I staden for å utfordre menns makt, har dei høgtrangerte fruene knytt seg til den som tradwives.
Av Rachel Marsden, spaltist, politisk strategikar og programvert for uavhengig produserte talkshows på fransk og engelsk. Publisert på RT 8.mars 2026, omsett av Saksyndig. Biletet er KI-generert.
Den internasjonale Kvinnedagen brukte å kome med ein viss estetikk. Ei feiring av fortidige sigrar og eit syn framover mot nye håp og utfordringar. Men i år dreiar stemninga seg om kvinner på sosiale media med påstått iransk opphav, som dansar medan dei feirar amerikanske og israelske luftåtak på Iran, til og med medan det kjem reportasjar om at bomber har drepe om lag 160 skulejenter.
I mellomtida har vestlege kvinnelege leiarar – dei som ofte snakkar om ting som feministisk utanrikspolitikk og som er sett på som erkedømet på kvinneleg styre – tilsynelatande plutseleg utvikla ein akutt sans for tone. Ytringar vart nøye vegne og formulerte for å ikkje fiendegjere mennene som sendte missila.
Spørsmålet skriv seg bortimot sjølv: korleis vart ei rørsle som ein gong vart definert av dissens so forsiktige når dei stod overfor makt?
Svaret byrjar med ei misforståing av historia til feminismen. I motsetnad til mytologien, har feminisme sjeldan vore so radikal som ryktet til den antydar. Frå byrjinga inneheldt den konkurrerande faksjonar. Slik som dei fleste politiske rørsler, enda feminisme opp med å premiere den faksjonen som var lettast for institusjonar å tilpasse.
Under den andre bølgja av feminisme på 1960- og 70-talet, var ideologiske debattar innåt i rørsla valdsame, når det gjaldt alt frå pornografi og kapitalisme til lesber og ekteskap. Ulike faksjonar gjorde krav på feminismeflagget, men berre éin enda til slutt opp med mikrofonstativet og midlane.
Versjonen som skulle vise seg å dominere, var den som institusjonar kunne leve med. Ein som stiftingar kunne støtte med sine tvilsame støttespelarar, og som universitet kunne by over seg for å vere vert for. Konsern og statar lærte å snakke språket til den, og omvendt, og feminisme vart eit trekk i sjølve maktstrukturen.
Den evolusjonen oppnådde faktisk ekte prestasjonar, sjølv om der er debatt om i kor stort omfang dei ville ha skjedd likevel, spesielt med tanke på den relative fridommen til kvinner i Sovjetunionen under Den kalde krigen, spesielt i arbeidsstyrken der 80% visstnok var i arbeid utanfor heimen innan 1983, og USA sitt ønske om å betre kunne konkurrere økonomisk med USSR ved å auke sin eigen kvinnelege arbeidsstyrke.
Kvinner oppnådde finansiell uavhengigheit, juridiske rettar og sosiale fridommar som tidlegare generasjonar ikkje kunne førestille seg. Ei kvinne kunne søkje om kredittkort utan ein mannleg med-underskrivar. Ho kunne skrive under på ein leigekontrakt utan å bli spurt om ho jobba som prostituert for å kunne betale for den. Ho kunne opne ein bankkonto, og leve eit liv som ikkje kravde permanent mannleg følgje gjennom vaksenlivet. Om ho trong hjelp med å reparere ein bil eller skru saman møblar, kunne ho leige nokon i staden for å gå inn i ein livstidskontrakt med den næraste mannen som eigde ein skiftenøkkel.
Men den suksessen hadde òg ein biverknad. Rørsla voks seg komfortabel inne i dei institusjonane som den ein gong utfordra. So fort feminisme vart del av etablissementet, absorberte den dei uskrivne reglane til etablissementet, inkluderte det forsiktige språket, den strategiske stillheita, og forståinga om at visse former for dissens var uhøflege.
Resultatet er ein inversjon. Dagens feministiske rom er visuelt mangfaldige og retorisk inkluderande, men ideologisk smalare enn mange tidlegare feministiske debattar. Ver til stade på ein moderne konferanse eller sjå gjennom programma til prominente organisasjonar, og du vil finne kvar einaste identitet ein kan førestille seg representert på den mest overflatiske måten. Det du vil streve med å finne er genuint ideologisk mangfald. Kvinner som går vekk frå det rådande verdssynet dukkar sjeldan opp, med mindre dei har blitt nøye plukka ut som trygge unntak.
Med andre ord feirar den noverande rørsla ulikskap overalt bortsett frå i tankane.
Denne innsnevringa har produsert enkelte merkelege prioriteringar. Feminist-institusjonar har brukt enormt med energi på å dømme språk, identitetskategoriar og kulturell etikette. Resultatet framstår som teatralsk og performativt. I mellomtida får spørsmål om krig, utanrikspolitikk og statleg makt ofte meir varsam handsaming, avhengig av kva slags fyr som sit med makta. Til dømes, kan nokon hugse ei feministrørsle som var motstandarar av den tidlegare president Barack Obama sin drone som råka halve planeten? Det kan ikkje eg.
Reaksjonen til Iran-åtaka understrekar det same problemet. Då president Donald Trump erklærte at Washington hadde slutta seg til Israel i å bombe iranske mål, drepe toppfigurar og utløyse regionale spenningar, presenterte rørsla ein openberr test. Om feminisme verkeleg er forkjempar for menneskerettar og beskyttelse av sivile, burde sanneleg dødsfalla til skulejenter under ein bombingskampanje provosere fram uhemma offentleg raseri.
Likevel responderte mange prominente vestlege kvinner i autoritetsposisjonar på ein oppsiktsvekkjande delikat måte. Ytringar fokuserte på «regional stabilitet», «tryggleiksomsyn» og kor viktig det var å «unngå eskalering». Direkte fordømming av åtaka var sjeldan. Sjølv leiarar om jamleg påkallar feministverdiar i utanrikspolitikken verka motviljuge til å kritisere dei militære handlingane rett ut.
Sjå på Ursula von der Leyen, den ikkje-valde presidenten i Europakommisjonen og ei av dei mektigaste kvinnene innan Europa- og globalpolitikk. Kommentarane hennar om konflikten la vekt på diplomati og stabilitet, men unngjekk direkte fordømming av sjølve åtaket. Liknande retorisk varsemd dukka opp rundt om i vestlege institusjonar leia av kvinner som jamleg lekamleggjer eller er forkjemparar for kvinners rolle i makt. Men kor var dei då dei fekk dette ypparlege høvet servert på sølvfat? Dei er alltid på hogget for å rette vokabularet til nokon, men ser ut til å vere mindre interesserte i å kritisere ein bombingskampanje når det involverer landet som dei har knytt seg til som ei tradwife. Dei set kanskje ikkje pris på Trump som person, men dei er avhengige av posisjonen som han representerer som USAs høgstkommanderande.
I mellomtida representerer online-feiringane av diaspora-influensarar som dansar som respons på bombingskampanjen ein annan underleg mutasjon av moderne feminist-nærliggjande aktivisme. Krig blir omframstilt som frigjering. Logikken antydar at bomber som blir sleppte under det riktige påskotet på ein eller annan måte utgjer eit framsteg for kvinnerettar, sjølv når desse bombene fell på jenter som aldri vil bli gamle nok til å nyte desse fridommane. Det vil seie, om dei i det heile blir fødd, med tanke på den elendige merittlista so langt.
Kanskje er det djupare problemet det at dagens feminisme manglar ambisjon. Spesifikt det å utfordre makta. Rørsler som byrja som opprør blir ofte institusjonar, som til sjuande og sist favoriserer stabilitet.
Feminisme var aldri meint å berre vere nok ei rekkje sete rundt Mannens bord. Den opphavlege lovnaden til den var forstyrring og det å insistere på at kvinner kunne stille spørsmål ved kvart eit autoritetssystem som styrte liva deira.
Om den ånda framleis eksisterer, burde denne rørsla vere ein invitasjon til å gjenoppdage den. Feminisme treng ikkje fleire sirleg formulerte ytringar frå kvinner med makt, men bør heller oppmuntre til å seie noko genuint ukomfortabelt når etablissementet er på ville vegar.
Ei rørsle som kan adressere desse utfordringane med same sjølvtillit som den tek med seg til sosiale debattar, vil bli ein feminisme som er si eiga historie verdig. Alt som er mindre risikabelt enn dette blir nøyaktig det som tidlegare generasjonar kjempa mot: eit beskjedent og lydig tilbehøyr til den rådande status.
