Biletet er KI-generert.
Nettstaden FriFagbevegelse melder at ein fersk dom kan gje deltidstilsette rett på overtidsbetaling frå fyrste time. Rådande praksis fram til no har vore at både heiltidstilsette og deltidstilsette må jobbe 40 timar i løpet av ei veke, eller 37,5 timar om ein har tariffavtale (35,5 timar om ein jobbar todelt turnus; dag/kveld). Alt arbeid etter 40/37,5/35,5 timar utløyser overtidsbetaling. For deltidstilsette har alt arbeid over deira stillingsprosent ikkje utløyst overtid. Dette kan no bli endra – til norske arbeidsgjevarars store skrekk.
Stridens kjerne er denne:
«En deltidsansatt i Coop gikk til sak mot arbeidsgiver fordi han over en treårsperiode hadde jobbet mer enn 2.800 timer ut over stillingen sin. Han krevde overtidsbetaling for timene.
Bakgrunnen for rettssaken er to EU-dommer som sier at det er diskriminering av deltidsansatte dersom de må jobbe like mye som heltidsansatte for å få overtidsbetaling.
Dom i rettssaken falt nylig. Her kom dommerne fram til at butikkansatte André Kaldal hadde rett på overtidsbetaling for timene han hadde jobbet ut over sin deltidsstilling.»
Nettstaden skriv vidare:
«Fram til nå har praksisen i Norge vært at både deltidsansatte og heltidsansatte må jobbe full 40-timers arbeidsuke – eller 37,5 time dersom man har tariffavtale på jobben – for å få utbetalt overtid. EU-dommene utfordrer denne praksisen.
Dersom praksisen blir endret, kan deltidsansatte få overtidsbetaling fra første time de jobber utover stillingsbrøken sin.
Jobber du 50 prosent og har 40 timers arbeidsuke, kan du altså få overtidsbetalt dersom du jobber mer enn 20 timer i uka.
En samlet fagbevegelse mener EU-dommene må få konsekvenser for Norge, og at også norske arbeidsgivere må begynne å betale overtid for den tida deltidsansatte jobber ut over den stillingsbrøken de har.
Fagforeningene håper at det kan føre til at arbeidsgiverne vil tilby større stillingsbrøker og at færre dermed vil måtte jobbe ufrivillig deltid.»
NHO og Spekter (arbeidsgjevarorganisasjonar) har i kjølvatnet av dommen gått ut og direkte oppfordra verksemdene sine om å ikkje bruke deltidstilsette til ekstravakter eller meirarbeid («meirarbeid» er arbeid utført utanfor avtalt arbeidstid som ikkje utløyser overtid). Verksemdene tilrår i staden å bruke tilkallingsvikarar (som i praksis er tilsett null prosent) og bemanningsbyrå for å dekkje «uforutsette behov» (om nokon er sjuk og ein treng ein vikar). Virke og KS kjem med same rådet.
Virke har i tillegg anka dommen, og fordi saka er «prinsipielt» viktig kan den truleg gå heilt til Høgsterett.
Den sokalla Coop-saka er ikkje unik:
«I tillegg til Coop-saken har flere andre forbund, både i og utenfor LO, tatt ut søksmål i tilsvarende saker.
Blant dem er en helsefagarbeider ved Sykehuset Innlandet. I starten av februar møtte hun sin arbeidsgiver i Hedmarken og Østerdal tingrett. Helsefagarbeideren er medlem i Fagforbundet. Dom i saken er ventet om kort tid.
Parallelt med rettssaken, har regjeringen satt ned en arbeidsgruppe som skal analyse dommene, vurdere behovet for lovendringer og komme med forslag til tiltak.
Arbeidsgruppa skal levere sin rapport 1. september.»
Fagrørsla meiner at deltidstilsette allereie no kan krevje overtidsbetaling for det dei har jobba ut over stillingsprosenten sin. Dette gjeld alle deltidsstillingar, frå helgestilling på 21,13% til 88%-stillingar. Dei som meiner seg råka vil i prinsippet kunne fremje krav om etterbetaling for tre år tilbake i tid.
Eg har kjensla av at det ikkje lenger vil bli so lett for deltidstilsette å «shoppe vakter». Arbeidsgjevarar vil rett og slett tape på å gje dei ekstravakter, sidan alle ekstravakter då vil utløyse overtidsbetaling. Dette lover ikkje godt for unge helsefagarbeidarar eller assistentar som gjerne vil kjøpe sin fyrste bustad, eller leve eit normalt liv med anstendig inntekt. Hugs at NHO og Spekter no tilrår sine medlemsbedrifter å unngå å gje deltidstilsette ekstravakter; dei meiner «deltidsansatte ikke har fortrinnsrett til ekstravakter når det innebærer ‘vesentlige ulemper for virksomheten’».
I ein kommentar publisert 9.mars 2026 på NRK si nettside, kallar politisk kommentator Tone Sofie Aglen dette for «en håndgranat inn i arbeidslivet». Ho skriv:
«Selv om den ikke brøt lydmuren i et heftig nyhetsbilde, fikk en tingrettsdom i Østfold om ikke annet alarmklokkene til å ljome hos landets arbeidsgivere. Dommen ga en deltidsansatt i Coop medhold i krav på overtid for arbeid utover egen stillingsandel. […]
Dommen er ikke rettskraftig, men burde ikke komme som julekvelden på kjerringa. Som så mye annet har den sitt utspring fra et EU-direktiv. EU-domstolen mener dette er ulovlig forskjellsbehandling av heltids- og deltidsansatte.»
Spesielt i helsevesenet er deltidsstillingar særs vanleg, fordi det ofte er einaste måten ein turnus kan gå opp på. I «gode, gamle dagar» jobbar helsepersonell annakvar helg, men etter kvart som fleire ønskte å jobbe kvar tredje og fjerde helg, måtte turnusen justerast deretter. Ledige vakter i helgar måtte dekkjast inn på eit vis, og dermed dukka det opp ein haug småstillingar med tre desimalar (21,13% som eg nemnde tidlegare i teksten er ikkje noko eg dikta opp; dette var min reelle stillingsprosent i den fyrste helgestillinga eg hadde i Bergen kommune på 2000-talet). Eg supplerte naturlegvis inntekta ved å ta alle ekstravakter eg vart tilbydd – om dette blir mogleg for folk i helgestillingar no, gjenstår å sjå.
Enkelte jobbar deltid fordi dei vil. Andre fordi dei ikkje kan jobbe heiltid:
«Når noen velger deltid, handler det om et brutalt arbeidsliv med jobber det er vanskelig for mange å stå i.»
Sjå òg «Er helsesektoren for tung å jobbe heiltid i? Stadig fleire jobbar friviljug deltid», publisert 13.august 2025.
Coop-saka og den moglege presedensen den skaper, kan, slik Aglen antydar, utløyse full krig i arbeidslivet og krise i kommunane. Dei moglege konsekvensane er eit typisk døme på når ei tilsynelatande gjev handling slår katastrofalt tilbake på ein sjølv. Har norske deltidstilsette skote seg sjølv i foten?
