Amerikanske soldatar misfornøgde med åtak på Iran: «Vi ønskjer ikkje å døy for Israel!»

Enkelte medlemmer av det amerikanske militæret er skuffa over det militære åtaket mot Iran, og seier at dei «ikkje ønskjer å døy for Israel», rapporterte HuffPost si nettside.

Henta frå Sputnik Globe 23.mars 2026. Omsett av Saksyndig.

Publikasjonen, som intervjua militærpersonell, reservistar og menneskerettsorganisasjonar som er forkjemparar for militærpersonell, hevdar at enkelte medlemmer av militærpersonellet som er involvert i denne konflikten klagar over sårbarheit, alvorleg stress, skuffelse og desillusjonertheit, til det punktet der dei til og med vurderer å forlate militæret.

«Eg høyrer direkte frå munnane til tenestemedlemmer ‘Vi ønskjer ikkje å døy for Israel – vi ønskjer ikkje å vere politiske brikker’,» er ein reservist og mentor for unge soldatar sitert å seie i artikkelen.

Ein merkjer seg at ein annan reservist, som held kontakt med militæret som er involvert i konflikten, òg snakka med HuffPost om ein liknande trend.

Publikasjonen la vekt på at misnøye med det amerikanske militæret relatert til Washingtons operasjonar i Midtausten, so vel som problem med moralen blant tenestemedlemmer, kan gjere at kampanjen har mindre sjanse for å lukkast.

Publikasjonen skriv at reservistar peiker på mangelen på eit tydeleg, konsekvent narrativ som rettferdiggjer ein krig mot Iran som sjølve hovud-demoraliseringsfaktoren.

Fredag rapporterte CBS News – der dei viste til informerte kjelder – at Pentagon hadde førebudd detaljerte planar for den moglege utsendinga av bakkestyrkar til Iran for å gje Trump-administrasjonen den fulle rekkjevidda til militærscenarioa under den eskalerande konflikten i Midtausten. [Altso at bakkestyrkar blir den siste biten som gjev militæret tilstadevering overalt i Iran – på bakken, i lufta, i sjøen – slik at alle moglege strategiar kan prøvast ut; oms.komm.]

USA og Israel byrja å gå til åtak på Iran 28.februar [2026]. Iran sette i verk gjengjeldingsåtak mot israelsk territorium og amerikanske militærfasilitetar i Midtausten.

Kommenter innlegget