Organisasjonen Folkestyret vil gje makta tilbake til folket: Advokat-Barbro og Hemali-Julia er blant listekandidatane i Oslo

22.mars 2023 publiserte Hemali ein artikkel som handlar om den nyoppstarta organisasjonen Folkestyret, som ifølgje dei sjølve består av ein ny generasjon folkevalde som faktisk jobbar for folket. Blant listekandidatane for Oslo finn vi blant andre advokat Barbro Paulsen og Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito. Paulsen var sist nemnt i media som forsvarar for Iris Frohe, den uvaksinerte sjukepleiaren som fekk sparken av Hamar kommune då ho ikkje ville godta covid-retningslinjer som differensierte mellom vaksinert og uvaksinert helsepersonell – meir spesifikt etter at ho takka nei til jobb som covid-vaksinatør då kommunen fann ut at ho ikkje lenger kunne ha ordinær pasientkontakt på grunn av vaksinestatusen. Benito har i ei årrekkje vore redaktør for nettmagasinet Hemali, som har vore ei viktig motstemme mot koronahysteriet og plandemien. Det er frå min ståstad ingen tvil om at dei to handlar i folket sine interesser, og difor eignar seg godt i dette nyoppretta Folkestyret.

Som Hemali-artikkelen skriv, vart Folkestyret etablert av fylkestingspolitikar Susanne Heart våren 2022. organisasjonen er politisk og religiøst nøytral, og ein frittståande interesseorganisasjon som er basert på ti felles verdiar. Desse er (direkte sitat frå artikkelen og nettsida):

  1. Mennesket eier seg selv og er suveren i egen kropp og sinn
  2. Mennesket har eiendomsrett og eier samfunnet saman
  3. Menneskets grunnleggende individuelle behov ivaretas av samfunnet
  4. Den demokratiske makten har sitt sete hos individet
  5. Samfunnet styres av folket gjennom en desentralisert styreform
  6. Myndighetene er underlagt folket
  7. Demokratisk makt i samfunnet kan ikke overføres ut av landet
  8. Demokratisk makt i samfunnet som allerede er ført ut av landet tilbakeføres
  9. Rettighetene til naturressursene eies av folket – og kan ikke selges til andre
  10. Naturens regenerative egenskaper og helhet er vårt livsgrunnlag og skal beskyttes

Susanne Heart fortel til Hemali: «Med dagens system er den demokratiske makten i ferd med å forsvinne fra folk og ut av landet. Det skjer med sentralisering av demokratisk og økonomisk makt. Makten forvaltes i stadig større grad av multinasjonale virksomheter, overnasjonale institusjoner og en sentralisert mediebransje.»

Målet er ifølgje Heart å «oversvømme høstens kommune- og fylkestingsvalg med uavhengige representanter.» Desse skal blant anna representere ei motvekt til sentralisering av makt i overnasjonale institusjonar.

Skilnaden mellom Folkestyret og eit politisk parti, er at representanten svarer direkte til veljarane sine. Linja mellom veljarane og kandidaten blir utan eit partiapparat som står i vegen dermed uavbroten. Med Heart sine eigne ord: «Vi innfører en ansvarliggjøring i det politiske systemet, det er knapt å se i dag.»

Dagens politiske system er styrt av overnasjonale interesser og er gjenstand for ei sentralisering av makta, der alle avgjerder kjem frå blant anna EU, FN og WHO (sistnemnde ønskjer total kontroll over pandemipolitikken til sine medlemsland ved hjelp av den sokalla Pandemitraktaten). World Economic Forum er òg ein kjend og berykta organisasjon, leia av Klaus Schwab, som hadde ein far som var nazist og jobba for Hitler under krigen. Dei tidlegare statsministrane Erna Solberg og Jens Stoltenberg har ved fleire høve delteke i samtalar med WEF-gjengen, medan noverande helseminister Ingvild Kjerkol so nyleg som i mai i fjor uttalte på WHO-møtet i Genève at «Vi må konsolidere WHO som vår effektive, ansvarlige og dyktige leder innen multilateralisme, og et byrå som har nulltoleranse for feil oppførsel». At makt korrumperer er det ikkje tvil om, og dagens politikarar ser meir ut til å ville klatre oppover i systemet og innynde seg hjå mektige, overnasjonale organisasjonar enn å tene det folket som fekk dei til makta i sitt heimland. Systemet ikkje berre opnar opp for skamlaus utnytting utan ansvarleggjering, det ser etter mitt syn ut til å oppfordre til det.

Håpet er at Folkestyret klarer å reversere i det minste noko av all den skaden slike politiske broilerar har påført det norske folket. Som Susanne Heart seier: «Når jeg ser hvordan systemene våre er rigget for å kunne utnyttes, blir jeg bekymret. Det haster med å pulverisere makten slik at enkeltmennesker får en reell mulighet til å påvirke sitt eget liv.»

For å kunne stille med vallister til hausten, treng Folkestyret 300 signaturar i kommunar – færre i små kommunar – og 500 i fylka innan fristen 31.mars 2023. So langt har Vestland berre éin kandidat. Alle som ønskjer å stille til val, uavhengig av partitilhøyrsle, kan få hjelp og støtte undervegs, so lenge dei stiller seg bak dei ti prinsippa nemnt ovanfor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s