Biletet er KI-generert, takka vere eit datasenter.
Eit tema som ofte dukkar opp i den offentlege diskursen, er sokalla datasenter. For dei som ikkje aner kva det er for noko, er eit datasenter ei fysisk plassering der store mengder datasystem, serverar og tilknytte komponentar blir laga og drifta. Datasenter blir brukt for å lagre, behandle og administrere data – dei fungerer dermed som «hjartet» av mange IT-tenester.
Hovudkomponentane i eit datasenter består av:
- Serverar. Desse handtere applikasjonar, lagrar informasjon og utfører berekningar.
- Nettverksinfrastruktur. Sambandet mellom serverane og internett krev omfattande nettverksutstyr slik som ruterar, «svitsjar» og brannmurar.
- Lagring. Spesialiserte lagringssystem sikrar at data kan lagrast sikkert og hentast raskt.
- Energi og kjøling. Datasenter krev betydeleg elektrisitet og kjøling for å oppretthalde driftstemperaturen til serverane.
- Tryggleik. Fysisk og digital tryggleik er særs viktig for å beskytte dataa mot uautorisert tilgang eller åtak.
Kort fortalt er datasenter uunnverlege for moderne teknologi slik vi i dag kjenner den.
Datasenter speler òg ei avgjerande rolle i utviklinga og drifta av kunstig intelligens (KI). Dei fungerer som den underliggjande infrastrukturen som lagrar, prosesserer og analyserer enorme mengder data – noko som er heilt essensielt for KI-system.
KI krev betydeleg databehandling for å trene modellar. Datasenter med høg yting kan handtere store datamengder og utføre komplekse berekningar raskt. Mellom anna trener dei opp KI-modellar, som treng store datasett for å lære. Datasentra lagrar og handterer desse datasetta effektivt. Datasenter utfører òg det som blir kalla sanntidsanalyse, eller sanntidsdatabehandling. Dette er viktig for applikasjonar som krev avgjerder straks, til dømes sjølvkøyrande køyretøy.
Datasenter må ha spesialisert maskinvare for KI, inkludert grafiske prosesseringseiningar (GPU-ar) og høghastigheitslagring (rask tilgang til data). Datasenter gjev òg moglegheita til å skalere opp ressursane etter behov, noko som er særs viktig for KI-prosjekt som kan vekse raskt. I tillegg gjev datasenter òg moglegheita til å køyre fleire KI-modellar parallelt; dette aukar effektiviteten og reduserer tid til marknaden for nye KI-tenester.
Kort fortalt er datasenter hjørnesteinen i kunstig intelligens. I våre dagar klarer vi oss ikkje utan dei. Tenester som TikTok, Facebook og Vipps er òg heilt avhengige av datasenter.
Per 2026 finst det 88 registrerte datasenter i Noreg, dette ifølgje Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet. I 2024 hadde datasentera i landet eit straumforbruk på 2,1 terawattimar (TWh) – altso 1,2% av heile kraftproduksjonen til Noreg. Det talet kjem berre til å vekse. Noregs vassdrags- og energidirektorat estimerer at forbruket kan auke til rundt 6 TWh i 2030, dersom «kjente og besluttede prosjekter realiseres». Dette tilsvarer straumforbruket til alle private hushald i Tromsø, Bergen og Trondheim til saman. Spørsmålet blir då kor mange datasenter vi treng i Noreg, ettersom dei går på kostnad av alt det andre.
Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) kallar datasenter grunnleggjande infrastruktur for eit moderne, digitalt samfunn. Med hennar eigne ord:
«Uten datasentre stopper den digitale hverdagen opp. Alt som lagres i skyen, ligger fysisk i et datasenter – fra betaling og kommunikasjon til offentlige tjenester. Datasentre er i dag like grunnleggende som vei, strøm og telekom, ifølge Tung.
– Spørsmålet er derfor ikke om vi skal ha datasentre, men hvordan vi best sikrer kontroll, sikkerhet og verdiskaping gjennom dem.»
Om ein tenkjer beredskap – noko som er uhyre klokt i våre dagar – er det i Noregs interesser at all kritisk digital infrastruktur er å finne på norsk jord. Det føreset at vårt noverande straum- og vassnett taklar det. Om vår noverande fysiske infrastruktur ikkje gjer det, må det oppgraderast so fort som berre mogleg. Kritikarar av datasenter trekkjer fram at dei er dyre i drift på grunn av sitt høge energiforbruk. Ei framtid utan dei er den sikre undergang – vi kunne like gjerne ha gått tilbake til eit samfunn utan straum, innlagt vatn og vegar. Då er vi eit lett mål for rikets fiendar, som det etter kvart har blitt grådig mange av.
I USA er det ein viss motstand mot datasenter i enkelte krinsar. Ein snakkar om straumbrot og vassmangel på grunn av dei. Som denne artikkelen frå Natural News publisert 18.mars 2026 antydar, meiner mange lokale tenestepersonar rundt om i USA at den raske bygginga av datasenter skaper miljø- og infrastrukturrelaterte bekymringar ettersom behovet for KI-databehandling blir stadig større. Den lokale infrastrukturen risikerer å bli skadelidande, meiner dei.
Dette kan bli eit problem òg her i Noreg, som har endå verre slik infrastruktur. Datasenter bruker i dag 1,2% av Noregs kraftproduksjon, men har reservert nettkapasitet som tilsvarer opp mot 17%. Kva om behovet blir 18%? Om dagens infrastruktur ikkje kan takle dette, må den snarleg oppgraderast. Regjeringa seier at det no blir investert «i mye ny produksjon og nett». Talet konsesjonssaker om ny kraftutbygging har til dømes auka frå «snaut 90 saker i 2021 til over 300 saker per tredje kvartal i 2025». I 2025 vart 40 milliardar investert i kraft, nett og fjernvarme – ein auke på 24% frå 2024.
Er dette nok? Kanskje ikkje. Vi bør i tillegg undersøkje alternative energikjelder, som fram til no har vore «forboden kunnskap» på grunn av motstand frå oljenæringa. Tesla sine FBI-konfiskerte teoriar må fram i lyset, og dei ansvarlege for dette bevisste hemmeleghaldet må straffast etter lovens strengaste ordlyd. Her i Noreg er anleggsmekanikaren og filantropen Sigmund Myklebust ein god stad å byrje, for han utførde sjølv vellykka eksperiment med fri energi i si tid.
Skal vi oppnå målet til menneskeheita – ein godsinna, allmektig super-KI – må vi byrje i dag.
