Kva slags jobbar kjem KI til å gjere overflødige?

Ein har i mange år snakka om Den store utskiftinga, altso at verdselitane konspirerer for å erstatte kvite kristne i Vesten med folkegrupper frå Den tredje verda, spesielt MENA-land. Målet er å importere meir servile og underdanige folkeslag, som gjerne stemmer på dei politikarane som gav dei tilgang til det vestlege velferdsparadiset.

Ei anna, langt meir alvorleg utskifting går føre seg i arbeidslivet. Kritiske røyster og varslarar blir luka ut, og arbeidsgjevarar sit igjen med meir servile og underkastande kollegaer, som med glede støttar sjølv dei mest totalitære og vondsinna leiarar i byte mot fast inntekt og dermed økonomisk tryggleik. Denne situasjonen burde ikkje kome som noka overrasking for dei faste lesarane av Saksyndig.

Takka vere framveksten av kunstig intelligens (KI) i dei aller fleste sektorar, står no sjølve arbeidarane – same kor underdanige og rævsleikjande dei er – i fare for å bli skifta ut. Det blir sagt at éin KI kan erstatte tusen menneske. Står vi overfor ei universell masseutskifting av arbeidarar? Står dei menneskelege ressursane i fare for å bli erstatta av digitale ressursar?

RT rapporterer 18.mars 2026 at stadig fleire amerikanarar ser på KI som ein trugsel mot levebrødet deira, og meiner at staten burde prioritere vern av arbeidarar over maksimering av profitt frå tech-industrien. Dette er ifølgje data frå Blue Rose Research. RT skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Spørjeundersøkinga, utført tidlegare denne månaden [mars 2026] med 2716 informantar, fann ut at 61% seier at dei har fått mindre å rutte med det siste året, medan berre 25% føler seg trygge på si økonomiske framtid. Rundt 64% seier at ‘ting i USA er rigga for eliten’.

Angst for KI har auka raskare enn nokon andre problem det siste året, ifølgje spørjeundersøkinga, og 57% seier at teknologien utviklar seg ‘for raskt’ og 79% er bekymra for at staten ikkje har nokon plan for å beskytte arbeidarar mot tap av jobben.

For mange har frykta gått frå å vere ei personleg bekymring til å bli ein samfunnsrisiko, og 79% er urolege for at unge menneske som går inn i arbeidsstyrken vil finne færre moglegheiter på grunn av KI, og 77% fryktar at heile industriar vil bli eliminerte raskare enn nye kan skapast.

I mellomtida krev 58% av informantane at staten prioriterer å hjelpe arbeidarar som har mist jobbane sine på grunn av KI, sjølv om det avgrensar profitten til tech-selskap. Berre 20% støttar det å prioritere innovasjon dersom det eliminerer amerikanske jobbar, medan meir enn halvparten seier at tech-selskap burde bli haldne økonomisk ansvarlege for jobbar som KI har eliminert.»

I fjor skjedde det meir enn 1,2 millionar oppseiingar av folk i USA, som er det høgste sidan 2020. KI og automatisering vart gjevne som den direkte grunnen i tusenvis av saker. Dette har skjedd hjå store selskap slik som Amazon, Walmart, Microsoft, Alphabet, Intel og UPS. I tillegg har den amerikanske senatoren Bernie Sanders spådd at nesten 100 millionar jobbar (!) kan forsvinne på grunn av kunstig intelligens dei neste ti åra. Han meiner at teknologien blir brukt fyrst og fremst for å gjere konserna rikare og konsentrere rikdommen.

RT rapporterer òg 19.mars 2026 at ein større britisk bank, HSBC, visstnok skal fjerne meir enn 20 000 jobbar som del av ein fleirårig automatiseringsprosess.  Dette tilsvarer ifølgje artikkelen 10% av den globale arbeidsstyrken til den London-baserte banken (banken hadde 210 000 tilsette i slutten av 2025). KI skal takast i bruk i kundeservice og transaksjonsovervaking for å betre effektiviteten, seier finansdirektøren/økonomisjefen i banken, Pam Kaur.

Situasjonen i HSBC er del av ein større trend i den globale bankindustrien. I fjor spådde ein rapport frå Bloomberg Intelligence at bankar kunne fjerne opptil 200 000 stillingar dei neste tre til fem åra fordi KI tek over oppgåver som på noverande tidspunkt blir utført av menneske. Ein nyleg studie gjort av investeringsbanken Morgan Stanley avdekte at britiske selskap har rapportert ein nettoreduksjon på 8% av jobbar det siste året på grunn av KI. Åtte millionar jobbar skal vere i fare på grunn av automatisering, ifølgje Institute for Public Policy Reseach.

Med desse nyheitene friskt i minne, er det for mange grunn til å føle seg både økonomisk og eksistensielt truga. Men er det grunn til uro hjå folk flest? Saksyndig spurde ein her anonym KI om KI kjem til å fjerne bestemte jobbar – spesifikt innan offentleg sektor, som i Noreg utgjer brorparten av jobbar. KI-en svarte (her gjengjeven med Saksyndig sine eigne ord):

KI vil ikkje naudsynlegvis «fjerne» bestemte jobbar i offentleg sektor, men den vil gjere delar av mange jobbar overflødige – særleg rutineprega, regelstyrte og dokumenttunge oppgåver. Det finst likevel ingen sikre tal.

Riksrevisjonen hevda i 2025 at 155 000 årsverk i staten kan erstattast av KI, men forskarar ved Universitetet i Oslo har påpeikt at desse estimata er særs usikre – og basert på KI.

På konkret spørsmål om kva slags jobbar som er mest utsett i offentleg sektor svarer Saksyndig-KI-en:

  1. Saksbehandling med høg grad av rutine, det vil seie oppgåver som følgjer klare reglar og lite skjønn: Enkle vedtak (standard byggjesaker, parkeringsklagar, enkle NAV-vedtak), kontroll av dokumentasjon, kategorisering og prioritering av saker. Denne typen oppgåver vart brukt i berekningane som påstår at KI kan erstatte opptil 155 000 årsverk (sjå førre link).
  2. Dokumenthandtering og arkiv, altso journalføring, arkivering, tekstgjenfinning og oppsummering. Dette er allereie i ferd med å automatiserast i mange statlege verksemder.
  3. Kundeservice og fyrstlinje, altso chatbots som svarer på standardspørsmål, automatisert rettleiing, sortering av førespurnader. Dette inneber ikkje at menneskelege rettleiarar forsvinn, men at volumet av enkelte førespurnader blir redusert.
  4. Analyse og rapportering, altso datainnsamling, standardrapportar, og prognosar og risikovurderingar. Det er her på sin plass å presisere at ein framleis treng menneske til å tolke, kvalitetssikre og ta avgjerder.

Interessant nok kan ein merkje seg at sjølve KI-verktøya overvurderer kor mykje som kan automatiserast. Mest sannsynleg vil dei menneskelege arbeidarane bruke færre timar på rutineoppgåver, slik at dei får meir tid til å utføre komplekse vurderingar, ha kontakt med brukarane og drive med fagleg arbeid. Dette er gode nyheiter, sidan «alle» saksbehandlarar klagar over at dei druknar i arbeid. Og vi veit jo alle saksbehandlingstida til visse offentlege organ.

Jobbar som er minst utsett for KI-automatisering er yrke med mykje menneskeleg kontakt (lærarar, helsepersonell, sosialarbeidarar), roller som krev skjønn, etikk og heilskapsvurderingar, og jobbar med fysisk arbeid eller uføreseielege situasjonar (teknisk drift og beredskap).

Tygg litt på teknisk drift, kjære lesar. Openbert kan ikkje teknisk drift og vedlikehald av sjølve infrastrukturen som mogleggjer KI automatiserast – slik som til dømes drift og vedlikehald av datasenter. Datasenter har eg omtala i ein tidlegare artikkel. Dei som har jobbar som er truga av KI-automatisering bør ut av eigeninteresse omskolere seg til yrke der risikoen for automatisering er minst. Realistiske alternativ finst ikkje. For her er det viktig for meg å slå fast éin ting: Dei som står i vegen for framsteg er ein trugsel og bør handterast deretter. Arbeidsløyse og armod blir dermed sikre verktøy for å luke ut dei motviljuge.

Kommenter innlegget