Offisielt heiter det seg at USA og Israel har gått til åtak på Iran for å oppnå eit regimeskifte. Iran har som respons mellom anna strengt Hormuz-stretet og dermed lagt kimen til ei oljekrise. Enkelte ser på USA og Israel sin innsats som «god», sidan Iran er eit totalitært prestestyre som undertrykkjer det iranske folket. Andre påpeiker at det å drepe ein statsleiar er brot på Folkeretten og mildt sagt ikkje comme il faut innan globalpolitikken.
Men er det so enkelt? Kit Knightly på nettstaden Off-Guardian har sine eigne teoriar. Kanskje er USA, Israel og Iran på same side, og heile krigen er ein psykologisk operasjon – ein psy-op. Knightly meiner det er rikeleg med bevis på dette (iallfall fire bevis). Han skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Det er rikeleg med bevis som viser at vi allereie lever i post-nasjonsalderen, og dette vart gjort eksplisitt tydeleg innan covid-‘pandemien’. Irans kritiske, tidlege rolle i covid-operasjonen er eit at dei fakta som sterkast krev at vi utviser varsemd rundt det noverande krigsnarrativet, men det er ei utvikling som sannsynlegvis oppstod før den æra-definerande psy-open.
Faktisk vil eg argumentere at ein gjennomgang av den nylege historia til Iran viser at dei konsekvent har teke del i psy-opar og medienarrativ, og at dette demonstrerer samansverjing med vestlege regjeringar og sanneleg dei globalistiske faksjonane i dei.
Og vi startar med fødselen til sjølve det noverande regimet…
1: Installasjonen av Ayatollah
Alle er (eller burde vere) kjende med Operasjon Ajax, statskuppet i Iran i 1953 utført av MI6 og CIA i samarbeid, som fjerna den demokratisk valde regjeringa til Mohammad Mosaddegh, visstnok for å hindre nasjonaliseringa av Irans oljereservar. Den resulterande regjeringa var eit absolutt monarki under sjah Reza Pahlavi.
Mindre diskutert er CIA si tydelege og openberre involvering i Den iranske revolusjonen i 1979.
Til dømes, etter å ha blitt sendt i eksil frå Iran av sjahen i 1978, fekk Khomeini ei trygg hamn i Frankrike. Grunnane til dette er ikkje tydeleg, men det er kjent at Carter-administrasjonen hadde mykje kommunikasjon med Khomeini under hans tid som ein gjest av den franske regjeringa. Igjen er grunnane for denne kommunikasjonen ikkje tydeleg fastslått nokon stad.
Vi veit at den tidlegare sjahen sjølv hevda i sine memoarar at USA og Storbritannia hadde vore motstandarar av hans regjering sidan han nasjonaliserte iransk olje i 1973, og påfølgjande prisstiging (lat oss hugse at den tidlegare regjeringa visstnok hadde blitt fjerna for å hindre eit liknande forsøk på nasjonalisering).
Om vi trur heilt på sjahen eller ikkje, veit vi òg at innan slutten av 1978, informerte den amerikanske ambassadøren i Iran DC at sjahen var ‘fortapt’, og innan tidleg januar ’79 flaug amerikanske generalar til Iran for å diskutere eit potensielt kupp med det iranske militæret og for å setje dei i kontakt med Khomeini sin nestkommanderande.
Regjeringa til sjahen tok slutt innan nokre veker.
Alt dette er dokumentert.
Dei potensielle motivasjonane for dette kunne ha blitt diskutert i det lange og det breie, men ein kan ikkje nekte for at der i det minste var ei viss grad av vestleg involvering i installasjonen av det noverande regimet.
2: Gisselkrise
Den nye iranske regjeringa hadde knapt nok rukke å finne seg til rette, før dei tok del i ei internasjonal ‘krise’. I november 1979 invaderte ei væpna gruppe den amerikanske ambassaden i Iran og tok meir enn femti gissel.
Ein av grunnane til dette skal vere den amerikanske opposisjonen mot den nye Revolusjonsregjeringa i Iran og støtte for sjahen, men vi veit at dette ikkje er sant. USA hjelpte til med å erstatte sjahen, og ingen ville ha visst dette meir enn Khomeini og hans toppløytnantar.
Det ‘krisa’ faktisk gjorde var å overtyde det iranske folket om at deira nye regjering ville setje seg opp mot USA, medan ein underminerte presidentskapen til Carter i USA til det punktet at han tapte 1980-valet med stor margin.
‘Oktoberoverraskingsteorien’ argumenterer at folk på innsida av den amerikanske regjeringa faktisk med vilje forseinka frigjeringa av gisla for å kunne rigge valet indirekte. Den tidlegare Texas-guvernøren John Connely var kjent for å reise rundt om i Midtausten på den tida for å spreie denne bodskapen.
Gisla vart omsider frigjorde berre nokre minutt etter at Ronald Regan vart svoren inn.
Eg er sikker på at enkelte vil seie at alt dette berre var tilfeldig.
3: Iran-Contra-affæren
Fram til 1979 vart alle våpena i Iran kjøpt frå USA. I kjølvatnet av Gisselkrisa la president Carter ein våpenembargo på Iran fordi dei ‘støtta terrorisme’, og denne vart oppretthalden av hans etterfølgjar, Ronald Reagan.
Derimot har folk på innsida av Washington aldri vore tilhengjarar av å ikkje selje våpen til nokon, nokosinne. Dei argumenterte at ein embargo berre ville drive Iran nærare Sovjetunionen, og leita straks etter måtar å i det skjulte halde fram våpensal til Iran ved å omgå embargoen.
Det er interessant kor papirtynt laget til ideologisk opposisjon viser seg å vere når det blir gjenstand for nærare undersøking. Enkelte kan lure på om all den noverande retorikken om ‘vonde terroristar’ og ‘Store Satan’ ikkje var særleg meir enn geopolitisk teater av ein spesielt prangande sort.
Innan 1985 hadde Reagan-administrasjonen ulovleg forsynt Iran med våpen i fire år, både direkte og ved å ‘vaske’ sala via Israel (og dermed selje våpen til BEGGE sider av Iran-Irak-krigen).
På same tid dreiv USA i det skjule og støtta anti-Sandinista-rebellar i Nicaragua i deira geriljakrig mot den sosialistiske FSLN-regjeringa. Denne støtta var ulovleg under amerikansk lov takka vere Boland-tillegga.
Iran-Contra-affæren var ein evolusjon av dei iranske våpenavtalane, ein hemmeleg operasjon styrt av oberst Oliver North, der våpen vart ulovleg selde til Iran, og profitten av desse sala i sin tur vart brukte til å finansiere rebellar i Nicaragua. Dette var fullstendig ulovleg, og teknisk sett høgforræderi.
Skandalen braut ut i 1987, og resulterte i årelange høyringar i Kongressen og – til slutt – dusinvis av strafferettslege tiltalar. Av dei 11 mennene som vart dømde i Iran-Contra-affæren, sat berre éin nokosinne i fengsel, og nesten alle fekk dommane omgjort etter anke, eller vart benåda av George Bush Sr i 1991.
Oliver North stilte som kandidat for politisk embete og fekk ein vellykka karriere innan media, der han jobba som programvert og publiserte over eit dusin bøker. Ikkje verst, med tanke på at han visstnok var ein forrædar som utførde høgforræderi.
Det er rimeleg å spørje: Høyrest dette ut som noko som ville skje dersom Iran verkeleg var ein dødeleg motstandar av den amerikanske staten og regjeringa?
Kvifor ville den amerikanske staten selje våpen til eit regime som dei verkeleg trudde var ein trugsel mot sjølve sin eksistens?
Og kvifor ville ein mann som utførde forræderi ved å væpne fienden, få slik ein lett dom og få lov til å blomstre i etterkant?
Det er nesten som om ingen trudde det spelte noka rolle, er det ikkje?
I det minste ser vi det papirtynne laget igjen, og det unektelege faktum at andre for det meste ikkje-omsnakka interesser sameinar desse påståtte fiendestatane over og utover retorikken og propagandaen.
4: Covid
Covid-‘pandemien’ er alle psy-opars bestefar, der den overgjekk mesteparten av sine forgjengarar når det gjeld både kompleksiteten til utføringa og omfanget av måla sine.
Og den iranske regjeringa stod i den opp til halsen.
Iran var, saman med Italia, eit av dei fyrste landa som følte børa til covid utanom Kina. Sanneleg vart deira støtte av pandeminarrativet brukt av enkelte i alternative media som bevis for at pandemien måtte vere ekte, fordi Iran ville aldri samarbeide med ein globalistisk psy-op.
Men samarbeide gjorde dei. For full maskin. Dei jobba nært med Verdas helseorganisasjon, ifølgje WHO sin offisielle rapport:
‘WHO og deira partnarar kom med kritisk støtte til Iran for å overvinne desse utfordringane og skalere opp responsen til COVID-19, som resulterte i mobiliseringa av meir enn 130 millionar vaksinedosar og kapasitet til å utføre gensekvenseringsanalyse av 7700 virusprøvar.’
Iran tvang gjennom nedstengingar, gjorde munnbind obligatorisk og iverksette vaksinepåbod akkurat som alle andre. Dei søkte òg om eit covid-lån på fem millionar dollar frå IMF.
Medan ekte globale outsiderar kjempa for interessene til nasjonen sin og ‘døydde plutseleg’ for bryderiet, spelte Iran gledeleg med. Dei gjorde liva til vanlege iranarar kortare og tristare, og elitane deira som gjorde dette tente mykje pengar.
Konklusjon
Bevismengda viser utvitydig at det noverande iranske regimet historisk har samarbeidd med vestlege, pro-globalistiske makter, til skade for sitt eige folk og i favør av dei gjensidige interessene til den politiske klassen på begge sider – og det MÅ føre til at ein stiller spørsmål ved alt dei gjer.
Inkludert denne krigen.
Vi lever i ein alder av falske anten/eller-konstruksjonar og ‘det minste av to vonde’, so kvifor skulle ikkje det systemet av tankekontroll òg kunne brukast på krigføring?
Vi blir bedne om å tenkje i enkle merkelappar – muslimar versus kristne. Menneskerettar versus Sharia-lov. Demokrati versus teokrati. Regimeendring versus nasjonal suverenitet. Anti-etablissementsrebellar versus imperialistiske oljejegerar.
Men vi veit utifrå fortidig erfaring at desse forenklingane blir brukt til å skjule stundom djupe, innvikla og særs annleis realitetar av samanfallande interesser og lydigheit overfor narrativ.
Og vi veit at denne krigen allereie har hjelpt enkelte fundamentale aspekt av ‘Great Reset’-agendaen, som truleg er den største noverande trugselen mot menneskeheita.
Er dette alt denne krigen handlar om? Nei, sannsynlegvis ikkje. Der er truleg mange narrativ som blir følgde og mange interessegrupper som prøver å dra nytte av det, og sjølv kynisk utførde krigar kan produsere kaos og utilsikta utfall. Vi kan anta at kvar ein myrda iransk leiar ikkje hadde som intensjon å ende opp død, til dømes, sjølv om det ville ha vore naivt å anta at maktstrukturen ikkje ville ha ofra sjølv nokre av sine eigne no og då.
Orwell forstod dei gjensidige interessene til herskarelitane når det gjaldt fremjing av krig, og kontroll av utfallet til den. Han forstod at måten den er selt til proletariatet ikkje er måten den er sett på gjennom auga til dei som organiserer og dreg nytte av den.
Sjølv medan denne krigen pågår, driv Iran framleis og fremjar covid-løgnene, drei driv framleis og følgjer globalistprogramma, og dei driv framleis og jobbar med sin Sentralbank-digitalvaluta, og driv framleis og byggjer sin digitalidentitetsinfrastruktur.
Vi må hugse det, og vi må utvikle ein meir sofistikert måte å forstå – og opponere mot – dei nye post-covid-krigsnarrativa.
Vi lever ikkje i 2003 lenger. Vi kjenner til det globalistiske sluttspelet, og det dreiar seg verken om amerikansk hegemoni eller eit islamsk kalifat. Heller dreiar det seg om eit program om digital kontroll av pengar, mat og reise som avgrensar menneskeleg fridom.
Eit program begge sider av denne krigen støttar.»
