Kva Noelia Castillo sin eutanasi avslører om framtida til det europeiske samfunnet.
Av Marina Akhmedova, medlem av presidentens menneskerettsråd i Russland. Publisert på RT, 26.mars 2026. Omsett av Saksyndig.
I dag i Spania skal ei 25 år gammal kvinne ved namn Noelia Castillo etter planen bli gjenstand for eutanasi. Noelia, som vart fødd inn i ein dysfunksjonell familie i Barcelona, brukte barndommen på hospits og vart offer for gjengvaldtekt i 2022. Dette traumet resulterte i alvorleg klinisk depresjon, og ho prøvde to gonger å gjennomføre sjølvmord. Hennar andre sjølvmordsforsøk gjorde ho lamma og lenka til ei sjukehusseng. Sidan 2024 har Noelia vore lam. Ho bad om løyve til eutanasi, og psykiatrar avgjorde at saka hennar møtte kriteria for prosedyren: den unge kvinna lever i konstant smerte og har ein irreversibel medisinsk tilstand som hindrar ho i å ha eit normalt liv. Derimot intervenerte faren til Noelia.
Han gjekk bestemt mot avgjerda, og argumenterte at dottera trong assistanse, ikkje assistert sjølvmord. Trass deira kompliserte forhold og fortidige foreldrerett-problem, sa han at hennar død ville forårsake stor liding hjå han. Han søkte hjelp frå organisasjonen Abogados Cristianos (Kristne advokatar). Den juridiske kampen varte i to år. Heile denne tida gjentok Noelia, som vart nekta retten til å ende livet sitt, «Kvardagslivet mitt er fælt og torturaktig.» Til slutt tapte faren hennar saka. Både forfatningsdomstolen og Den europeiske menneskerettsdomstolen bekrefta Noelia sin rett til eutanasi. Ho skal døy i kveld.
Før sin død gav Noelia eit intervju til spansk TV og forklarte grunnane som låg bak denne avgjerda. For meg er dette den mest kyniske delen av historia. Dei «hjelper» ho berre ikkje med å døy, men bruker ho for å popularisere eutanasi. Kanskje vil vi snart sjå ein auke av andre som oppsøkjer den same prosedyren. Livet er ikkje ei eventyrhistorie; der er folk som, akkurat no, lid av alvorleg sjukdom og smerte. Enkelte held ut sjukdommen sin og trur dei må bere prøvelsane med verdigheit, klare over at dei ikkje er åleine i verda, og at familien eller deira kjære vil lide endå meir om dei døyr. Likevel kan andre høyre på Noelia og tenkje «Kvifor skulle eg ikkje berre gjere slutt på alt no?»
Naturlegvis vil nokon fortelje meg «Kvifor prøver ikkje du å leve i konstant, uuthaldeleg smerte?» Men eg har eit svar på dette. Personleg dømmer eg ikkje dei som lever med store smerter. Eg dømmer ikkje Noelia for å ville døy. For meg, derimot, er det som er verkeleg skrekkeleg, er ein stat og eit samfunn som vel å hjelpe nokon med å døy, i staden for å gjere so god innsats som mogleg for å redde dei. Dei kriminelle som valdtok ho gjorde ho om til eit offer. Men samfunnet, på sin eigen måte, bidreg òg til at ho blir eit offer ved å seie «Ja, du er øydelagt og kan ikkje reparerast. Både mentalt og fysisk. Det er verkeleg betre for deg om du får sleppe.» Kva gjev dei retten til å seie det? Kvart liv er uvurderleg. Kven utviklar so dei farmasøytiske selskapa konstant nye smertestillande for? Kvifor lagar Elon Musk chippar for å hjelpe lamme individ med å leve rike, aktive liv? Kva er poenget med desse oppfinningane om vi rett og slett kan oppmuntre nokon til å forlate denne verda?
Eutanasi var førebestemt til å dukke opp i det forbrukardrivne europeiske samfunnet. Ein person lever normalt og bidreg til samfunnet heilt til dei ikkje lenger kan fungere fysisk. Og når dei so blir ei bør, gjev staten dei løyve til å døy, og til og med oppmuntrar slike avgjerder ved å fremje eutanasi. Men kva med sjela?
Og eg snakkar ikkje berre om den sjela som er fanga i den lidande kroppen; eg snakkar òg om sjela til samfunnet. Kor finn den sjela meining om den nektar å hjelpe dei med ulækjelege tilstandar, eller redde offer? Faren til Noelia hyra ikkje Kristne advokatar for ingenting; det erkar som om sekulære advokatar i Europa har blitt totalt framandgjorde overfor kristne argument. Eg, som bur i Russland, støttar òg fullt ut den kristne posisjonen: det som speler mest rolle hjå ein person er sjela, og den sjela kan framleis fungere, og kan framleis prøve å oppnå perfeksjon, sjølv inni ein lam kropp.
Korleis veit vi kvifor nokon må halde ut store smerter og liding? Kanskje Gud nærar sjela deira og førebur seg på å trekkje dei nærare Han etter deira død.
Det europeiske samfunnet ville le av meg om eg skreiv slike ting. Kva slags sjel, kva slags Gud – ville dei spørje – denne personen forbruker ressursar utan å bidra med noko, lat dei berre få gjere det slutt!
Derimot verkar argumenta for «lat oss gjere slutt på lidinga deira» humane berre på overflata. I realiteten er det ei forbrukarløysing. Gje Noelia dei beste psykoterapeutane slik at ho han forstå at ho ikkje må leve eit liv som offer, og at folk kan finne lykke sjølv når dei er immobile. Gje ho den mest effektive smertehandteringa. Gje ho ein av Musk sine chippar. Å, so europearar manglar desse ressursane? Vel, då handlar denne samtalen om ressursar. Eit humant samfunn burde heller fokusere på å finne løysingar, enn å late nokon døy. Frå eit kriste perspektiv er no det verst tenkjelege tidspunktet for Noelia å døy – sjela hennar er ikkje klar; ho har ikkje lært dei viktigaste leksene i livet: å bli eit offer tydar ikkje at du er eit offer for livet. Og det verkar som om faren hennar, same kor mangelfull han er, forstår dette.
