Elite-pedofili på Folk & Røvere

Dette er ei novelle. Alle personar og pedofile er oppdikta. Biletet er KI-generert.

Betjent Falkangerdal (eller noko som liknar) nikkar tilfreds og takkar for merksemda. Deretter forlèt han det halvfulle lokalet og forsvinn ut i den regnvåte gata. Sekundet etter reiser ei drita full flyfille seg frå sitjegruppa ved baren og stavrar bort til disken. Med eit vondskapsfullt smil vender ho ræva mot brunetta bak disken og slepper ein lang, dryg brakar det luktar svovel og faenskap av.

«Takk for maten,» seier Astrid sarkastisk i det kjerringa småspring gapskrattande ut derifrå.

Det er ein heilt vanleg ettermiddag på den uhyre trivelege utestaden Folk & Røvere. R.E.M. alternativ-dunkar i veggane, og både prat og flatulens sit laust i lokalet. Dagens naudsynlege og uunngåelege ritual har fått utspele seg, og freden herskar no brutalt og nådelaust. Her kjem ingenting av interesse til å skje.

Eg berre køddar med deg, kjære lesar. Her kjem mykje til å skje. Buckle up!

Kallen i 80-åra sit på sin faste plass og les Bergens Tidende medan han slurpar øl. Brått vender han blikket mot to velkjende herrar i Dressmann-frakkar. Morsk i blikket ser han Pål Christian og Jan Terje entre utestaden. Han hyttar neven til dei medan han geipar. Dei kastar han eit raskt skråblikk, før dei går med raske steg bort til Astrid i baren.

«To Ægir IPA,» seier Pål Christian.

«På veg,» seier Astrid medan ho byrjar å tappe i eit glas. «Noko nytt sidan… i førgårs?»

«Barnevernet stal to barn frå nabokjerringa i går,» seier Pål Christian. «Fæle greier. Ungane skreik so ein såg ned i halsen på dei, og dama var so hysterisk at politiet måtte leggje ho i bakken. Eg trur dei knakk armen på ho.»

«Huff, det var ikkje bra,» seier Astrid med openbert falsk empati. To kalde øl landar på disken. «Barnevernet er ivrige i tenesta for tida. Eg synest stadig eg les om ungar som blir stolne frå foreldra.»

«Ja, kommuneleiinga i Alver er umettelege,» seier Pål Christian medan han trykkjer kortet mot kortlesaren.

«Hm, kva har dei med dette å gjere?» spør Astrid.

Pål Christian og Jan Terje vekslar blikk seg imellom. So seier Jan Terje:

«You don’t want to know

«Elite-pedofili!» bryt ein stakkarsleg tass brått ut.

«Hei!» seier Astrid bestemt til den stakkarslege tassen. «Ingen konspirasjonsteoriar før klokka tre! Du veit regelen.»

«Tre?» spør tassen. «Jammen, Blondie lét oss snakke om konspirasjonar allereie klokka tolv.»

«Eg er ikkje ho,» seier Astrid. «So…» Ho kastar eit blikk på klokka på veggen. Den er halv tre. «Ein halvtime til, min gode mann. Forstått?»

«Jaaa…» stønnar den patetiske tassen.

Pål Christian og Jan Terje ser på Astrid med tiggande, lengtande blikk. Ho vender hovudet lett på skakke medan ho kviler hendene på hoftene.

«Var det noko meir?» spør ho.

«Du har so fine perleøyredobbar,» kjem det svakt frå Jan Terje. «Vakkert, brunt hår. So vakre, brune auge. Du liknar sånn på dottera mi.»

«Den mest creepy komplimenten eg har fått i dag, men takk. Ta ølen og vennen din og set deg ned.»

«Du er so vakker…» kjem det igjen frå Jan Terje.

Astrid vrengjer trynet i det ho tek eit glas og byrjar å gnikke på det. Pål Christian legg handa på skuldra til Jan Terje og geleidar han vekk frå baren.

«Går du nokosinne i andre kle enn den mørkegrå, litt for store hettegenseren?» spør brått ein stakkarsleg tass som sit ved enden av baren med eit tomt ølglas.

«Av og til går eg ikkje i kle i det heile,» svarer Astrid med eit spydig smil. «Kanskje står eg her topplaus i sommar.»

Tassen slepper frå seg eit klynk. Han får brått ein mørk flekk i skrevet på den brune Dressmann-buksa. Astrid står der og ser på han med ein perpleks grimase. Fleire menn i nærleiken sniffar.

«Kva faen skjedde no?» spør Astrid med ei stemme som ligg ein oktav lågare.

«Det… det gjekk for meg,» klynkar tassen, skjemd som ei bikkje.

Forvirra smil og ei og anna fliring lyd i lokalet.

«Gå og vask deg – nu!» kjem det frå den myndige brunetta. «Og etterpå kan du fint ta bussen heim igjen til di triste blokkleilegheit på Toppe.»

«Faktisk bur eg i Fyllingsdalen,» seier han spakt.

«Vask og ut!» Ho peiker i retning toaletta.

«Jaaa…» stønnar han.

Tassen forsvinn inn på eit av dei altfor små toaletta. Astrid grøssar seg medan ho står og gnikkar på glaset. Pål Christian kjem bort til disken med to tomme glas.

«Den var rask,» seier ho. «Ta det litt roleg. Det er ikkje akkurat brus de sit og drikk. Ægir-en er svikefullt lettdrukken.»

«Fyrste ølen er alltid raskast,» seier han. «Vel, dei neste òg, for den del. På ein jævleg dag som denne berre renn dei ned. Berre kast oss ut om vi blir for fulle og… og klengete

«Med glede.» Eit lukka, herleg reservert smil. Snart landar to nye Ægir IPA på disken.

Plutseleg byrjar Jan Terje å grine. Alle i lokalet vender seg mot han. Eit og anna forundra snøft høyrest. Pål Christian går bort til bordet med dei to nye øla.

«Kva går det av deg, mann?» spør han. «Kvifor sit du og grin høgste dag? Vi er jo knapt brisne.»

«Dottera mi har mist jomfrudommen!» kjem det frå Jan Terje.

«Jaha…» Pål Christian drikk ein diger slurk øl. Jan Terje drikk omtrent halve ølen i ein og same slurk. «Og korleis veit du det?»

«Heile nabolaget veit det!» utbryt Jan Terje. «Postmannen, presten, røyrleggjaren, IT-teknikaren, vaskemaskinimportøren, forskalingssnikkaren, anleggsmekanikaren – til og med han rare Down syndrom-fyren som går på ung ufør-trygd.»

«Korleis veit dei det?»

«Dottera mi har jamleg sex med heile den gjengen! Til og med den trygda mongoen!»

Pål Christian ser med store auge på Jan Terje.

«Korleis veit du det?» spør han til slutt.

Jan Terje tømmer i seg resten av ølen, før han med tårer trillande nedover sine raudmussa kinn roper:

«Dei har alle fortalt det til meg!!»

Astrid stiller seg ved bordet med hendene kvilande på hoftene.

«Har vi ein situasjon her?» spør ho medan ho ser på ølglasa – som igjen er tomme.

«Dottera hans puler halve nabolaget,» seier Pål Christian med ei lett skjelven røyst.

«Ho som ser ut som meg?» spør ho ganske so spydig.

«Han har berre éi dotter,» seier Pål Christian. Jan Terje sit bøygd over bordet og grin so kroppen ristar.

«Hm, er ho like gammal som meg òg?» spør Astrid.

«Og kor gammal er du?» spør Pål Christian.

«28.» Ho trekkjer på skuldrene då mannen ser forfjamsa på ho. «Eg ser yngre ut enn eg er.»

«Vel, dottera hans er 13.»

Astrid krympar seg der ho står:

«Oi…»

«Elite-pedofili!» utbryt den stakkarslege tassen som det nettopp gjekk for. Han har no vaska buksa si rein.

«Den gjengen er neppe elite,» seier ei godt brisen hore borte i sitjegruppa ved baren. «Iallfall ikkje han rare mongoen som går på trygd.»

«Er klokka snart tre so vi kan snakke om konspirasjonar?» spør ein annan gjest.

«Snakk om kva faen de vil,» seier Astrid. «Men Pål Christian og cry-baby Jan Terje skal ut.» Ho nikkar myndig mot døra. So vender ho seg mot den stakkarslege tassen ved baren. «Og du følgjer dei, Mister Cum-in-your-pants

«Jaaa…» stønnar dei tre mennene i kor, før dei sjagar ut i det hjarterå regnet.

«Ei 13-årig jente som puler halve nabolaget…» seier brått den gamle mannen borte ved vindauget. «Utan tvil ei sak for vårt fantastiske barnevern.»

Deretter bryt han ut i ein kvesande galenmannslått som gjallar i veggane.

Kommenter innlegget