Å sjå på vanleg TV i dag er ei utfordring for mange tenkjande menneske. Både på grunn av sjølve innhaldet i programma, men òg på grunn av dei stadige reklamepausane som avbryt programma. Reklame er det so mykje av at ein kan byrje å lure på kva som eigentleg skjer: Er det TV-programma som blir avbrotne av reklamepausar, eller reklamepausane som blir avbrotne av TV-program? Hadde det vore opp til det reklame-industrielle komplekset, hadde det nok ikkje blitt sendt noko anna enn reklamar på TV.
Eg sjølv ser aldri på vanleg TV. Reklamar har om lag 50% av skulda for det. Resten kan skuldast på at eg verken likar eller interesserer meg for vanleg TV. Eg er ikkje interessert i verken sport, reality-TV eller ekstrem oppussing. Eg føretrekkjer å streame, for på YouTube og dei «usensurerte» plattformene er det mykje interessant å sjå. YouTube har reklamepausar, men desse kan blokkerast fullstendig ved å streame via nettlesaren Brave. (Reklameprodusentar vil utan tvil hate meg for å avsløre denne «forbodne» kunnskapen!)
Då eg såg vanleg TV for mange år sidan, var reklamepausane eit irriterande innslag som forpesta og forderva. At folk flest blir fôra med denne hjernevaskande propagandaen forklarer kvifor samfunnet fungerer slik det gjer i dag. Folk kler seg likt, snakkar likt og oppfører seg likt. For å presisere: Dei kler seg, snakkar og oppfører seg like dårleg.
Reklameprodusentar og seljarar veit kva knappar dei skal trykkje på for å få selt mest mogleg av varene sine. Her står konseptet FOMO sentralt – fear of missing out, frykta for å gå glipp av noko. Går ein vel ti år tilbake i tid, var det ein reklame om ein mann som gjekk glipp av eit TV-program med noko som heitte «Silver Hand». Han vart mobba av kollegaene, fekk armen biten av då han var ute og sumde (!) og døydde einsam og bitter på sjukeheim. Reklamen var sjokkerande, og eg sjølv sendte inn klage til produsenten. Eg fekk aldri noko svar. Saka speler sopass lita rolle for meg i dag at eg har gløymt kva slags produkt det var reklame for, og kven som faktisk var produsenten.
Går ein tilbake til 2000-2001, hadde Xbox ein endå meir sjokkerande reklame. Ein baby blir skoten som ei kanonkule ut av ei fødande kvinne, og fer gjennom lufta i ein slik fart at han eldast hyperraskt. Skrika får ein djupare valør, ein ser kroppen vekse, og til slutt grå hår kome. Til slutt krasjlandar oldingen i ei grav. Teksten «life’s too short, play more» kjem på skjermen. Å ikkje spele Xbox er altso det same som å kaste vekk livet sitt. Denne reklamen var det fleire som klaga på, spesielt gravide damer, og det høyrer med til historia at den til slutt vart forboden i Storbritannia.
Ein annan ikkje fullt so sjokkerande reklame for Rema 1000 handlar om ein fyr som bur i eit sokalla smarthus, der alle funksjonar kan aktiverast ved hjelp av munnlege kommandoar. Han er hjå tannlegen og får lokalbedøving for å utføre tannbehandling. Når han kjem heim «forstår» ikkje smarthuset han, slik at han står på trappa i øsregnet og kjem seg ikkje inn. «Det enkle er ofte det beste», er slagordet. Dette var rundt 2016. I dag ville denne reklamen truleg ikkje blitt laga, for kunstig intelligens og smarthus har no blitt noko «alle» må bruke og ha. Dei som kritiserer kunstig intelligens (og andre aspekt ved Den nye verdsordenen ®) blir sett på som ein trugsel mot den noverande samfunnsordenen, og må helst døy – gjerne åleine på sjukeheim med berre éi hand.
Terje Sørensen og KI-vennen fekk 10.februar 2026 publisert ein kort artikkel om nettopp reklamar. I likskap med Saksyndig-redaktøren har han ikkje eit positivt syn på reklamar, og gjer det som truleg folk flest gjer når reklamane invaderer deira private sfære: Ser vekk, eller gjer noko anna til reklamepausen er forbi. Sørensen (og KI-vennen) oppsummerer tonen som ser ut til å rå i bortimot alle reklamar:
«Du er dum. Vi er smarte. Kjøp nå.»
Han skriv:
«Etter hvert slutter vi å bli irritert og begynner å bli fascinert. Hvem er disse reklamene laget for? Et vesen som aldri har møtt virkeligheten? Et menneske uten hukommelse, smak, ironi eller selvrespekt? En slags voksen baby med kredittkort?»
Det beste, slik han (dei?) antydar, er å ikkje kjøpe noko som blir reklamert for på TV. Spesielt ikkje om reklamane er irriterande, sjokkerande eller undervurderer intelligensen til sjåaren. Det blir antyda at TV-produsentane har oppdaga at sjåarane er dummare enn dei sjølve. Eg kan berre snakke for meg sjølv når eg seier at dette ikkje stemmer. Dei er kanskje smarte nok til å jobbe innan TV og reklame, men er ein god innan eitt område, er ein gjerne dårleg innan andre. Og korleis er arbeidsforholda og turnoveren innan reklamebransjen?
Når det gjeld effekten reklamar har hatt på meg sjølv, bestemte eg meg i 2000-2001 at eg aldri i verda skulle spele Xbox. Og det var berre på grunn av reklamen om babyen som fauk i hyperfart gjennom lufta og døydde som ein gammal mann. Eg boikotta heile produktet, og frårådde vennene mine å kjøpe produkt frå det selskapet. Ingen høyrde på meg, kanskje bortsett frå dei som allereie føretrekte Nintendo eller PC-spel. Ved å ikkje spele Xbox sit eg på ingen måte med kjensla av at eg har kasta vekk livet mitt.
Avslutningsvis vil eg minne lesarane på at det reklame-industrielle komplekset berre er eitt av hovuda til den fælslege hydraen som hjernevaskar og indoktrinerer det norske folket. I ei tid der folk flest har dårleg råd fordi våre politiske leiarar foraktar oss, er det ein smule tragikomisk at reklamebransjen framleis eksisterer med sine irriterande og sjokkerande reklamar. Men slik stoda er i resten av det medie-industrielle komplekset (der hovudstraumsmedia berre er eitt av hovuda til hydraen), er nok denne greina òg i full fart på veg mot ei ventande grav.
