Biletet er KI-generert.
I ei tid der dieselprisen for fyrste gong i historia har bikka 30 kroner literen – i forhold til rundt 12 kroner literen i 2020 – er det på tide å ta ein titt på alle orsakingane globalistane bruker for å halde drivstoffprisane på eit uuthaldeleg nivå for folket. Det openberre målet er å oppmuntre til mindre bruk av privatbil, helst ingen bruk i det heile. Det er mellom anna føremålet med alle bomstasjonane som dukkar opp overalt, stikk i strid med folkeviljen. Eliten har alltid sett på privatbilar som ein trugsel på grunn av den openberre autonomien dette inneber for folk flest.
No blir situasjonen i Hormuz-stretet brukt som nok ei orsaking for å auke drivstoffprisane. I samband med dette har Det internasjonale energibyrået (IEA) kome med ein radikal tipunktsplan som oppmodar regjeringar rundt om i verda til å leggje strenge føringar på oljeforbruk. Dette vil drastisk avgrense personleg fridom, spesielt retten til å reise. Alle skal helst halde seg der dei bur, slik som stoda var under føydalsystemet i mellomalderen. Vi, slaveklassen, skal nektast å flytte på oss.
Patrick Lewis i Natural News skriv 23.mars 2026 (omsett av Saksyndig):
«Forslaget [tipunktsplanen], som er framstilt som ein respons på krigen [i Midtausten] sin påverknad på oljefrakt gjennom Hormuz-stretet, inkluderer lågare fartsgrenser, handheving av bilfrie sundagar, påby heimekontor, og aggressivt pushe offentleg transport – retningslinjer som er i nifst samsvar med den langvarige globalistiske agendaen om å gjere slutt på privatkøyretøy-eigarskap, og kontrollere mobilitet. […]
IEA påstår at Midtausten-konflikten har utløyst den ‘største forsyningsforstyrringa i historia til den globale oljemarknaden’, og viser til redusert skipstrafikk gjennom Hormuz-stretet. Likevel argumenterer skeptikarar at dette narrativet er overdrive, om ikkje fullstendig oppdikta, for å rettferdiggjere førehandsplanlagde restriksjonar som har lite å gjere med krigstidsrelaterte manglar. Timinga er mistenkjeleg – dette kjem samstundes som globale elitar i World Economic Forum (WEF) og Sameinte nasjonar (SN (nynorsk)/FN (bokmål)) openlyst kjempar for ’15-minuttsbyar’, karbonrasjonering og fjerninga av drivstoff-køyretøy.
Dei føreslegne tiltaka til IEA – slik som å redusere fartsgrensa på motorvegar med 6 miles i timen (10 km/t), påtvinge arbeid heimanfrå tre dagar i veka og forby bilar om sundagane – speglar WEFs ‘Great Reset’-blåkopi, som har som mål å kondisjonere folket til å akseptere redusert levestandard under påskot av ‘berekraft’. Mest merkverdig gjer desse retningslinjene ingenting for å auke energiproduksjonen eller sikre alternative forsyningsruter – dei berre avgrensar borgarane si moglegheit til å reise fritt. […]
Rapporten til IEA seier eksplisitt at ‘tiltak på kravsida’ er naudsynlege for å ‘endre forbrukaråtferd’ – ei tynt tildekt innrømming at dette handlar om sosial styring, ikkje det å løyse ei energikrise. Blant dei mest alarmerande forslaga:
- Bilfrie sundagar og datokøyring: Eit direkte åtak på bruken av privatkøyretøy, noko som tvingar borgarane over på statskontrollert offentleg transport medan ein eliminerer reise-spontanitet.
- Lågare fartsgrenser: Ein taktikk for å frustrere sjåførar til å gje opp bilar heilt, under det falske påskotet om drivstoffeffektivitet.
- Påbod om heimekontor: Eit anna steg mot digital overvaking, sidan heimekontor gjer arbeidarar lettare å overvake, medan ein frårøvar dei arbeidsplassrettar og band til samfunnet.
- Presse fram offentleg transport: Ein inngangsport til digital sporing via billettar og app-baserte billettar, noko som er i samsvar med det meir generelle forsøket på å trumfe gjennom digital-ID og sosialkredittsystem.
Desse tiltaka er ikkje mellombelse løysingar – dei er permanente steg mot den globalistiske visjonen om eit ‘etterbils’-samfunn, der individuell mobilitet er eit privilegium, ikkje ein rett. […]
Det plutselege hastverket til IEA fell saman med eskalerande klimahysteri, trass overveldande bevis for at CO2 ikkje er den eksistensielle trugselen som eliten påstår. Dei same byråa som no krev oljekutt har lenge fremja klimaendringsbløffen, og brukt den til å rettferdiggjere alt frå karbonskatt til energirasjonering. Dette siste presset er ikkje annleis – å bruke Midtausten-ustabilitet som brekkstang for å få fortgang i den anti-menneskelege politikken til Great Reset.
I tillegg nemner IEA-rapporten i forbifarten å flytte flytande petroleumsgass (LPG (engelsk liquefied petroleum gas)) vekk frå transport og over på ‘essensielle bruksområde slik som matlaging’ – eit urovekkjande hint om komande hushaldsenergi-rasjonering. Kombinert med krav om å redusere flyreiser og ein overgang til ‘alternative matlagingsløysingar’, er det tydeleg at det endelege målet er energi-strengheit, der borgarar blir tvinga til avhengigheit av statskontrollert infrastruktur. […]
IEA, som er nært knytt til globalistorgan slik som WEF og SN/FN, er ikkje ein upartisk rådgjevar – det er eit verktøy for eliten. Direktøren, Fatih Birol, har lenge samarbeidd med klimaalarmistar og Big Oil-monopol som kan profittere på grunn av kunstig mangel. I mellomtida dreg presset for elektriske køyretøy – tungt subsidiert av skattebetalarane – nytte av dei same konserna som driv lobbyverksemd for forbod mot drivstoffbilar.
Dette handlar ikkje om ‘energitryggleik’ – det handlar om kontroll. Ved å ta kvelartak på oljeforsyninga og kondisjonere folket til å akseptere mindre fridom, legg globalistane grunnmuren for klimanedstengingar, digitalvaluta og fullskala-overvaking.»
