Sjå òg «Partiet FOR og kontroversen tilknytt T-baneplakatane», publisert 21.mai 2025. Biletet er KI-generert og basert på innhaldet i artikkelen.
I mai 2025 utførde Børge Andre Roum (MDG) og Erik Schreiner Evans hærverk. Dei reiv ned reklameplakatar som partiet Fred og Rettferdighet (FOR) hadde hengjande på T-banevogner i Oslo. Gjerningspersonane filma seg sjølv medan dei utførde lovbrota og vart hylla som heltar i hovudstraumsmedia. No, i februar 2026, har Statsadvokaten formelt henlagt saka. Signalet dette sender er at hærverk av politisk reklame er greitt so lenge målet er «riktig».
Steven Crozier skriv på Steigan 27.februar 2026:
«I mai 2025 lanserte partiet FOR (Fred og rettferdighet) en lovlig reklamekampanje med budskap mot norsk våpenstøtte til Ukraina. Responsen fra det ‘liberale’ Oslo var koordinert vandalisering. Gjerningspersonene filmet seg selv, skrøt av sine handlinger i beste sendetid på NRK og proklamerte sin rett til å fjerne budskap de fant støtende.
Nå, i februar 2026, har Statsadvokaten satt et juridisk punktum som burde sende sjokkbølger gjennom alle som fortsatt tror vi lever i en rettsstat. Ved å opprettholde henleggelsen av saken, erklærer påtalemyndigheten i praksis at politisk motivert hærverk er en beskyttet ytring.»
Han skriv vidare at grunngjevinga til Statsadvokaten er «en farlig pervertering av ytringsfrihetsbegrepet», og at dersom retten til å fysisk fjerne andre sine lovlege og betale ytringar blir sett på som del av «kjernen i ytringsfriheten», har vi i realiteten innført «den sterkestes rett». Statsadvokaten meiner at valden til vandalane er ein juridisk beskytta rett.
Følgjande sitat har sendt juridiske sjokkbølgjer gjennom det oppvakte mindretalet i det tidlegare demokratiet Noreg:
«De mistenktes rett til å ta ned plakater med politiske holdninger kan også sies å være i kjernen av deres ytringsfrihet. Veid opp mot partiets rett til å uforstyrret ytre sine politiske holdninger i det offentlige rom, er det dermed ikke åpenbart at etterforsking ville kunne gi bevismessig avklaring av det objektive og subjektive grunnlag for straffansvar. En finner på denne bakgrunn, under noe tvil, at henleggelsen bør opprettholdes.»
Partileiaren i FOR, Marielle Leraand, seier:
«Denne beslutningen er et alvorlig angrep på likebehandlingen i norsk politikk. Hvis våre plakater kan rives ned uten konsekvenser, mens andre partiers beskyttes, betyr det at staten tar side i valgkampen.»
Som Crozier skriv, har ressurssterke aktivistar og etablissementet med dette fått grønt lys til å drive politisk sabotasje mot opposisjonelle stemmer. Han skriv avslutningsvis at saka er klaga inn til Riksadvokaten.
Kvifor har «etablissementet» og «ressurssterke aktivistar» (vandalar) fått FOR opp i halsen? Som eg sjølv skreiv tilbake i mai 2025:
«Partiet definerer Israels krig i Gaza som folkemord, dette utifrå Folkemordskonvensjonen. Partiet meiner at alle som bur i dagens Palestina og Israel bør ha like demokratiske rettar. Israels ulovlege okkupasjon av Palestina må ta slutt.
Partiet meiner at pengestøtta til Ukraina må stansast, og krigen avslutta gjennom forhandlingar. 52% av ukrainarane ønskjer ifølgje Gallup slutt på krigen, òg om det tydar at Ukraina må gje frå seg land.
Partiet meiner at folkeretten må gjenreisast. Ingen våpen til Ukraina, ingen atomvåpen, ingen amerikanske basar i Noreg, Noreg ut av NATO, ingen ulovleg økonomisk krigføring. Noreg må kort fortalt bli ein fredsnasjon.»
Mest kontrovers vekte det at pengestøtta til det korrupte regimet i Ukraina må stansast. Dette fell ikkje i god jord hjå det krigsindustrielle komplekset, og ikkje minst hjå visse personar som har aksjar i våpenindustrien. Dei mange milliardane som har blitt stolne frå Noreg og sendt til oligarkane i det fallerte Ukraina, kunne ha gjeve oss gratis kollektivtransport, gratis tannhelse og gratis barnehage. Ikkje minst kunne ein slik pengesum ha stansa nedlegging av skular og fjerna helsekøar. Og eit parti som frontar slike saker blir utsett for hærverk, i tillegg til at gjerningsmennene blir gjevne juridisk immunitet? Dette er tidene vi lever i, folkens.
Sjå òg «Trugslar og sjikane mot Roger Dyrøy i Bergen: Kjem kandidatar i Noregsdemokratane til å bli likviderte?», publisert 4.september 2025.
