Fordelane med kunstig intelligens – forklart av kunstig intelligens

Biletet er KI-generert og basert på innhaldet i teksten.

Skribentar, illustratørar og musikarar over heile Vesten ligg sannsynlegvis vakne om nettene på grunn av den store «trugselen» som kunstig intelligens (KI) blir påstått å utgjere. Alt etter kva kjelder ein ser på, blir KI skulda for alt frå å ta frå folk jobbane til å i framtida utslette menneskeheita. Om KI blir seg sjølv bevisst, vil den sjå på menneske som svake, unyttige og kranglevorne – som uønskte element som må fjernast, omtrent som når ein bonde oppdagar ugras i åkeren. I tråd med dagens lynraske utvikling av KI, som krev enorme mengder energi (derav alle datasentera som blir bygt overalt), tenkjer enkelte seg at KI ein dag kan bli om til eit allmektig vesen som kanskje har vonde føremål.  

Same kva kritikarar seier, er KI komen for å bli. No når potensialet ligg der, ville det ha vore bakstreversk og toskete å fullstendig avvise denne historisk unike teknologien. Faktisk burde vi alle støtte den vidare utviklinga av dei gode sidene til teknologien, og heller jobbe for å innføre eit lovverk som avgrensar misbruk og annan potensielt farleg og uvørden bruk. Alle kan her gjere ein innsats. Det kan til dømes vere klokt å kjøpe aksjar i KI-selskap – utan at nokon bør sjå på dette som eit økonomisk råd; gjer alltid dine eigne undersøkingar før du føretek potensielt livsendrande val.

Saksyndig har spurt ein KI (som her «ønskjer» å vere anonym) kva den meiner er fordelane med kunstig intelligens, og denne artikkelen er basert på svaret som dukka opp. For å presisere: denne artikkelen er ikkje skriven av kunstig intelligens. Eg forklarer med mine eigne ord det som KI-en leverte.

Kort fortalt gjer KI mange oppgåver raskare, meir presise og meir personlege. Ein sparer tid, hjelper til med betre avgjerder, forbetrar tenester som helse og kundestøtte, og kan skape nye jobbar og innovasjon i Noreg. Dette tydar enklare tenester, smartare drift i verksemder og betre datadriven støtte i helse og industri.

Nokre spørsmål som det kan vere klokt å stille seg er:

  1. Kva ønskjer du å forbetre? Tid, kostnad eller brukaroppleving?
  2. Kva slags rutineoppgåver kan automatiserast? Kva data finst allereie, og kven blir påverka av endringane?

Ein blir tilrådd å byrje smått med eitt konkret problem, måle effekten og skalere om det fungerer.

KI kan ta over repeterande oppgåver slik som dataregistrering, sortering og rapportering, slik at menneske kan fokusere på kreativt og strategisk arbeid. Resultatet blir færre timar brukt på rutinar, og raskare arbeidsflyt. NRK og andre publiserer til dømes samandrag av lange artiklar for folk som ikkje har tid til å lese heile artikkelen. Samandraga blir laga med hjelp av KI, men blir «kvalitetssikra» av journalistane før publisering.

KI kan analysere store datamengder raskt og finne mønster som menneske lett overser. Dette kan i teorien gje meir informerte val i verksemder, helsevesen og offentleg sektor.

Tenesteleveringa kan bli meir personleg og relevant, ved at systema kan tilpasse tilrådingar, læringsopplegg eller helseråd til den enkelte brukaren.

Innan kundeservice blir no chatbotar og sokalla «virtuelle assistentar» brukt. Dei kan svare raskt på vanlege spørsmål døgnet rundt, noko som frigjer tilsette til meir komplekse oppgåver. Intensjonen er at kundar skal få raskare hjelp, og at verksemder sparer ressursar.

KI gjer nye produkt og forretningsmodellar moglege, noko som kan skape nye jobbar og konkurransefortrinn.

KI bør derimot brukast med ei viss varsemd. Viktige risikomoment involverer personvern og dataansvar. KI treng ofte mykje data, og desse må handterast på ein sikker måte. Personopplysningar på avvege er eit PR-mareritt og kan føre til identitetstjuveri eller verre. Ein må òg ta til etterretning at feil og skeivheiter i data kan gje uriktige eller urettferdige resultat. Svara frå KI bør alltid faktasjekkast og «kvalitetssikrast» av menneske. Medan det er riktig at enkelte jobbar kan forsvinne, kan samstundes nye roller oppstå. Det kan vere lurt å planleggje opplæring og omstilling, og dagens moderne leiing har endring og omstillingsprosessar som to essensielle punkt.

Saksyndig-redaktøren støttar bruk av kunstig intelligens som eit hjelpemiddel, slik som blir forklart i denne artikkelen. I vår hypertravle, superopptekne kvardag er alt som kan spare oss tid og krefter uvurderleg. Tid er den einaste ressursen vi aldri kan få igjen, og alt som stel tid frå oss bør tolkast som ein endå større trugsel enn ein mogleg, framtidig KI-gud.

Kommenter innlegget