Dette er ei novelle. Alle personar og faste plassar er oppdikta. Biletet er KI-generert.
Etter nesten tre månader med absurd, unaturleg sprengkulde er mildvêret og regnet omsider tilbake i Bergen. Det er akkurat som eit iskaldt teppe har blitt løfta frå byen mellom dei sju fjell, og folk trekkjer sukk av lette der dei spaserer rundt om i bygatene. Jentene har atter ein gong trekt i sine søte, grønlege regnponchoar og svarte treningstights, og paraplyar er å sjå same kor ein vender blikket.
R.E.M. dunkar alternativ-kjærleg i veggane på den inni helvete populære utestaden Folk & Røvere i koselege Skostredet. Brunette-bartender-berta Astrid med den søte striledialekten og dei vakre perleøyredobbane står jentemyndig bak disken og gnikkar på eit halvliterglas. Ho er som alltid kledd i ein mørkegrå hettegenser som ser litt for stor ut til ho. Klokka er slegen to denne våte, dovne ettermiddagen. Lokalet er nesten fullt. I dagens miserable samfunn har ingen betre ting å gjere enn å drukne sorgene i altfor dyr øl. Nokre modige sjeler har til og med bestemt seg for å ta utepils, sjølv om det er tre grader og regn.
Ein stakkarsleg tass i Dressmann-finskjorte bælmar i seg siste munnfull av Ægir IPA, før han tuslar bort til bardisken. Han ser med tiggande hundeauge på jenta, som er minst eit hovud høgare enn han.
«Vil du ha ein til?» spør ho med hovudet lett på skakke.
«Jaaaa…» stønnar han. «Eg lover å oppføre meg. Sjølv kveitebollar kan vere snille gutar om dei går inn for det.»
«Ja, du veit kva som skjer om du ikkje oppfører deg.» Eit kaldt smil i det ho byrjar å tappe det bronsefarga ølet ned i det reingnikka glaset.
«Eg lover…» stønnar han. «Kjære, søte, snille, mektige Astrid.»
Jenta flirer stille for seg sjølv medan ho landar glaset på disken. Mannen betaler, grafsar til seg ølen og tuslar tilbake til plassen sin. Ho grip eit nytt glas og byrjar å gnikke på det. Eit lukka, herleg reservert smil pyntar ansiktet hennar.
Brått dukkar to kjenningar opp i lokalet. Astrid kjenner dei igjen og smilet forsvinn frå ansiktet hennar. Det er Pål Christian og Jan Terje, dei to mennene som gjorde eit fullstendig talentlaust forsøk på å sjekke ho opp nyleg. Ho mønstrar dei frå topp til tå med sine nøttebrune auge. Dei ser på ho med lett skjemde, fårete smil.
«God ettermiddag,» seier Pål Christian medan han opnar Dressmann-frakken.
«God ettermiddag,» svarer Astrid med søt verdigheit.
«Fyrst av alt vil vi berre beklage åtferda vår sist vi var her,» seier Pål Christian medan Jan Terje ser ned i golvet. «Nokre gonger vinn demonane.»
«Det er vatn under brua,» seier ho. «Regel nummer éin når du er bartender er at ein startar kvar vakt med blanke ark.» Ho vender lett på ølglaset ho held i hendene. «Ein Ægir IPA på kvar?»
«Du tok orda ut av munnen min, Astrid.» Pål Christian og Jan Terje vekslar blikk.
Ho grip lett i spaken på tappetårnet. Ølet byrjar å spytte og frese. Ho får ei lett rynke mellom dei vakre jenteauga.
«Hm, eg må skifte fat,» seier ho. «Det tek nokre minutt. Set dykk ved eit ledig bord, og so kjem eg bort til dykk med ølen.»
«Den er grei,» seier Pål Christian. Han og Jan Terje set seg borte ved vindauget på det som viser seg å vere dei to einaste ledige stolane i lokalet.
Medan Astrid står på kne på golvet med den spretne rumpa i vêret, kjem ein gammal kall på minst 80 inn i lokalet, berande på ein paraply og dagens Bergens Tidende. Han ser bort på dei to mennene og dei grå auga lynar. Han kremtar, rettar seg opp og går med raske steg bort til dei. Dei to mennene ser på han med hovuda lett på skakke.
«Kan vi hjelpe deg, bestefar?» spør Pål Christian.
«Dette er min plass,» seier den gamle mannen. «Eg har sete her sidan puben opna i 2009.»
«Javel, ja?» spør Jan Terje. «Har du reservert denne plassen? Det står ingen namn her.»
«Vel, men dette er likevel min plass,» seier den gamle mannen. «Det er her eg vil sitje.»
«No can do,» seier Jan Terje. «Vi kom her fyrst.»
«Ja, eg må nesten seie meg einig med kameraten min,» seier Pål Christian. «Fyrstemann til mølla får kvile ræva, eller noko i den dur.»
Tre stakkarslege tassar reiser seg frå ei sitjegruppe like ved baren i andre enden av lokalet, ymtar noko om Gyda Oddekalv, og sjagar ut av lokalet. Jan Terje nikkar mot sitjegruppa:
«No vart tre plassar ledige. Du kan setje deg der borte.»
«Eg vil ikkje sitje der,» seier den gamle mannen. «Det er trekk der borte.»
«Det er trekk i heile lokalet,» seier Jan Terje. «Døra blir jo opna tre gonger i minuttet.»
Akkurat då kjem Astrid bort til dei to med to Ægir IPA. Ho kastar eit blikk på den gamle mannen.
«Kva skjer?» spør ho.
«Dei har teke plassen min,» svarer mannen, no synleg indignert.
«Det er vel strengt teke ikkje din plass,» seier Astrid. «Lokalet er fullt, og dei kom her før deg.»
«Ja, men, likevel…» Han knyter dei skjelvande, giktbrotne nevane.
«Lat oss setje oss borte i sitjegruppa ved baren,» seier Pål Christian, før han tek ein god slurk frå ølen. «Det er betre stolar der. Her føler eg at vi sit på utstilling.»
«Her handlar det om prinsipp,» seier Jan Terje bestemt. «Vi kom her fyrst, og plassen er ikkje reservert.»
Pål Christian har allereie hoppa av den høge barstolen.
«Eg står ikkje og kranglar med ein fyr som kunne ha vore faren min om noko so banalt som ein sitjeplass,» seier han. «Vi er ikkje skuleungar. Eg har meir enn nok problem frå før av.» Han vinkar til seg Jan Terje. «Kom.»
«Her sit eg og her skal eg sitje,» seier Jan Terje bestemt.
«No er det ledig stol her,» seier Astrid og nikkar mot stolen ved sida av Jan Terje.
«Ja, men det er ikkje min stol,» seier den gamle mannen.
Astrid ser på Jan Terje, som drikk grådig frå ølen sin.
«Gidd du å flytte deg bort til kompisen din?» spør ho. Pål Christian har allereie sett seg på ein av stolane i sitjegruppa ved baren.
«Hæ?» Jan Terje flirer hånleg. «Med respekt å melde, so byrjar dette å bli litt for dumt. Vi opererer ikkje med faste plassar. Eg nektar.»
Astrid vender seg mot den gamle mannen:
«Du lyt nok sitje ein annan plass, for éin gongs skuld.»
«Eg vil ikkje!» svarer han. «Det er mi einaste trøyst i det korte eg har igjen av livet mitt å sitje her og drikke øl ved vindauget! Kona mi gjekk bort for tjue år sidan! Mine tre ungar vil ikkje ha noko med meg å gjere! Legen min seier det er eit under at eg framleis lever! Dette kan vere mitt siste år i denne verda!»
Astrid vender seg mot Jan Terje med eit skuldertrekk:
«Fyren har eit poeng.»
«Det kan so vere, men han er ikkje den einaste her som har problem,» svarer Jan Terje. «Eks-kona mi siklar etter huset mitt, og ho har hyra advokat for å ta rotta på meg. Og det er berre toppen av isfjellet.»
«Eg trekkjer ikkje i tvil at du har problem,» seier Astrid. «Men ein av dykk må vere den vaksne personen.» Ho legg ei hand på skuldra til Jan Terje. «No tek du ølen din og går bort til vennen din.»
«Eg nektar.» Jan Terje nikkar bestemt, før han hyler i seg nok ein kjeft med øl.
Astrid snur seg mot den gamle mannen og trekkjer på skuldrene:
«Her kjem vi ingen veg. Du kan nok ikkje få viljen din i dag.»
«Då drikk eg heller øl ståande, ved sida av min plass!» seier kallen.
«Som du vil,» sukkar Astrid.
Og dermed blir situasjonen «løyst» ved at Pål Christian sit åleine i sitjegruppa borte ved baren og drikk, Jan Terje sit «på utstilling» ved vindauget og drikk, og kallen står rett ved sida av han og naglar han med blikket medan han drikk. Astrid held fram med å gnikke på eit tomt ølglas.
Medan denne stillingskrigen utspeler seg, reiser ei av dei særs livserfarne skjøkjene seg og stavrar over golvet – god og skeiv. Astrid mønstrar ho frå topp til tå, det ser ut som ho veit kva som vil skje.
«Går du?» spør ho. «Skal du gje meg ein ‘avskjedspresang’ fyrst?»
Dama nikkar med eit vondskapsfullt smil. So vender ho ræva mot brunetta og fis so det korte skjørtet blafrar. Astrid lukkar auga medan gufsen slår mot ansiktet hennar. Deretter småspring kjerringa gapskrattande ut av lokalet og forsvinn ut i regnet. Astrid sitt nøttebrune falkeblikk held fram med å mønstre lokalet. Klokka er enno ikkje tre – vakta er framleis ung.
Akkurat då kjem ein fullt uniformert politimann inn i lokalet.
«Du er etter skjema i dag, betjent Kalddragsnes, eller noko i den dur,» seier Astrid. «Hora har allereie fise.»
«Ulykke i Fløyfjelltunnelen,» seier han, før han kremtar for å påkalle alle si merksemd.
