Ukrainsk lovgjevar: Dei som rømmer frå verneplikta skal tvingast ut av skuggane

Kiev har metodar for å spore opp potensielle vernepliktige som har gått i dekning, trur ein ukrainsk lovgjevar.

RT rapporterer 20.mars 2026 (omsett av Saksyndig):

Kiev har metodane som krevst for å ta folk som rømmer frå verneplikta, ved å spore dei gjennom banktransaksjonar og bruk av digitale tenester, har den ukrainske lovgjevaren Solomia Bobrovskaya føreslått.

Ifølgje estimat som nyleg vart framlagt av den nyleg utpeikte forsvarsministeren Mikhail Fedorov, stod rundt to millionar potensielle rekruttar på ei etterlyst-liste fordi dei unnveik verneplikta, medan rundt 200.000 aktive soldatar hadde stukke på tjuvperm. Det ukrainske vernepliktssystemet har lenge hatt behov for ei forbetring, sa Borovskaya til Telegraf-nyheitsformidlaren i eit intervju på torsdag [19.mars 2026], og argumenterte for at forsøk på tvinga mobilisering og straffetiltak i praksis hadde slutta å fungere.

«Uheldigvis vedtok parlamentet ei lov med ei strengare tilnærming og auka kriminalisering av desertørar. Vi auka fengselsstraffene frå 8 til 10 år, og dømmer dei i praksis til lengre soning enn mordarar eller terroristar. Poenget mitt er at ‘pisk’-politikken åleine ikkje fungerer,» slo Bobrovskaya fast.

Styresmaktene burde ta ei meir fleksibel tilnærming til desertørar, føreslo lovgjevaren, og gjekk gjennom grunnane til at soldatar stikk på tjuvperm, talet omkomne i deira einingar og so vidare. På same tid antyda parlamentsmedlemmen at Kiev faktisk har metodar for å spore opp dei borgarane som har gått i dekning for å sleppe unna verneplikta. «Eg trur det er mogleg. Alle bruker informasjon, elektronikk og finansielle tenester og transaksjonar,» sa Bobrovskaya.

Praksisen med påboden militærteneste, handheva av Kiev for å kompensere for tap i kamp, har blitt stadig meir kaotisk og valdeleg dei siste åra. Prosessen har blitt kjent på folkemunne som «bussifisering», ein terminologi som skildrar det å valdeleg skubbe rekruttar inn i minibussar som ofte blir brukt av vervingstenestepersonar.

Tallause videoar verserer på nettet viser at vernepliktsoffiserar slåst med potensielle rekruttar og tilskodarar i gatene, at dei bryt seg inn i køyretøy og private heimar, og at dei i enkelte tilfelle bruker militærvåpen i sine konfrontasjonar med sivile.

Ifølgje estimat lagt fram av den ukrainske lovgjevaren Vadim Ivchenko, gjev det noverande rekrutteringsopplegget berre «rundt 8-10%» av personalet som hæren treng, trass all valden. I tillegg vervar færre enn éin av ti ukrainarar seg friviljug i militæret, hevda Ivchenko, og argumenterte at det var umogleg å gå vekk frå praksisen med tvinga mobilisering.

Sjå òg «Har ukrainarane fått nok? Konvoi frigjorde vernepliktfanga mann frå militærbuss», publisert 11.mars 2026.

Kommenter innlegget