Det vil nok falle enkelte tungt for brystet at store fordelar er ingen bakdel. Samfunnet treng slike blikkfang å kvile auga på når dommedag og ein totalitær verdsorden ventar rundt neste hjørne. Mange Karrierekvinner ® hadde nok ikkje hatt den eksponeringa og posisjonen dei har i dag, hadde det ikkje vore for dei to faste følgjesveinane som «alle» vender blikket mot når dei snakkar med dei. Eit naturleg døme her er NSF-leiar Lill Sverresdatter Larsen. Hennar prominente byste er ein fryd for auget, og ligg på topp fem-lista over perfekte frontparti. For å seie det sånn: det er to vektige, struttande grunnar til at ho er NSF-leiar og er å sjå i media fleire gonger i veka.
Av og til kan det derimot bli for mykje av det gode. I puberteten kan det skje ting med kroppen som ikkje alltid er passande for vaksenlivet. Ikkje alle er komfortable med å bli glant på av gud og kvarmann på grunn av sitt dominerande brystparti, og for enkelte kan dette medføre eit liv med ufriviljug eksponering og ei kjensle av at det er brysta som styrer kroppen og ikkje omvendt. Eit liv med store puppar er ikkje for kven som helst. Eit liv med altfor store puppar er for dei spesielt interesserte.
Som 15-åring såg ikkje Ros Mari føre seg at puppane hennar skulle konspirere mot ho. So fort ho bikka 16 og vart «lovleg vare», derimot, so byrja det tidlegare flate brystet å ese ut – visstnok til absurde proporsjonar. Hennar puppeliv har vore sopass utfordrande at ho like godt gjekk til Dagbladet med det. Med hennar eigne ord (uthevingane er i originalartikkelen):
«Jeg drev med friidrett, hestesport, dans og jogging. Kroppen var sterk. Men brystene vokste – og ble et hinder. Mamma og pappa trøstet meg med at puppene sluttet nok å vokse innen jeg var 18 år.
Men det gjorde de neimenn ikke og det var mye grining i hjemmet vårt, for på den tida (slutten av 70-tallet) så var det skralt med tilbud på sports-BHer.
Så tida gikk og det ble mindre jogging, for hvem orker å jogge når puppene nærmest klasker deg i ansiktet? Og det ble heller ikke noe særlig spennende da jeg havnet i arbeidslivet, og særskilt menn snakket til brystkassa mi, og jeg hadde lyst til å si: ‘Hallo, jeg er her oppe!’»
Saksyndig kjenner personleg minst éi dame som har vore sopass framtung at ho har gjennomført brystreduksjon. Hennar puppar var derimot ikkje so store at mammografimaskiner fall sidelengs i golvet. Då Ros Mari som 60-åring, etter eit liv med konstant eksponering, glaning, sikling og slibrige kommentarar frå stakkarslege tassar, tigga om å få redusert dei enorme jura, fekk ho følgjande beskjed frå dama ved det private sjukehuset:
«Slank deg 30 kilo, så skal vi vurdere å gjøre inngrepet.»
Ho vurderte at Ros Mari var i «en sørgelig situasjon når det gjaldt vekt og store pupper». Men vekta hennar hadde lite å gjere med dei gigantiske daiane. Dette fall nok Ros Mari tungt for brystet (eller brysta i fleirtal sidan ho jo har to av dei). Ho fortel vidare:
«Ting gikk ikke akkurat noe bedre hos legen. Han begynte å le da jeg forklarte at det er innmari vanskelig å få fatt i en BH i min størrelse og at de koster flesk. Det er ikke så vanskelig å forstå hvorfor, når de er på størrelse med en liten fallskjerm og kan brukes som lue- eller ørevarmere på vinteren.»
Eg tenkjer meg at legen ikkje såg ho so mykje i auga når han prata med ho. Og kva slags mann kan late vere å vende blikket mot store puppar? Det er akkurat som om dei har eit eige gravitasjonsfelt, som automatisk trekkjer blikket mot seg. Som eit svart hol i universet med so sterk tyngdekraft at sjølv ikkje lys (og syn) kan sleppe unna.
Og vidare:
«Så her sitter jeg i en fallskjerm av en BH som en hyggelig butikkansatt i Haugesund solgte meg. Da jeg var i butikken, fikk jeg til og med og med kommentarer av noen mye eldre damer at: ‘Det må da være veldig tungt å bære rundt på de brystene dine?’.»
Vel, har ho greidd det i 45 år, greier ho det nok òg resten av livet. Brystreduksjon vil neppe bli innvilga, på det grunnlag at då vil samfunnet misse ei viktig… kva skal vi kalle det… motivasjonskraft? Om NSF-Lill hadde kirurgisk redusert sine puppar, eller – Gud forby! – mist dei på grunn av brystkreft, hadde det sannsynlegvis blitt landesorg. NSF hadde nok opplevd ei masseutmelding av sine mannlege sjukepleiarar, medan dei kvinnelege helst såg at ein ny, like barmfager leiar vart installert.
Eit gammalt ordtak seier at mannens ukontrollerte ereksjon har styrt verdsutviklinga i tre tusen år. Men det finst to gode grunnar til at ereksjonen oppstår i fyrste omgang. Damer utan puppar er eit tragisk syn og ein hån av naturen. Damer med for store puppar vippar (veltar?) då over i den andre enden av det ekstreme. Det finst ein gyllen middelveg, og iallfall eit gyllent middelbryst. Her vil Lill vere ei viktig ledestjerne i åra som kjem, der hennar to faste følgjesveinar vil vere eit naturleg blikkfang same kor ho går.
