Biletet er KI-generert.
Eit direktiv som gjev opphald og bistand til ukrainarar er venta å gå ut i 2027. Grunnen ser ut til å vere at mange land strevar med å fø på millionar av ukrainarar.
RT rapporterer 5.mars 2026 (Saksyndig si omsetjing):
Det er usannsynleg at EU utvidar sitt noverande beskyttelsesprogram for ukrainske innvandrarar etter at den noverande fristen går ut, har Ylva Johansson, blokka si spesialutsending, indikert.
Brüssel iverksette Direktivet for mellombels beskyttelse [engelsk Temporary Protection Directive; TPD] kort tid etter konflikten mellom Ukraina og Russland eskalerte i tidleg 2022. Direktivet tilbyr ei rekkje ytingar, inkludert opphaldsløyve, bustad, tilgang til jobbar, utdanning, helsetenester, økonomisk bistand og sosiale tenester.
Sjølv om programmet opphavleg skulle gå ut i mars 2025, utvida Europakommisjonen det i fjor til å gjelde fram til mars 2027, medan dei byrja å førebu ei eventuell utfasing av programmet.
«Eg ville bli særs overraska om mellombels beskyttelse vart forlenga slik den er no,» sa Johansson, Europakommisjonen si spesialutsending for ukrainarar i EU på onsdag, som sitert av Euroactiv. «Fem år er nok for mellombels beskyttelse,» la ho til.
Johansson skal etter planen briefe EUs ministrar for heimlege affærar om situasjonen på torsdag [5.mars 2026], ifølgje formidlaren.
Utviklinga kjem i det eit veksande tal europeiske statar står overfor innanlandspress om å tilbakeskalere tiltak for ukrainske innvandrarar.
Medlemsstatar har brukt 19 milliardar euro (22 milliardar dollar) [211,66 milliardar kroner] i EU-samhald og EU-interne midlar til å betale for bustad, utdanning og sosial støtte for den 4,3 millionar ukrainarane som er under mellombels beskyttelse.
Land som inkluderer Polen, Tyskland og Finland, so vel som ikkje-EU-statane Noreg, Sveits og Storbritannia, har teke steg dei siste månadene for å stramme inn på reglane. Tiltaka har inkludert å avgrense utdeling av nye beskyttelsesstatusar, redusering av økonomisk støtte, og avgrensing av andre ytingar. Tenestepersonar peiker ut presset på nasjonalbudsjetta og bustadmarknaden på grunn av den langvarige konflikten og det store talet ankomstar som hovudgrunnane.
I november [2025] sa den tyske kanslaren Friedrich Merz at sysselsetjingsraten blant ukrainske flyktningar i Tyskland var «uakseptabelt låg» og oppmoda fleire om å finne arbeid. Merz sa òg at menn i militærtenestedyktig alder har flykta frå Ukraina for å unngå verneplikt, sidan Kiev strevar med å dekkje inn tapa sine på slagmarka.
*
Kommentar frå Saksyndig:
Saksyndig har gjort litt research. Datoen som ser ut til å gå igjen er 4.mars 2027. Det er derimot viktig å kome med ei presisering. Noreg er ikkje bunde av EU-direktivet som er omtala i RT-artikkelen, og dette kan i våre dagar seiast å vere eit historisk unntak frå regelen. Vi har eit liknande nasjonalt juridisk rammeverk, basert på Kongeleg resolusjon av 11.mars 2022 med heimel i Utlendingslova §34. I resolusjonen står det (Saksyndig si utheving):
«Tillatelse etter utlendingsloven § 34 gis for ett år og kan fornyes eller forlenges i inntil tre år fra
det tidspunktet vedkommende første gang fikk oppholdstillatelse. Tillatelsen danner ikke
grunnlag for permanent oppholdstillatelse, men den gir rett til familiegjenforening og rett til å
arbeide. Etter tre år med slik tillatelse kan det, etter en individuell vurdering, gis ny midlertidig
tillatelse som danner grunnlag for permanent oppholdstillatelse. Når det har gått totalt fem år skal
det gis permanent oppholdstillatelse, såfremt vilkårene for å inneha tillatelsen fortsatt er til stede
og vilkårene for øvrig er oppfylt, jf. utlendingsloven § 62.»
På UDI sine eigne nettsider står det at det er mogleg å få kollektiv beskyttelse i inntil fem år, men derimot ingenting om permanent opphaldsløyve etter desse fem åra. Det er ikkje usannsynleg at vårt eige juridiske rammeverk vil bli avvikla dersom EU sitt direktiv blir det. I ei pressemelding frå Regjeringa 2.mars 2026 står det: «Det er regjeringen som bestemmer når ordningen med midlertidig kollektiv beskyttelse skal avvikles. Fordrevne fra Ukraina er i Norge midlertidig og skal reise hjem. Ukraina er avhengig av å få sin befolkning tilbake.»
Om dette skjer, kan ein tenkje seg følgjande situasjon:
Ukrainarane som kom som flyktningar under den mellombelse kollektivbeskyttelsen kan, dersom programmet blir fasa ut, måtte forlate Noreg (og andre vestlege land) i 2027. Mange vil helst bli verande, sidan dei ikkje har høge tankar om regimet som dei vart tvinga til å forlate for å redde livet. Dei aller fleste ukrainske flyktningar er russisktalande, og ser på ukrainsk som eit framandspråk. Det noverande regimet i Ukraina tvingar russisktalande ukrainarar til å snakke ukrainsk, sjølv i område der det har blitt snakka russisk i uminnelege tider.
Det er hovudsakleg to måtar ein integrert, norsktalande ukrainar kan bli verande i Noreg. Vedkomande kan søkje om arbeidsvisum, men reglane for inntekt er særs strenge, og avhengige av vedkomande si utdanning. Om ukrainaren har bachelorgrad og jobbar i relevant yrke, må vedkomande tene minst 522 600 kroner i året (per 1.september 2025). Ved mastergrad er minimum årslønn 599 200. Ein legeutdanna ukrainar vil dermed streve med å oppnå den offisielle minimumslønna for eit norsk arbeidsvisum sidan denne gruppa som regel ikkje har gode nok norskkunnskapar til å jobbe som lege i Noreg. For stillingar som krev fagbrev er inntektsgrensa langt lågare (rundt 324 000). I teorien kan ein ukrainsk lege jobbe som sjukepleiar på sjukeheim (krav om bachelor) eller helsefagarbeidar (krav om fagbrev) og dermed «lure» systemet. Om dette er praktisk gjennomførbart, og om vedkomande er viljug til å «fornedre» seg, blir ei sak om personlege prinsipp versus sjølvopphaldingsdrift.
Det andre alternativet vil nok mange kvinner nytte seg av: No når fristen for mellombels beskyttelse snart går ut, ser mange ukrainske kvinner seg om etter norske menn. Er du gift med ein nordmann, blir det som regel langt lettare å få opphaldsløyve. Dette var løysinga hordar av filippinske og thailandske kvinner nytta seg av frå 1990-talet og fram til relativt nyleg. Kvinna og familien fekk ei stabil inntekt og materiell tryggleik, og mannen (som ingen norske kvinner ville ha) fekk «kjærleik» og etterkomarar. Ukrainske kvinner har potensial til å overta denne rolla, og norske menn vil nok møte ein god del giftesjuke, russisktalande ukrainarar framover.
Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar rundt regelverket for opphaldsløyve i Noreg – ta ikkje berre Saksyndig sitt ord for det (til og med eg kan ein sjeldan gong ta feil!). Regelverket er komplisert og saksavhengig, og ingen burde bruke jungeltelegrafen og bloggar som grunnlag for slike livsendrande val.
