Stadig fleire nordmenn uttrykkjer manglande tillit til maktstrukturen som er kjent som Staten. Staten på si side krev at alle skal ha tillit til den, sjølv om handlingane dette maktapparatet utfører ikkje på nokon måte er tillitvekkjande. Staten ser ut til å frykte mest av alt at enkelte individ ser gjennom dette narrespelet, og prøver å åtvare andre individ. Dette blir sett på som ein sopass sterk trugsel at tryggleikspolitiet (PST) må intervenere. Dette ser vi mange døme på i det tidlegare demokratiet Noreg.
No i januar 2026 ser maktapparatet – via sine lakeiar i etablerte media (altso propagandaapparatet) – ut til å ville kople alvorleg psykisk sjukdom og straffbare handlingar til «avvikande» politiske meiningar. Mellom anna vart skyteepisoden på Jæren i romjula 2024 trekt fram over eit år seinare i ein NRK-artikkel om «antistatlege» haldningar. Her er «antistatleg» nytale for all kritikk av Staten, rettmessig og urettmessig.
Dette burde vere sjølvinnlysande: Eit maktapparat som heile tida må køyre psykologisk krigføring og manipulasjonsprosjekt på sitt eige folk, er sannsynlegvis ikkje til å stole på. Ville du ha stolt på nokon som heile tida lyg deg opp i ansiktet?
Sjå òg «Nok ein grunn til å ytre seg anonymt: PST oppfordrar nordmenn til å angje ‘konspirasjonsteoretikarar’», publisert 7.januar 2026.
I ein artikkel publisert 21.januar 2026 på nettstaden Lov og helse skriv Terje Hansen at Staten er livredd for ei oppvakt og kritisk befolkning. Det å trekkje fram sopass ekstreme og uvanlege hendingar som eit drap og kople det til «konspirasjonsteoriar», er å ignorere ei langt meir sannsynleg årsak til at slikt skjer. Det er langt større sannsyn for at nokon skyt ein politimann fordi dei sjølve er alvorleg psykisk sjuk (i psykose), enn at dei er kritiske til alle løgnene Staten konstant spyr ut. Men den psykiatriske biten blir liksom plassert i det mørkaste hjørnet i rommet.
Med Hansen sine ord:
«Hvis man ikke skjønner, eller overser med vilje dette, men i stedet velger ut et helt spesielt politisk standpunkt, eller enda mer verre, medisinsk innstilling (som egentlig ikke en gang har noe med politikk å gjøre) som skal defineres som selve årsaken, så gjør man et grovt angrep på demokratiet.»
Noreg har eit falskt demokrati. Eg omtalar ofte dette landet som «det tidlegare demokratiet Noreg», og med god grunn. I eit ekte demokrati er ytringsfridommen meir eller mindre absolutt. Òg det som Staten ikkje likar kan ein ytre utan frykt for å misse jobben, helsa og til slutt livet. Slik Hansen formulerer det, er kjenneteikna på eit ekte demokrati følgjande (uthevingar er hans eigne):
«[…] et samfunn med en opplyst befolkning, med reell ytringsfrihet, åpen debatt hvor nærmest alt kan debatteres på en redelig måte, hvor alle sider får komme frem, og hvor maktkritikk og maktovervåkenhet er utbredd i hele befolkningen og til og med anerkjennes av maktstrukturene selv som helt avgjørende for demokratiet.»
Noreg har derimot eit falskt demokrati:
«[…] et samfunn hvor de såkalte demokratiske institusjoner er helt tomme for reelt demokratisk innhold, der sannheten aldri reelt sett undersøkes men erklæres i konsensusvedtak, der nysgjerrighet for andre meninger eller det som er ‘annerledes’ er utradert fra samfunnet, der informasjonsstrømmen er nærmest et monopol, der man skal hindre befolkningen og unge i å i det hele tatt støte på alternative synspunkter (altså sensur), og hvor både avvikende meninger fra konsensus og maktkritikk psykeliggjøres [sic] og erklæres som ekstremisme. Det kunne egentlig holdt med å si at et falsk demokrati er på plass når myndihetsapparatet [sic] bomber befolkningen med kognitive krigførings- og manipulasjonsprosjekter på løpende bånd.»
Hansen kallar ekte demokrati for A, og falskt demokrati for B. Etablissementet sitt viktigaste mål er å hindre at A oppstår. Og her kjem PST inn i biletet:
«PST er et av etablissementets viktigste verktøy på vegne av maktstrukturene i B for å bekjempe potensialet for å oppnå A, og de har mange verktøy. Ordet ‘konspirasjonsteori’ er et av de viktigste verktøyene. Et annet ord for konspirasjonsteori er ‘maktkritikk’ eller ‘maktundersøkelse’, og den mest banale, men utrolig effektive metoden for å hindre folk i dette er å snu alt på hodet – at det å ha teori om en konspirasjon i maktstrukturene defineres om til noe livsfarlig for samfunnet! Snakk om å snu verden opp-ned!
Og tenk, de har jaggu lyktes, 9 av 10 nordmenn er hjernevasket til å tro på dette tøvet i dag!»
Verktøyskrinet som etablissementet bruker til å hjernevaske det norske folket har altso som einaste funksjon å hindre folk i å tenkje sjølv og gjere eigne undersøkingar, altso «å hindre folk i å gå maktapparatet etter i sømmene».
Dette vil nok av etablissementet bli stempla som ein «konspirasjonsteori», men den hyppige bruken av ordet er berre eitt av mange verktøy dei har. PST har sjølv sagt at «konspirasjonsteoriar» er som gift for demokratiet. Kva er då konstant psykologisk krigføring, sensur og undertrykking/uskadeleggjering av dissidentar?
Ei ganske so stygg sak dukka opp i media no i januar 2026. Ei dotter (Christine Rehn Jensen) uttrykte bekymring for at mora var oppteken av «konspirasjonsteoriar». Faktisk vart dottera so bekymra at ho angav si eiga mor til PST. Då Agenda Magasin delte artikkelen på si Facebook-side, kom det eit innlegg som diverre er ganske representativt for den hjernevaska norske saueflokken. Ei kvinne ved namn Hilde Schønning Asplin antyda at dei som spreier «konspirasjonsteoriar» er ueigna til å ha barn, og at nokon burde gripe inn:
«Hvordan kan vi forstå folk med helt crazy idéer? Jeg tror disse folkene har mye redsel og sliter psykisk. De klamrer seg urokkelig fast i disse ideene. Det blir ekstra ille når de har barn de overfører disse tankene og redselen til. Barn blir forvirret. Tenker kanskje noen bør gripe inn da, men hvordan?»
Det er ei kjent sak at slike personar sender anonyme bekymringsmeldingar til Barnevernet, spesielt om mor eller far til barna uttrykkjer skepsis til vaksinar. Lesaren blir her oppfordra til å setje seg inn i historia om Per Einar Guthus og hans mangeårige kamp mot Barnevernet, rettsvesenet og makteliten i Tønsberg. Historia hans er berre éi av mange om korleis eit individ plutseleg får «systemet» mot seg etter å ha kome med rettmessig kritikk av det – ofte på grunn av at deira medmenneske angjev dei.
Under eit slikt totalitært regime er det ikkje uforståeleg at ei kvinne vel å kaste si eiga mor under bussen – i full offentlegheit, og med etablerte media som lydige mikrofonstativ. Kjetil Tveit publiserte 23.januar 2026 ein artikkel på sin Substack med den særs passande tittelen «Når ‘omsorg’ blir våpen: å ofre sine egne for å få applaus». Artikkelen han skriv om framstiller denne avskyelege angjevarhandlinga som «kjærleik», men er i røynda sosial lydigheit. For å klatre i den sosiale rangstigen no på 2020-talet, må ein ta avstand frå dei som med rette uttrykkjer mistillit til maktapparatet, sjølv om bevismengda er overveldande. Sanning er irrelevant – konsensus tydar alt.
Staten har gjennom sine handlingar og haldningar bevist at den ikkje fortener tillit. Ingen ved sine fulle fem burde nokosinne stole på dette hjarterå, psykopatiske maktapparatet, som med skremmande effektivitet knuser dei som talar dei imot. Avslutningsvis gjengjev eg her Hansen sine ord frå Lov og helse sin artikkel:
«[…] det er vedtatt ved nærmest dekret at du skal ha tillitt til staten, du skal ha respekt for staten og du skal rett og slett LIKE staten. Hvis ikke kommer sikkerhetspolitiet.»
