Eg skal i denne artikkelen ta føre meg tre stader som for lesaren kan verke tilfeldige. Den fyrste staden er den for bergensarane velkjende utestaden Fotballpuben, som ligg like ved steintrappa som fører frå sentrum og opp til Johanneskirken på Nygårdshøyden. Utestaden er fyrst og fremst kjent for rølp, fyll og sex på toaletta – og er faktisk den einaste utestaden i Noreg som har eksplisitt forbod mot toalettsex.
Den andre staden er Andy’s pub i tjukkaste Oslo, like ved Stortinget. Utestaden har i likskap med Fotballpuben vore ein del av bybiletet i dei to storbyane sidan 1990-talet, og har overlevd alt frå finanskrise til pandemi. Alle som tek turen til Oslo og likevel må vere der eit par dagar, bør rekne utestaden som ein obligatorisk del av pub-til-pub-runden i verdas dyraste by.
Den tredje staden vil for lesaren framstå som ein smule absurd. Kan alle som har høyrt om staden Eikemofoss rekkje handa i vêret? Om eg hadde spurt ein svær sal – eit auditorium – dette spørsmålet, ville eg truleg ha blitt møtt med stillheit og lyden av sirissar. Eikemofoss er ei lita husklynge i Masfjorden kommune nord for Bergen, den nordlegaste kommunen i det tidlegare fylket Hordaland. Kommunen er ganske liten, men er ein sokalla kraftkommune. Av interesse er det der Motvind Noreg har ein bastion av viktige støttespelarar, og det var der Bjørn West-gjengen førde sin motstandskamp mot den nazistiske okkupasjonsmakta. Fjella er nemleg perfekte skjulestader når fienden er ute etter deg.
Fotballpuben og Andy’s pub høyrer naturleg saman, men ein kan ikkje seie det same om Eikemofoss. Det som derimot er eit sentralt trekk hjå alle tre, er at bygningane har ein kjellar. Og det er her sakens kjerne ligg. Dei tre stadene er knytt saman på ein måte som lesaren kanskje ikkje utan vidare kan resonnere seg fram til.
Eg vil her trekkje inn eit namn som for lesaren nok vil vekkje minne – både gode og vonde. Kvinna som på Saksyndig var kjent under namnet «Josefine Bru» hadde omfattande kunnskapar om dei tre stadene. Den siste tida før ho tok sitt eige liv i august 2024, budde ho i eit gammalt hus på nettopp Eikemofoss. Ho reiste offisielt aldri nokon stad, anna enn til Spar-butikken på Hosteland, eller til Knarvik om ho trong andre ting enn matvarer.
Uoffisielt var ho ofte å sjå på Fotballpuben og Andy’s pub – pussig nok same ettermiddag. For alle som kjenner avstanden mellom Bergen og Oslo, er slikt eit stunt umogleg. Likevel har Saksyndig biletdokumentasjon på at «Josefine», med sitt karakteristiske raude hår i søt bollefrisyre, er å sjå i lokala til Fotballpuben og Andy’s pub med 45 minutts mellomrom. Barrekningar som Saksyndig via diverse kjelder har fått tak i, viser at Josefine ein vakker dag i juni 2024 kjøpte ein pils på Fotballpuben klokka 14:08, og ein pils på Andy’s pub klokka 15:13. Same dag klokka 11:18 viser ei kvittering frå Spar-butikken på Hosteland at ho handla matvarer der.
Å køyre frå Masfjorden til Bergen er ikkje langt, og Eikemofoss ligg om lag 15 minutt frå E39. Om føret er skapleg, slik det jo er i juni månad, kan ein enkelt køyre frå Eikemofoss til Bergen busstasjon på under to timar. Ho kan fint handle på Spar-butikken på Hosteland i 11-tida, og so rekkje å ta seg ein pils på Fotballpuben i 14-tida same dag. Bilen står då naturlegvis i parkeringshus, og ho tek ei natt på hotell.
Då er det verre å kome seg frå Fotballpuben i Bergen til Andy’s pub i Oslo på litt over ein time. Det er rett og slett umogleg. Fly frå Bergen til Oslo tek mellom 45 minutt og ein time, men alle som har floge veit at det tek mykje tid å kome seg til flyplassen og vente. Flyplassane ligg relativt langt frå sentrum, spesielt den til Oslo.
Og her blir historia desto meir ubegripeleg. Josefine kjøpte sjokolade på Freia-butikken på Karl Johan klokka 17:18. Klokka 17:35 kjøpte ho derimot to cheeseburgarar på McDonald’s på Torgallmenningen – i Bergen. Vitne seier at ho deretter gjekk inn på Fotballpuben igjen – og ingen såg ho meir den dagen. Neste dag, 12:11, fylte ho diesel på bensinstasjonen på Hosteland (rett over vegen frå Spar-butikken).
Her vil nok lesaren trekkje konklusjonen at vi har med eit brot på fysikkens lover å gjere. Josefine har vore i to byar same ettermiddag, byar som ligg fleire hundre kilometer frå kvarandre. Her finst berre éi forklaring: Den tidlegare Saksyndig-bidragsytaren har nytta seg av eit nettverk av portalar.
Fenomenet vil nok få dei fleste til å riste låttmilde på hovudet. Men konseptet har blitt dokumentert via fleire topphemmelege prosjekt gjort av CIA under Den kalde krigen. Til og med tidsreiser skal ha blitt gjennomført, der friviljuge har utsett seg for stor personleg fare og i fleire tilfelle mist livet. Dette dreiar seg derimot om eldgamle «snarvegar» som kan ha eksistert allereie tilbake i seinmellomalderen.
Saksyndig-redaktøren har so å seie ingen fysikkunnskapar. Det hadde for den del heller ikkje Josefine. Men ho gav uttrykk for at ho var i kontakt med enkelte spirituelle skapningar, og det var ikkje utenkjeleg sånn sett at ein av dei visste ho portalen på Eikemofoss, og korleis ho kunne få tilgang både til Fotballpuben og Andy’s pub. Ho dreiv med mykje rart, kan ein trygt seie – spesielt på slutten.
Dagleg leiar på Fotballpuben vil naturlegvis nekte for at der finst ein portal i kjellaren, truleg skjult i eit mørkt hjørne eller bak ein stabel ølfat. Det same vil nok dagleg leiar på Andy’s pub. Det vesle huset på Eikemofoss, derimot, sit på heile løysinga til dette spirituelle puslespelet. Eigaren av huset, som her ønskjer å vere anonym, bekreftar at kvinna ved namn «Josefine» leigde huset i 2024 og fram til sin plutselege bortgang. Kjellaren var derimot ein stad huseigaren aldri sette sine bein på grunn av den trykkjande, uhyggjelege stemninga der.
Saksyndig-redaktøren har vore på rekognosering i området, nylegast i mai 2025. Huset er ikkje synleg frå hovudvegen, men ligg eit stykke oppi den smale dalen, forbi sjølve fossen som har gjeve namn til staden. Det bur ikkje lenger folk i huset, som no framstår som ei falleferdig rønne. Slike hus er det diverre ein del av i Masfjorden, sidan kommunen er truga av fråflytting. Eit hus nokre kilometer lenger vest har ikkje eingong tilkomstveg, og taket har for lengst rast saman. Det skal her nemnast at tilkomstvegen til huset som Josefine budde i er sperra av ein kjetting med eit handlaga skilt der det står «privat veg». Ein kjem ikkje nærare huset enn hundre meter. Grunneigar og huseigar vil tydelegvis ikkje at nyfikne Saksyndig-lesarar skal snoke rundt.
I juli 2025 var eg sjølv på Andy’s pub i samband med eit ærend i Oslo. Eg såg då ingenting som likna på portalar i kjellaren, anna enn ei og anna låst dør. Det einaste pussige med mine til saman tre besøk på utestaden, var at det knapt var eit menneske der på høgste sommar, i 18-tida om kvelden.
Til no kan vi konkludere at Fotballpuben, Andy’s pub og Eikemofoss sit på løyndommar som dei ikkje ønskjer å dele med oss. Dette er ikkje noko nytt. Slik forboden kunnskap har alltid blitt forsøkt halden skjult for folk flest – deira små, trongsynte, hjernevaska hovud taklar ikkje slikt. Då er det tryggare med Maskorama, Skal vi danse og endelaus skrolling på TikTok. Og dersom nokon stiller «feil» spørsmål, er vegen kort til snikmelding hjå PST og Barnevernet.
