Belgia tek tilbake militærbasar i det 4 000 asylplassar skal forsvinne

Regjeringa seier at minkande tal asylsøknader vil setje i gang stengingane.

Av Thomas Brooke, Remix News, 24.mars 2026. Omsett av Saksyndig.

Belgia skal fase ut tusenvis av asylmottaksplassar som for tida er å finne på militære område for å gjere plass for forsvarsbehov, men ministrar ser ikkje ut til å ha hastverk, sidan dei bekreftar at alle slike senter vil stengje ned seinast innan 2040.

Rundt 4 000 asylplassar skal etter planen forsvinne under regjeringa sin «forsvarsdistriktsplan», som iverkset renovering av eksisterande militærbasar og skapinga av nye rundt om i landet, ifølgje Le Soir.

Erklæringa vart gjort av asyl- og innvandringsminister Anneleen Van Bossuyt og forsvarsminister Theo Francken.

Dei siste åra har Belgia omgjort ei rekkje militærfasilitetar for å handtere presset på asylsystemet sitt, og opna ni mottakssenter på forsvarsområde i heile landet. Desse fasilitetane tilbyr til saman nesten 4 000 plassar, men skal no etter planen gradvis stengjast.

Dei fyrste stadene, som er å finne i Ypres og Koksijde, skal stengjast innan slutten av året. Tidslinjer for dei gjenverande sentera i Arlon, Tournai, Florennes, Glons, Houthalen-Helchteren, Namur og Neder-over-Heembeek har enno ikkje blitt bekrefta.

Van Bossuyt insisterte at stengingane ikkje vil føre til mangel på buplassar. «Den noverande minken i talet registreringar viser at den planlagde reduksjonen av mottakskapasitet på forsvarsområda fullt kan absorberast i det noverande nettverket,» sa ho, og la til at styresmaktene kjem til å halde fram med å overvake global utvikling.

Francken la avgjerda fram som ei tilbakevending til militære kjerneprioritetar, og argumenterte at bruken av forsvarsinfrastruktur for asylbustader alltid var meint som eit mellombels tiltak. «Å bruke forsvarsinfrastruktur for å huse asylsøkjarar var naudsynleg under ei krise, men det kan ikkje vere ein strukturell modell,» sa han.

Han la til at reformer i asylsystemet, kombinert med ein reduksjon av ankomne, letta presset på kapasiteten og lét dei væpna styrkane igjen rette fokuset på si primærrolle. «Ved å reformere asylsystemet og gradvis redusere talet mottekne asylsøkjarar, lettar vi dette presset og lèt brakkene og militærområda våre igjen å fullt vie seg sjølve til sitt primæroppdrag: opptrening, operasjonell beredskap og vern av tryggleiken vår.»

Belgia har vore ute etter å innføre restriksjonar på asylpåstandar dei siste åra, trass avgjerder frå landets høgsterett om å setje på vent nyleg innført lovverk.

Førre juli vedtok regjeringa ei ny lov som lèt styresmakter klassifisere ein asylpåstand som ein «påfølgjande søknad» [engelsk subsequent application] om søkjaren allereie har flyktningbeskyttelse i ein annan EU-medlemsstat. Som skrive av Etias, har mange asylsøkjarar som til slutt kjem til Belgia nettopp det, og dei har vanlegvis landa i Spania, Hellas eller Italia, der asylsøknadene fyrst vart sendte inn, før dei reiste til det landet dei hadde valt seg ut.

Derimot sette den belgiske grunnlovsretten tiltaket på vent førre månad, og refererte problemstillinga til EU-domstolen, noko som indikerer at trekket deira kan vere i strid med EU-lova.

Van Bossuyt insisterte at tiltaket hadde fungert, og viste til data som viste at asylsøkjarar som hevda asylstatus i Belgia, men som hadde flyktningbeskyttelse andre stader, hadde falle med 83 % i dei fyrste fire månadene etter at lova byrja å gjelde.

Ho hevda tiltaket var naudsynt for å hindre «asyl-shopping».

Kommentar frå Saksyndig: Noreg følgjer Dublin-forordninga, som kort fortalt seier at ein flyktning skal bu i det fyrste EU-landet (pluss Noreg, Island og Sveits) som vedkomande har søkt asyl i. Mange flyktningar får fyrst asyl i eit EU-land, til dømes Polen, Tyskland eller Romania, for so å søkje seg til «velferdsparadis» slik som Noreg. Årleg blir mange flyktningar (reelle og påståtte) sendt ut av Noreg – ofte med polititvang – fordi dei har fått asyl i eit sokalla Dublin-land. Dermed unngår Noreg i teorien «asyl-shopping».

Kommenter innlegget