Steigans hjarteinfarkt: Kritikarar av aktørar i alternative media burde feie for eiga dør

Sjå òg «Pål Steigan overlevde hjarteinfarkt – trappar ned arbeidet med nettavisa» og «Dagens samfunn manglar sosialt glidemiddel», begge publisert 25.februar 2026.

I våre dagar har det tydelegvis blitt forbode å ha meiningar som avvik frå det sokalla konsensus. Hjå hovudstraumsmedia, deira medløparar og nyttige idiotar har det i praksis oppstått meiningsmonopol. Den overordna tonen ser ut til å vere «vi har rett fordi vi seier vi har rett, og de tek feil fordi vi seier at de tek feil». Dokumentasjon på kven som har rett og kven som har feil blir i beste fall underordna. Men sanksjonane blir raskt delt ut om nokon har «feil» meiningar.

Sjefredaktør i Steigan, Pål Steigan, overlevde hjarteinfarkt i midten av februar. Han antydar i si helsing til lesarane publisert 25.februar 2026 at høgt arbeidspress var den sannsynlege årsaken, spesifikt korona-prosjektet og Ukraina-krigen. Han går so langt som å samanlikne korona-nedstenginga 12.mars 2020 med 9.april, datoen Nazi-Tyskland invaderte Noreg i 1940. Når det gjeld Ukraina-krigen som vart lansert 24.februar 2022, samstundes som korona-prosjektet plutseleg tok slutt, vart Steigan med eigne ord «erklært nærmest fredløs i Norge». Han vart «lyst i bann» av Raymond Johansen og Bjørnar Moxnes, og dei «forbød ethvert samarbeid med meg eller steigan.no». Dei prøvde til og med å øydeleggje han økonomisk.

Bjørnar Moxnes stal solbriller frå Gardermoen for nokre år sidan, og vart «sjukemeldt» fordi han ikkje takla det plutselege mediepresset. Raymond Johansen var den røyrleggjarutdanna diktatoren over det korona-nedstengde Oslo i 2021. I månad etter månad var mellom anna utestader stengde, og det var nummeret før portforbod vart innført. Til slutt vart tydelegvis Raymond lei av alt gnålet om fridomsfrårøving og brot på menneskerettane, og bad til slutt folk om å smøre seg med tolmod. Etter instruksar frå sine overordna losna han til slutt det kalde korona-grepet på hovudstaden. Hadde det vore opp til han sjølv, hadde vel Oslo framleis vore nedstengt.

Og desse to hadde frekkheita til å utpeike seg som moralens vaktarar, og dømme Pål Steigan nord og ned fordi han har andre meiningar enn dei sjølve. Dei burde feie for eiga dør. Dei har høgst sannsynleg langt fleire skjelett i skapa enn Steigan.

Faktisk burde heile det sokalla «konsensus» i Noreg feie for eiga dør, spesielt i våre Epstein-fil-dagar. Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland prøvde visstnok å ta sitt eige liv på om lag same tid som Steigan fekk sitt hjarteinfarkt. 17.februar skal «utvalgte redaktører» ha motteke eit brev frå Jaglands advokat der han oppfordra redaksjonane til å ikkje omtale sjølvmordsforsøket. Difor gjekk det over ei veke før norsk presse informerte om dette. iNyheter var fyrst ute med denne bomba, so for éin gongs skuld skal offiser Lurås ha honnør for viktig informasjonsarbeid.

Steigan og Jagland representerer her to ytterpunkt. Jagland var del av eliten og menga seg med seksualforbrytaren og Mossad-agenten Epstein. Steigan, tidlegare leksikonredaktør, har frå dag éin drive reieleg og etterretteleg informasjonsarbeid. At begge to nærast same dag skulle bli råka av særs alvorlege hendingar som nesten kosta dei livet, kan vere tilfeldig. Det kan òg vere fare for at nokon bestemte seg for at dei måtte bli mint om at dei berre er vanlege døyelege. I eit samfunn med reell ytringsfridom og eit sunt meiningsklima, hadde slike ting gjerne ikkje skjedd.

Eg meiner at vi i alternative media til no har vore storsinna. Vi har vore dei vaksne. «Barna» har fått lov til å styre på og drite seg ut i full offentlegheit, men diverre utan at so altfor mange reagerer. Historia vil gje oss rett, og vi vil sigre. Diverre blir historia fyrst skriven lenge etter at vi er døde, og kanskje ikkje av dei som er upartiske. Medan Jagland vil ta skamma og sitt øydelagde rykte med seg i grava, er Johansen og Moxnes framleis å rekne som «heltar», sjølv om dei er det stikk motsette. Store nok skandalar har enno ikkje råka dei, sjølv om eg uttrykkjer ei viss forbausing over at folket tilgjev solbrilletjuveri og halding av ein heil by som korona-gissel.

For å sitere meg sjølv frå artikkelen min om mangelen på sosialt glidemiddel:

«Det som tidlegare vart rekna som meiningsskilnader, har no utvikla seg til skyttargravskrigar der motparten blir snakka om, men aldri med. Å erkjenne eigne feil og manglar eller ta den minste sjølvkritikk, blir ‘umogleg’. Egoet er for stort

Hadde Pål Steigan gått bort, ville truleg hovudstraumsmedia ha fryda seg i samla flokk. Men diverre for dei, so overlevde han. Andre motstandsmenn har ikkje vore fullt so heldige. Aldri gløym Hans Gaarder og Kurt Oddekalv.

Kommenter innlegget