv eg følgjande setningar det er verdt å hugse:

«Eit arbeidsliv der ‘alle’ anten er sjuke eller læst som dei er det, er dømt til kollaps. Eit slikt arbeidsliv er på ingen måte berekraftig.»

Sjølve formålet med Regjeringa sitt noko kontroversielle (?) lovforslag, er å gjere både arbeidsgjevars og arbeidstakars plikter ved sjukefråvær tydelegare enn dei er i dag. Fyrst og fremst har arbeidsgjevar plikt til å leggje til rette for at den tilsette kan kome tilbake i jobb, om det so er gradert sjukemelding – og arbeidstakar har i sin tur plikt til å bidra til å kome tilbake i jobb igjen. Arbeidsgjevar har tilretteleggingsplikt medan arbeidstakar har medverknadsplikt. I praksis fungerer det ikkje slik på mange arbeidsplassar, spesielt i helsesektoren, der eg sjølv jobba i 17 år.

Som eg skreiv i nemnde artikkel, er ikkje ei sjukmelding «ein betalt ferie, slik enkelte ser ut til å tru. Det er eit medisinsk grunngjeve betalt fråvær frå arbeidsoppgåvene, som berre unntaksvis bør setjast i verk. Slike ‘feriar’ kostar samfunnet milliardar og fører til dårlegare kvalitet på tenestene som arbeidsplassar leverer.»

Medan langtidsfråvær må betalast av samfunnet, altso vi skattebetalarane, må arbeidsgjevar sjølv dekkje korttidsfråvær inntil 16 kalenderdagar (den sokalla arbeidsgjevarperioden). Det er ikkje til å stikke under ein stol at dette kostar arbeidsgjevarar uhyrlege pengesummar om dei har tilsette som ser på eigenmelding og korttidssjukemelding som ein måte å «få fred» frå jobben. Enkelte tilsette har diverre slike haldningar, og dette er mange arbeidsgjevarar sitt verste mareritt.

Min eigen arbeidsgjevar (i privat sektor) valde for ei tid tilbake å redusere talet eigenmeldingsdagar frå IA-nivå til folketrygdnivå – frå 24 dagar i løpet av 12 månader, åtte dagar samanhengande, til berre 12 dagar (inntil tre dagar eigenmelding, opptil fire gonger i løpet av eit år). Dette kan ha blitt gjort fordi enkelte tilsette har misbrukt eigenmeldingsordninga, men har aldri blitt bekrefta av toppleiinga. Å seie rett ut at ein ikkje stoler på sine tilsette er rekna som uhøfleg, sjølv om handlinga i seg sjølv talar meir tydeleg enn ord ville ha gjort.

For å gå tilbake til debattinnlegget i FriFagbevegelse, som er skrive av Harald Braathen (leiar i Bygningsarbeidernes fagforening) og Li-Mei Berglid (organisasjonsarbeidar i same fagforeining), so meiner dei to at det er eit dårleg forslag frå Regjeringa si side å tydeleggjere krava til arbeidsgjevar og arbeidstakar under sjukefråvær. Dei to meiner at arbeidsgjevarar med dette lovforslaget får mandat til å overprøve sjukemeldinga til legen:

«Man flytter mer ansvar, risiko og press over på de syke, uten at arbeidsgivers plikt til reell tilrettelegging eller forebygging styrkes eller skjerpes.

For mange arbeidstakere betyr ikke dette at vi kommer raskere tilbake i jobb. I praksis betyr det at vi forsvinner raskere ut av sykefraværsstatistikken, over på arbeidsavklaringspenger, dagpenger eller uføretrygd.

Tallene for sykefravær kan se bedre ut, men man bare flytter problemet, og flere av oss risikerer å bli stående utenfor arbeidslivet, ikke i jobb.

Lavere sykefraværstall kan ikke være et mål i seg selv. Det som teller, er hvor mange som faktisk kommer tilbake i jobb. Et velferdssamfunn kan ikke bygges på at syke mennesker presses ut av statistikken i stedet for tilbake i arbeid.»

Arbeidsgjevar har i dag moglegheita til å avvise sjukmeldingar frå tilsette om dei har grunn til å mistenkje at fråværet ikkje skuldast sjukdom, til dømes ved ein betent arbeidskonflikt. Slik systemet fungerer (?) i dag, må den tilsette gå utan sjukepengar medan Nav bruker ekstremt lang tid på å behandle saka. Dette vil for dei aller fleste langtidssjukmeldte tilsette medføre alvorlege økonomiske utfordringar, i tillegg til sjukdommen som dei allereie har, og som har gjort dei ute av stand til å fungere på arbeid. Lovforslaget kan i teorien føre til fleire slike uheldige situasjonar fordi arbeidsgjevarar kan hevde at den tilsette ikkje har medverka nok.

Braathen og Berglid konkluderer:

«Det eneste disse endringene vil bidra med, er å støtte opp under Høyres stigmatisering og mistenkeliggjøring av syke, som vi også, nok en gang, ser i landsmøteforslagene deres: Svekke fagforeninger og kutte i sykelønna for å kutte i skatt og velferd.»

For å vere nådelaust ærleg: ein arbeidsgjevar har ikkje bruk for ein langtidssjukemeldt kollega, og vil alltid prøve alle triks i boka for å anten tvinge vedkomande tilbake på jobb, eller bli kvitt personen. Ei slik dårleg behandling av sjuke tilsette kan føre til omdømmetap på sikt, men kan gjere både rekneskapen og resten av personalgruppa betre. Dei tilsette vil sjå kva som skjer med tilsette som aldri kjem tilbake frå ei sjukemelding, og gjerne gjere eigne tiltak for å unngå at det same skjer med dei sjølve.

Men det som kostar arbeidsgjevar mest, er korttidsfråvær. Tilsette som i tide og utide er vekke med eigenmeldingar, «sjuke barn», eller er korttidssjukmeldte frå tid til anna, genererer utgifter som over tid kan føre til at arbeidsgjevar må stramme inn i visse delar av drifta. Til dømes innstramming på talet eigenmeldingsdagar, eller rett og slett reduksjon av grunnbemanninga.

Om ting verkeleg eskalerer, snakkar vi konkurs og masseoppseiingar. Då står alle utan jobb og inntekt, òg dei som ikkje har utnytta systemet og skulka jobben. Og det er vel ikkje so veldig rettferdig?

Kommenter innlegget