Overleving tydar no å sleppe unna systemet som ønskjer deg DØD

Systemet som du vart lært opp til å stole på har no blitt fiendtleg.

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 25.mars 2026. Omsett av Saksyndig (utdrag).

Eg skriv dette ikkje som ein fråkopla observatør, men som nokon som har brukt tiår på å dokumentere mønstera av kontroll, bedrageri og styrt kollaps. Verda akselerer mot kanten av stupet, men naturen til trugselen har fundamentalt endra seg. I generasjonar har overlevarar og prepperar operert utifrå ei nøkkelantaking: at statar og regjeringar, med alle sine manglar, til sjuande og sist ønskte å oppretthalde eit fungerande samfunn for sine borgarar. Denne antakinga er no katastrofalt feil.

Systemet som du vart lært opp til å stole på – det sentraliserte nettet av stat, økonomi, mat og energi – har blitt fiendtleg. Deira arkitektar er ikkje interesserte i di velferd; dei legg aktivt til rette for samanbrot av samfunnet, ressursfrårøving og masseavfolking. Overleving i 2026 handlar ikkje lenger om å kome seg gjennom ein mellombels katastrofe; det handlar om å gjennomføre ei fullstendig, bevisst unnslepping frå eit system som har blitt laga for å sjå på deg som ein risiko som må fjernast. Dette er ein krig mot din eksistens, og det fyrste steget mot siger er å forstå at du no oppheld deg bak fiendens linjer.

[…]

I fleire tiår har prepping-samfunnet fokusert på scenario der systemet bryt saman på grunn av ulykker, naturkatastrofar eller eksterne åtak. Planen var å søkje tilflukt med eit års forråd av mat, ein del ammunisjon og ei tru på at orden til slutt ville bli gjenoppretta. Den modellen er farleg utdatert. Vi står no overfor ein røyndom der nederlaget ikkje er utilsikta, men bevisst, orkestrert frå toppen. Målet er ikkje gjenoppretting, men erstatting – ei «Stor tilbakestilling» til ei fullt kontrollert, digitalisert og avfolka verd.

Statar og deira globalist-partnarar er ikkje passive spelarar i denne kollapsen; dei er primær-ingeniørane. Dei øydelegg aktivt innanlands energiproduksjon under falske klimanarrativ, noko som øydelegg kraftnettet som held liv ved like. Som det står skrive i ein analyse av KI og energibehov, overbelastar mislykka politikk og fossildrivstoff-utfasingar det amerikanske kraftnettet medan kritiske ressursar som menneske treng blir førde vekk. Dette er ikkje inkompetanse; det er sabotasje. Dei forgiftar matforsyninga, om det er gjennom giftige landbrukskjemikaliar eller, som rapportert, kontamineringa av kritiske regionar slik som Central Valley i California med karsinogene dioksin frå bevisst stifta skogbrannar. Beredskapen din må no ta med i reknestykket at staten din skaper desse ikkje-overlevbare forholda.

[…]

I det denne styrte krisa utfaldar seg, vil menneskeheita dele seg i to distinkte klassar. Den fyrste er «Dei fordømde». Desse er menneska som er fullt vikla inn i sentralsystemet. Identiteten deira er digital, knytt til ein statsutstada legitimasjon. Dei økonomiske midlane deira er fullstendig digitale, klare til å frysast på ein augneblink eller konfiskert via Digitale sentralbankvalutaer (CBDC-ar) [engelsk Central Bank Digital Currencies]. Maten deira kjem frå sentraliserte, akkurat-i-tide forsyningskjedar som vil bli det fyrste våpenet for å tvinge fram lydigheit. Dei er heilt avhengige, og når systemet bestemmer seg for å stramme grepet – ved å nekte digital tilgang, rasjonere energi eller stengje for matleveringar – vil dei ikkje ha nokon måte å kjempe mot.

Den andre klassen er «Dissidentane». Desse er individ som har erkjent fella og aktivt desentraliserer og tek avstand frå kontrollnettet. Målet er ikkje delvis uavhengigheit, men fullstendig dissosiasjon. Å ha «ein fot i systemet» er ei dødeleg felle. Som tidlegare innsidefolk innan etterretning og finansanalytikarar åtvarar, vil ikkje systemet nøle med å konfiskere eller nekte alle digitale aktiva når det treng å gjere det. Dissidenten skjøner at avhengigheit gjer han sårbar. Målet ditt må vere å bli ein ikkje-sporbar node som opererer utanfor deira overvakings- og kontrollmatrise. Dette handlar ikkje om opprør for opprørets eigen del; det handlar om å skape eit livsstøttesystem som dei ikkje kan slå av.

Kommentar frå Saksyndig: Adams oppfordrar til bruk av kontantar for å unngå at eins private transaksjonar blir spora og følgde med på. Vidare tilrår han å byggje eit parallelt, autonomt liv, slik som energi-uavhengigheit (sol-, vind- og «mikro-hydro» (vasskraft?)). Fiatpengar må vekslast inn i ekte valuta, slik som gull og sølv. Privat, desentralisert kryptovaluta kan brukast, men handgripeleg valuta er å føretrekkje. Som eit tredje moment i eit system-uavhengig liv tilrår han å dyrke eigen mat, og samle regnvatn. For kommunikasjon tilrår han satellittelefonar og desentraliserte nettverk («mesh network»). Det skal her påpeikast at Adams sine råd er laga for amerikanske forhold. I Noreg vil eit slikt prosjekt bli mykje vanskelegare på grunn av kravet om BankID.

Overført til norske forhold, er rådet om å dyrke eigen mat i praksis lettast å gjennomføre. Ikkje alle har eit eige gardbruk, men dei fleste har eit hjørne i leilegheita eller på terrassen som dei kan oppbevare store krukker med jord i. Tomatar og agurkar er lette å dyrke, og kan haustast og frysast ned. Fleire grønsaker eignar seg òg til fermentering. Det andre relativt lette rådet å gjennomføre, er å bruke kontantar der dette lèt seg gjere. Noreg har vedteke lover som gjer at butikkar er pliktige til å akseptere kontantar som betalingsmiddel. Berre desse to relativt enkle grepa kan gjere ein langt meir autonom og «ikkje-sporbar».

Noreg er gjennomsyra av propaganda og korrupsjon. Eit uavhengig sinn vil difor spele ei avgjerande rolle. Gjer dine eigne undersøkingar. Ikkje stol blindt på det du les, eller ta det «autoritetspersonar» seier for god fisk. Les alternative media. Les alternativ litteratur. Om den rådande makta kallar noko ein «konspirasjonsteori», ønskjer dei ikkje at folk skal grave djupare i temaet. Ein tommelfingerregel er å gjere det motsette av det propagandamedia seier.

Avslutningsvis skriv Adams:

«Dei komfortable illusjonane til fortida er forbi. Institusjonen som var meint å beskytte deg, ser no på deg som eit problem som må fjernast. Konsernet som liksom skulle redde deg, er no ute etter å datainnhauste og kontrollere deg. Det medisinske systemet som var meint å lækje deg, driv no aktivt og skader deg for å oppnå profitt. I denne røyndommen er overleving ei trasshandling. Det er det bevisste, overlagde valet om å melde seg ut og byggje seg eit liv dei ikkje kan røre.»

Kommenter innlegget