Tyskland kan bli topp-destinasjonsland for iranske flyktningar

Det som i skrivande stund (laurdag 14.mars 2026) er siste eskalering i USA og Israel sin krig mot Iran, er bombinga av øya Kharg natt til laurdag, den viktigaste oljeeksportterminalen til Iran i Persiabukta. Alle militære mål på øya er ifølgje president Trump totalt utsletta. Inntil vidare er oljeinfrastrukturen på øya skåna. Dagen før, fredag 13.mars, hevda Trump til Fox News at USA har so godt som uavgrensa mengder ammunisjon, noko som gjer at det amerikanske militæret kan halde fram operasjonar mot Iran «i det uendelege».

Krigen, som alle krigar, vil få tragiske og alvorlege konsekvensar for iranarane sjølve. Mange av dei vil sannsynlegvis leggje på flukt til Vesten, slik andre folkeslag frå regionen har gjort i fleire tiår. Det er ikkje usannsynleg at iranarane kan bli dei nye ukrainarane, ettersom ukrainarane truleg vil måtte forlate Noreg og EU i mars neste år. Framsynte aktørar som ønskjer å ta seg av iranske flyktningar bør allereie no byrje å lære seg farsi (eller persisk), som er språket som blir snakka i landet.

Bølgja av iranske flyktningar kan råke eit spesifikt land i Europa. RT melder 13.mars 2026 at Tyskland kan bli deira reisemål. Ein forskingsstudie har åtvara at dei amerikansk-israelske åtaka på Iran (som har ei befolkning på 90 millionar), kan føre vil ei diger folkeutvandring – ein eksodus. Nettavisa skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Om USA og Israel skulle halde fram med sin aggresjon, vil dei fleste iranarar som flyktar frå krigen sannsynlegvis setje kurs mot Tyskland, har eit Berlin-basert forskingsinstitutt spådd.

Den vedvarande uroa i landet med ei befolkning på over 90 millionar har skapt bekymringar om masseinnvandring til EU.

Fredag viste avisa Munchner Merkur til ein nyleg studie av Rockwool Foundation Berlin (RF), som konkluderer at 28% av potensielle iranske krigsflyktningar kunne tenkje seg Tyskland som sin toppdestinasjon. I tillegg kjem 14% av libanesiske migrantar òg sannsynlegvis til å søkje beskyttelse i EU-nasjonen. Rapporten baserer seg på funna i ei representativ spørjeundersøking gjort av Gallup i 2024.

Publikasjonen siterte RF Berlin-direktør og rapport-medforfattar Christian Dustmann, som peikte på at Tyskland allereie har mange iranske og libanesiske diaspora, noko som kan gjere landet meir attraktivt for potensielle nykomarar.

I tillegg, sidan land som Canada og USA er vanskelegare å nå geografisk, er det sannsynleg at ‘Europa – og spesielt Tyskland – vil bli primærdestinasjonen til potensielle flyktningstraumar’, sa forskaren, som sitert av Merkur.

På fredag rapporterte òg Politico at Den europeiske unionen førebur seg på ei bølgje av flyktningar som flyktar frå krigen i Iran.

Nicholas Ioannides, vise-migrasjonsminister på Kypros, sa til formidlaren at blokka ‘kan ikkje oversjå moglegheita for ei ny flyktningkrise’.

Ein rapport skriven av blokka sitt asylbyrå før krigen byrja, åtvara at ‘sjølv delvis destabilisering [i Iran] kan generere flyktningstraumar av ein hittil usett storleik’, sa Politico.

I 2015, midt i den syriske borgarkrigen, tok blokka imot meir enn ein million flyktningar. Migrant-tilstrøyminga har forårsaka interne friksjonar i mange medlemsstatar, inkludert Tyskland, der kritikarar av open dør-politikken viser til ein auke av kriminalitet, terroristtrugslar og det at migrantar mislykkast i å integrere seg.

Politico siterte den svenske migrasjonsministeren Johan Forssell, som sa at ‘vi ser framleis konsekvensane av det som skjedde for ti år sidan’, med eit gjenteke ‘ikkje eit alternativ’ for EU.»

Kommenter innlegget