Document publiserte 17.mars 2023 ein artikkel frå NTB der det står at sjukefråvær på grunn av psykiske lidingar auka i 2022. I samband med dette kom det to kommentarar som eg beit meg merke i, og som eg her gjengjev so å seie i sin heilskap. Bodskapen peiker på eit særs alvorleg problem, som eg skal ta opp i denne meiningsartikkelen.
Aubor skriv:
«Kvinnedominerte arbeidsplasser preges ofte av konflikter og intriger. Metoo har de siste årene gjort anonyme bekymringsmeldinger til en sikker karrierevei. Grove beskyldninger kan framsettes under garanti av full anonymitet. Nå kan man kvitte seg med folk som måtte stå i veien for egen framgang – som et dolkestøt i ryggen i en mørklagt gate. Den som får anonyme og ulne anklager rettet mot seg er skyldig inntil det motsatte er bevist. Selv om den anklagede renvaskes fullstendig, vil karrieren stoppe effektivt opp. Opprykk i stilling eller framgang ved lokale lønnsforhandlinger blokkeres ved at ‘noen’ som vet, hvisker rette vedkommende i øret. Dyktige og flittige medarbeidere med yrkesstolthet blir fort ansett som en trussel mot den velbehagelige ansvarsfraskrivelsen og skuldertrekkene der middelmådigheten råder. På kvinnearbeidsplasser med skyhøye fravær er det lite populært med medarbeidere som møter fram hver eneste dag. De er òg en trussel. Snart meldes han inn som en ‘fare for arbeidsmiljøet’.
Ingen kan trives på slike arbeidsplasser.»
Knut Rasmussen skriv:
«Det er to grunner til at det offentlige (helse, skole, politi, osv.) bryter sammen snart og ikke kan levere sine tjenester.
- Det kommer ca. 60 000 migranter til landet hvert år, altså mer enn fødsels tilskuddet på ca. 40 000 og det vil ikke være bærekraftig i det lange løp. Hvis dette varer ved, så må vil [vi] rigge systemet til det doble vi har antall mennesker i Norge i dag.
- Det har vært en stille revolusjon, kvinner har overtatt universitetene over 70%. Det betyr at det er flertall av kvinner som blir veterinærer, leger, psykologer/psykiatere, osv. Mest markant er det med veterinærer som utgjør 90% kvinner. […]
Kvinner skal føde 2-3 barn i løpet av livet og har [et] skyhøy[t] sykefravær. Grunnen er at kvinnekroppen ikke klarer 100% arbeid til pensjonsalderen.
Det betyr at kvinner utgjør en ustabil arbeidskraft.
Når kvinner fikk rettigheter så måtte det gå ut over noen, nemlig menn. Nå ser vi resultatet: Mange kvinner er opptatt av utdanning og karriere og har ikke tid til å føde barn (har glemt morsrollen). Og hvis de får barn må barna ut i barnehage altfor tidlig (1 år), som er til skade for dem. SV Skard sier at barn skal være hjemme i 3 år. Vi ser at mange av de vestlige samfunn er styrt av kvinner, i regjeringen vår er de viktigste stillinger besatt av kvinner.
Dette er en utvikling som har vært kjent lenge, ingen har gjort noe med det. Aggressive feminister har vært opptatt av kvinnekvoter i aksjeselskaper, men ingen har brydd seg om at skolen er feminisert og tilpasset for jenter.
Resultatet er at menn ikke trivs i skolen og forlater den som på mange andre arbeidsplasser, helse, kirke, osv. Menn klarer ikke å tilpasse seg kvinnenettverket og slutter hvis kvinneandelen blir for stor. Kvinnelige [sic] arbeidskraft er ustabil, de skal i fødselspermisjon og de har høyt sykefravær. […]»
Om dette stemmer, er vi ille ute – vi er faktisk i verste fall dømt til undergang. At kvinnedominerte arbeidsplassar er ormebol for konfliktar og intrigar, visste eg godt frå før av, eg har nemleg jobba på slike plassar i nesten 17 år. Den politisk ukorrekte årsaka til dette er det nok mange som ikkje likar å høyre. Det må likevel presiserast, og Knut Rasmussen er inne på det når han skriv at kvinner er ei ustabil arbeidskraft. Det handlar ikkje berre om at mange unge kvinner får barn, og dermed blir vekke i lange periodar med morspermisjon, eller at dei må skofte jobben for å vere heime med sjukt barn. Det handlar om sjølve kvinnenaturen.
Kvinner vil sannsynlegvis hate å høyre dette, og eg vil presisere at dette ikkje gjeld alle kvinner.
Men det er diverre eit faktum at mange kvinner er ustabile, irrasjonelle vesen som har kvalitetar som gjer det beint fram farleg å tilsetje dei i leiarstillingar. Grunnen til at kvinner stort sett heldt seg ute av arbeidslivet til godt ut på 1960-talet, var ikkje fordi dåtidas menn var kjipe. Det var rett og slett meir føremålstenleg og betre for familien at kvinna var heime og tok seg av hus og ungar, medan menn var ute og jobba for å skaffe pengar til å fø kone og barn. Dagens ordning, der ungane frå 1-årsalder er i barnehagen frå den opnar til den stengjer, fordi enkelte kvinner meiner dei kan kombinere full jobb og morsrolla, er ikkje berekraftig for samfunnet. Faktisk er denne ordninga katastrofal. Kvinnene slit seg ut, og lèt frustrasjonen gå utover mannen i huset. Kvifor er samlivsbrotsstatistikken so dyster som den er? Fordi somme kvinner gaper over meir enn dei kan svelgje.
Dei fleste kvinner eg personleg kjenner frå min bakgrunn i helsesektoren, har eigne barn, men i periodar har dei gått med på redusert stillingsprosent for å få meir tid (og energi) til å ta seg av barna. Eg kjenner kvinner i leiarstillingar som har prøvd å kombinere leiarrolla med å vere småbarnsforelder. Det gjekk ikkje so bra – for å seie det mildt. Det verste tilfellet resulterte i både skilsmisse og langtidssjukemelding.
Kva enn slags grillar feminismen har sett i hovuda på enkelte kvinner, er det til stor skade for samfunnet. Spesielt om slike får leiarstillingar og noko som liknar på makt. Enkelte lèt diverre makta gå til hovudet på seg, og slike kan øydeleggje ikkje berre arbeidsplassen sitt renommé, men òg liva til dei underordna tilsette. Får slike ustabile, irrasjonelle kvinner høgtståande posisjonar i samfunnet, er vi ute å køyre. Ustabile kvinner i leiarstillingar kan få Noreg til å bryte saman. Merk dykk dette. Merk dykk òg at når mektige kvinner misser vit og forstand på denne måten, går det utover mennene. Kvifor er sjølvmordsstatistikken blant menn so høg som den er? Fordi dei har blitt mentalt øydelagt av eit mannshatande samfunns systematiske psykiske terror.
Når den ustabile, irrasjonelle og maktrusa kvinna fyrst sit godt planta i ei leiarstilling som ho er kjønnskvotert inn i, skal det særs mykje til for å fjerne ho. Ho sit og rugar på makta som ein fugl sit og rugar på eit egg, og lèt seg ikkje rikke om so heile arbeidsplassen går til helvete. Frå min ståstad ser det diverre ut til å berre vere éi løysing: Dei tilsette må gå saman og få denne leiarkvinna fjerna, ofte ved å bruke hennar eigne hersketeknikkar og psykiske terror mot ho sjølv. Dette krev målretta aksjonar og koordinering, og faren er alltid til stade for at ein av dei tilsette angrar seg og tystar. Difor er det sjeldan ei kvinne blir skvisa ut av ei leiarstilling på noko nivå.
Aubor er inne på anonyme bekymringsmeldingar som somme tilsette bruker som våpen mot dyktige tilsette som dei oppfattar som ein trugsel mot seg sjølve, fordi slike tilsette set dei i eit dårleg lys hjå leiinga. Lat det vere sagt: At ei leiing nokon stad godtek at tilsette klagar anonymt på andre tilsette, er av ein nyare dato. So nyleg som i 2017 var det konsensus blant tillitsvalde at anonyme klagar ikkje burde godtakast, sidan ein ikkje kan forsvare seg mot dei. Når ein ikkje veit kven som klagar på ein, og leiinga heller ikkje vil opplyse om når denne situasjonen skal ha skjedd, kan ikkje «offeret» nytte seg av kontradiksjonsprinsippet. I 2021 hadde anonyme klagar blitt fullt ut godtekne av tillitsvalde. Dette kan, som Aubor skriv, ha skjedd i samband med #MeToo, der kvinner klaga anonymt på menn som visstnok skal ha oppført seg mot dei på ein måte som kvinnene oppfatta som seksuelt krenkjande. Ein måte for offeret å kjempe mot ein slik uetisk praksis, er å rett og slett ikkje godta å forklare seg før han får vete kven som står bak klagane. Om leiinga ikkje vil ut med det, bør han sei: «Greitt, men då har de ikkje ei sak, og eg har ingenting å seie til dykk». Kva som skjer vidare er opptil ein kvar å gjette, men den tilsette sender i det minste tydeleg signal til leiinga at han ikkje godtek det som eigentleg er ein hersketeknikk.
Den ekstreme innkvoteringa av kvinner som vi ser i vestlege samfunn i dag, har i praksis avskaffa kvalifikasjonsprinsippet. Det er ikkje lenger den mest eigna kandidaten som får stillinga. I USA har dette gått endå lenger. Der blir òg kvinner offer for ein usunn utveljingsprosess; der føretrekkjer arbeidsgjevarar transpersonar og homofile, ser det ut som. Om dette vil kome til Noreg og gjere seg gjeldande i same grad som i «Moglegheitenes land», gjenstår å sjå. Men at samfunnet vil bryte saman om det ikkje snart kjem kompetente leiarar, er det ikkje tvil om.