Eg presenterer nok ein meiningsartikkel om det stadig meir brutaliserte arbeidslivet, meir spesifikt innan helsesektoren der eg har jobba i vel 17 år. Dei seinare år er eg meir freista til å kalle det slaveri, utnytting og tyning. Dette blir kombinert med ei stadig meir fråverande leiing, som etter mi meining ser ut til å mangle kontakt med resten av personalgruppa, og som difor er avhengig av tilbakemelding frå tilsette om korleis den og den kollegaen fungerer i arbeidet. Dei seinare år har eg diverre sett døme på at det i slike klima oppstår regime av fryktkultur og totalitære tendensar, der dei tilsette tystar på kollegaene i eit forsøk på å innynde seg hjå sjefen.
#MeToo-affæren har gjort det stovereint å klage anonymt på kollegaer, ein praksis som får null konsekvens for tystaren, men stundom alvorlege konsekvensar for den det blir klaga på. Berre i sjeldne tilfelle får offeret vete kven som har sladra, og ofte er klagane sopass vage og ullent formulert at det blir umogleg å forsvare seg; det sokalla kontradiksjonsprinsippet blir dermed brote.
Prosessen tek føre seg på følgjande vis:
Helsefagarbeidaren «Steffen» blir plutseleg kalla inn til (den alltid kvinnelege) sjefen for det han oppfattar som ein liten, uformell prat. Sjefen dukkar gjerne plutseleg opp i avdelinga og seier noko slikt som «Steffen, kan eg få eit par ord med deg?» Han følgjer pliktskuldig etter ho, lykkeleg uvetande om kva som ventar han.
Inne på kontoret sit plutseleg nestleiar – eller endå verre, HR-leiaren (truleg det mest ubrukelege meheet ein arbeidsplass kan ha!). Sjefen informerer om at ho har fått «tilbakemeldingar» frå kollegaer om episodar og hendingar. Ofte er ho ikkje eingong sopass spesifikk. Det dreiar seg då om generelle påstandar som til dømes: «Du sit for mykje i sofaen i staden for å hjelpe bebuarane», «Du bruker privat mobiltelefon i arbeidstida», eller klassikaren «Kollegaene dine opplever deg som vanskeleg å kommunisere med».
Steffen blir mildt sagt himmelfallen, for dette kom frå hans ståstad som lyn frå klar himmel. Han har ikkje eingong mobiltelefonen med seg i avdelinga. Han får beskjed om å «sitje mindre i sofaen», «bruke mindre privat mobiltelefon i arbeidstida» og «kommunisere betre med kollegaene». Han seier han skal rette seg etter tilbakemeldingane frå kollegaene og leiinga. Sjefen gjev han løyve til å vende tilbake til avdelinga, noko han gjer ein tanke forvirra.
Han byrjar dei neste dagane å spekulere på kven som kan ha sagt dette om han, og kva slags situasjonar dette gjeld. Han kan ikkje hugse sjølv at han har gjort dette. Han registrerer at kollegaer sit i sofaen i staden for å ivareta bebuarane, noko han då må gjere. Han ser at bortimot alle sit og fiklar med sine private mobiltelefonar, til og med under måltid når enkelte av bebuarane treng hjelp til å ete. Han må dermed mate dei fordi kollegaene ikkje gidd. Den ikkje-vestlege hijab-jenta han jobbar med forstår berre enkle setningar på norsk, og han må ved eitt høve gripe inn og ivareta ein dement bebuar, som er sint fordi jenta ikkje skjøner at han ikkje likar brunost på skiva. Eller at han er hyperallergisk mot nøtter og difor ikkje kan få peanøttsmør.
«Her er det noko muffens,» tenkjer han medan han må gjere jobben til sine late kollegaer. «Eg blir jo skulda for nettopp det mesteparten av kollegaene mine gjer!» Det vil sannsynlegvis oppstå kognitiv dissonans hjå Steffen fordi det sjefen (og til og med HR-leiaren!) skuldar han for å gjere, ikkje samsvarer med kva som verkeleg skjer!
Kan hende alt stoppar opp her. Kan hende det eskalerer. Er Steffen nytilsett og framleis i prøvetid, kan han i verste fall risikere at arbeidsgjevar plutseleg sender varsel om innkalling til drøftingsmøte, der arbeidsgjevar vurderer å avslutte arbeidsforholdet på grunn av «manglande tilpassing til arbeidet» (jf. Arbeidsmiljølova §15-6 (1)). Går han i eit årsvikariat blir det plutseleg bestemt at det ikkje skal forlengjast, trass stor personalmangel i føretaket. Er han fast tilsett og prøvetida er over, kan han risikere at det gjerne dukkar opp verre anklagar. Her er lista lang. Brot på arbeidsreglementet. Brot på arbeidsplassens etiske standard. Anklagar om illojalitet. Her er det berre fantasien som set grenser.
I ei personalgruppe vil det alltid finnast personar med psykopatiske og narsissistiske trekk. Spesielt framtredande er dette i helsesektoren, som er kraftig kvinnedominert. Tilårskomne kjerringar er nokre av dei verste, nedrigaste, uslaste krypa ein mann kan jobbe med, for dei har evna til å framstå som dyktige, profesjonelle og regelrette englar medan det stikk motsette gjerne er tilfellet om dei av ulike årsaker får ein kollega opp i halsen. Då rottar dei seg saman og diktar opp ting for å bli kvitt slike som Steffen. Det heiter seg frå eit kvasi-juridisk synspunkt, at dersom to eller fleire kollegaer kjem med same påstand om ein kollega, so blir det rekna som sant. Til og med når det er usant. I ord-mot-ord-situasjonar «vinn» den parten som har flest munnar til å seie orda. Og slike demoniske fitter skravlar høgast og mest av dei alle, og blir nett som små, trassige barn om ein dyktig Steffen-kar vågar å konfrontere dei med den høgst kritikkverdige åtferda. Då blir dei sprutraude i ansiktet, svarte i auga og ser ut som dei skal eksplodere. Eit høgst komisk syn som eg sjølv har erfart mykje.
Heile dette ormebolet av intrigar og imaginære fiendar blir kombinert med ustabile kvinner som totalt ubegripeleg har blitt betrudd ei leiarstilling. Dei sit usikre og vrir på seg inne på sine små, spartansk innreia kontor og stirer på ein dataskjerm medan dei «tappert» prøver å balansere eit hektisk familieliv med ein karriere som medlem av byråkratiet og den ubrukelege skravleklassen. Dei misbruker grovt det vesle dei har av mellomleiarmakt. Har Steffen «shoppa» ei ekstravakt i naboavdelinga fordi han berre jobbar 70% og vil auke inntekta? Hah! Gløym det, Steffen! No can do! Ho flirer for seg sjølv medan ho avslår vakta og heller tek inn ein ufaglært utlending med eit namn ein må ha logopedhjelp for å uttale.
I media blir helsepersonell – og spesielt sjukepleiarar – framstilt som hardtarbeidande, samvitsfulle englar som gjer ein formidabel innsats under strevsame forhold og elendig lønn. Ein liknande panegyrisk ordonani blir ikkje spydd ut om helsefagarbeidarane, som jobbar endå hardare og som har endå dårlegare lønn. Grunnen til dette er nok at NSF-leiaren er mykje meir ute i media og snakkar sjukepleiaryrket opp. Dette skjer ikkje i same grad i fagforeiningane til helsefagarbeidarane. Dessutan er NSF-leiaren ei biletvakker blondine med ein ganske prominent byste. Leiaren i Fagforbundet? Ikkje akkurat i den gata, men ho har i det minste ikkje eit kjendisaktig behov for å vise seg fram i media i tide og utide.
Dei seier helsepersonell skal få lønna si i himmelen. Eg tviler sterkt på at visse personar som vi ikkje skal nemne namn på vil kome dit. Det er nok ei eiga avdeling i helvete for slike, ei avdeling som er særs dårleg bemanna, som har uerfarne utlendingar som knapt kan språket, og som har ei fiendtleg leiing som piner dei tilsette med plutselege drøftingsmøte og vilkårlege disiplinærstraffer.
