Neste plandemi? Big Pharma utviklar vaksine mot fugleinfluensa «berre i tilfelle» den hoppar over på menneske

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Tre vaksineprodusentar har innrømt at dei har byrja den dyre og arbeidskrevjande prosessen å utvikle ein vaksine for fugleinfluensa hjå menneske «berre i tilfelle» den muterer og «hoppar over på menneske» i nær framtid.

Innrømminga frå Big Pharma-selskapa har fått alarmklokker til å ringje, og mange spør korleis ein effektiv vaksine kan bli utvikla utan tilgang til viruset sin sekvens om det enno ikkje har mutert til å smitte menneske.

H5N1-kladen 2.3.4.4b fugleinfluensa-utbrotet har drepe eit betydeleg tal fuglar og infisert somme pattedyr, men tilfelle hjå menneske er ekstremt sjeldne, og risikoen for overføring til menneske forblir bagatellmessig. Derimot er store farmasøytiske selskap ivrige etter å profittere på situasjonen og fremje frykt i folket, slik dei gjorde med Covid-19.

Tre vaksineprodusentar har informert Reuters at dei driv og utviklar eller planlegg å teste vaksinar på menneske, som eit førebyggjande tiltak mot ein potensiell pandemi. I mellomtida har andre store farmasøytiske selskap uttrykt at dei er klare til å masseprodusere vaksinar og profittere på eit mogleg utbrot av fugleinfluensa. Selskap driv òg og pressar på for å utvikle ein fugleinfluensa-vaksine på fjørkre, som har ein potensielt større marknad enn for menneske.

Det primære målet ser ut til å vere å profittere på dødsfalla til både fuglar og menneske, same om fugleinfluensaen er reell eller overdriven. Uheldigvis har mange allereie falle for den og vil ta imot sprøytene eller bli sjuke frå kva enn som blir sleppt ut og referert til som «fugleinfluensa».

Ifølgje globale helseekspertar og selskap, er mesteparten av potensielle menneskedosar reservert for rike nasjonar gjennom beredskapskontraktar som har eksistert lenge. Medan mange pandemiplanar prioriterer vaksinasjon av dei mest sårbare menneska, vaksinerte vaksinerike land ein stor del av befolkninga under Covid-19 før dei vurderte å dele dosar [med fattigare land].

Globalistar etablerer «fugleinfluensa»-forteljing

Den plutselege bekymringa for at fattige personar ikkje skal ha tilgang til vaksinar verkar mistenkjeleg, og antydar ei forteljing.

Verdas helseorganisasjon (WHO) sa at dei har signert juridisk bindande avtalar med 14 produsentar for 10% av sine vaksinar mot pandemisk influensa «i det dei kjem frå produksjonssamlebandet», i ei blanding av donerte dosar og dosar som blir kjøpt av byrået til ein rimeleg pris. Avtalane inkluderer seks av dei største sesonginfluensa-produsentane, slik som Glaxo Smith Klein [eigentleg GlaxoSmithKline; oms.an.] og CSL Seqirus, sa WHO.

Sidan dei driv og før-førebur ein «vaksine» og prøver å få fugleinfluensaen til å «hoppe over på menneske», og slå fast dette som ei forteljing, burde vi alle berre anta at dette er neste steg i den store planen deira som går ut på at vi alle skal bli deira permanente slavar?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s