Løysinga på eldrebølgja? Hastebehandla lovforslag i Stortinget vil opne opp for EUTANASI av demente og pleietrengjande

Globalist-eliten sine lakeiar på Stortinget har nok ein gong trumfa gjennom eit lovforslag med useriøst kort frist, og det rett før påskeferien. Fredag 27.mars klokka 05:45 om morgonen la Stortinget ut eit lovforslag med svarfrist til klokka 13:00 same dag. Dette er ifølgje sikre kjelder noregsrekord når det gjeld lovforslag med korte svarfristar, og vi i alternative media må her ta av oss dei raude nisseluene i ei blanding av sjokk og ærefrykt.

Lovforslaget fall saman med djupstaten sitt prosjekt «Dieselbrølet», der «lastebilsjåførar» (eigentleg agentar og offiserar frå CIA, MI6 og Mossad) dreiv med lusekøyring på prominente utfartsårer frå Mandal i sør til Åsane i nord. Målet med denne aksjonen var ikkje å få Stortinget til å vedta lågare drivstoffprisar (noko dei gjorde likevel), men å distrahere det norske folket frå dette ekspresslovforslaget.

Kva handlar so dette lovforslaget om? Kort fortalt opnar det opp for at eldre og pleietrengjande kan avlivast om dei kostar kommunane for mykje tid og ressursar. Det er ikkje lenger automatikk i at personar skal «leve» i opptil 30 år på sjukeheimar i stadig verre tilstandar av senil demens, og at dei skal terrorisere og slite ut helsepersonell som gjerne skulle ha brukt tid og krefter på nyttigare målgrupper. Eliten har i lengre tid ønskt å utrydde «ubrukelege etarar», og finst det meir ubrukelege etarar enn dei som berre ligg på sjukeheimar og et, skit, gaular og bit? Det forbausar oss alle at lovforslaget ikkje har kome for lenge sidan.

Lovforslaget har ikkje oppstått i eit vakuum. I tråd med dei 13 millionane EU-direktiv som blir snikinnført i Noreg kvart år, har det skjedd ei liberalisering og oppmjuking av regelverket knytt til eutanasi, altso avliving av individ som har blitt «motivert» til å meine at dei ikkje lenger skal leve. Prosessen kan samanliknast med ein veterinær som tek avgjerda om å gje ei giftsprøyte til ein gammal hund eller katt – avgjerda blir teken over hovudet på både katten og bikkja, og ingen har noko dei skulle ha sagt. Dette er naturens orden, og mennesket står på toppen.

Dette gjer at menneske òg kan ta avgjerda om at andre menneske ikkje lenger skal vere ei bør for vårt suicidalt sjenerøse velferdssystem. EU-kommisjonen har i lengre tid gått med planar om å innføre ein maksalder for borgarar i EU og Schengen. Denne skal visstnok vere på 75 år (men som vanleg mistenkjer vi at dei 150-årige vampyrane frå visse familiar har fritak frå denne lova). Noreg er plikta til å innføre ein slik maksalder på grunn av EØS-avtalen, som i praksis var ei snik-innmelding i EU, men utan dei same rettane som andre EU-land har. Noreg vart då umyndiggjort for alltid, noko alvorleg sinnslidande konspirasjonsteoretikarar prøvde iherdig å åtvare oss om. Vi høyrde ikkje på dei, og no er vi føkka. For kva garanti har vi for at maksalderen ikkje kjem til å minke med tida, heilt til den «tilfeldigvis» er den same – eller til og med mindre enn – pensjonsalderen?

Den norske helsesektoren har i mange herrens år slite med dårleg bemanning, enormt mange eldre og pleietrengjande, og ikkje minst grådige direktørar som skal ha maksimal lønn for minimal innsats. Forventa tenestetid for ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar er no høvesvis 11,3 år og 15,7 år. Ein nyutdanna sjukepleiar med god helse som byrjar i yrket som 24-åring, kan altso rekne med å kunne gjere ein innsats for ærverdige Noreg fram til fylde 35. Då blir det omskolering, uføretrygd eller døden. Ein helsefagarbeidar – som på grunn av den altfor korte utdanninga, berre er rundt 20 år når vedkomande trekkjer i uniforma og byrjar å tørke rævene på senile kjerringar – vil som regel òg møte veggen rundt 35-årsalderen. Dette blir gjerne styggare, sidan helsefagarbeidarar er for dumme til å omskolere seg, og for utslitne etter mange års slavearbeid. Då er det reelt sett berre uføretrygd eller avliving som er vegen vidare.

Kjære lesar, still deg sjølv dette spørsmålet: Kva tener Noreg A/S mest på? At utbrent helsepersonell blir trygda og dermed parasittar, eller at vi trumfar gjennom endringar i lovverket slik at dei eldre blir avliva før dei slit helsepersonellet ut? Det er alltid lettare å førebyggje enn å behandle, og ventar vi lenge nok, kjem det geriatriske etterslepet til å bite oss i rumpa (om dei då framleis har tenner, vel å merkje)!

I våre dagar vinn eutanasi terreng overalt i Europa, USA og Australia. Lovforslaget til Stortinget på tampen av påskeutfarten og Dieselbrølet ® viser veg for ein hardt pressa helsesektor. Ein maksalder på 75 vil lette signifikant på presset rundt om på sjukeheimar, og «kuren» mot demens kan trygt leggjast på is slik at våre fantastiske vitskapsfolk kan bruke tid og ressursar på å finne kurar mot verkeleg samfunnsskadelege sjukdommar slik som psykopati, rusavhengigheit og dumskap. Condemnant quo non intellegunt, som ein klok mann ein gong sa (eg har gløymt kven).

Saksyndig vil med dette ønskje lesaren ein god 1.april og god påske.

Kommenter innlegget