Her er somme av nazist-etterkomarane som er i maktposisjonar i dag

Av Rhoda Wilson, The Exposé. Omsett av saksyndig.

Responsen på «covid-19-pandemien» har mykje til felles med fødselen til Det tredje riket, og etterkomarane til tidlegare nazistar er framleis påverknadskraftige i dagens verd.

Hitler var, kanskje, den fyrste som såg at liberalt demokrati kan bli øydelagt ved å spele på den ubevisste frykta til massane. Dersom ein eksistensiell trugsel blir presentert, kan massane bli indusert til å ofre fridom til fordel for lovnaden om tryggleik.

Dette er modellen om å påføre autoritet i eit terrorklima. Massane kan bli terrorisert til å overgje fridommane sine, og det vil aldri slå dei at dei har blitt loge til på ein monumental skala – at trugselen var fiktiv. Den same speleboka om å bruke ei Stor løgn til å generere massefrykt ut av autoritære føremål har vore openberr i «Covid-19».

I introduksjonen til essayet hans som vart publisert i juli i fjor, skildrar David Hughes somme av likskapane mellom Nazi-Tyskland og responsen på «Covid-19-pandemien». Med alt dette i tankane, skreiv han, verkar det ikkje urimeleg å antyde at eit bevisst forsøk er på veg for å kollapse det liberale demokratiet ved bruk av psykologisk krigføringsteknikkar lært frå nazistane, og å erstatte det med ei eugenikk-basert form for totalitarisme.

Den dystre gjenoppstanden av nazi-element i notidige liberale demokrati gjev sterke bevis for at dei verste elementa i Det tredje riket ikkje vart nedkjempa i 1945, men heller vart hemmeleg inkubert i vente på at dei skulle vende tilbake ein dag. Navet i dette har vore CIA, som vart danna av Wall Street med eit slikt utfall i sinne.

So, når den tyske advokaten Reiner Füllmich påstår at «Vi kjempar mot dei same folka igjen og igjen som vi burde ha bekjempa for 80 år sidan,» er dei sanne kriminelle dei som er på toppen av det kapitalistiske systemet, som no, som dei var på 1920- og 30-talet, vender seg mot totalitarisme for å handtere den akutte krisa i kapitalismen.

Hughes sitt essay med tittelen «Wall Street, the Nazis and the Crimes of the Deep State», forklarte i detalj at:

  • Tilbakekomsten av nazisme skjer fordi Wall Street alltid har vore nært knytt til nasjonalsosialisme som den mest nådelause måten å knuse motstand i arbeidarklassen;
  • Nazistane kunne aldri ha kome til makta, bygt opp industrien sin eller gått til krig om det ikkje hadde vore for støtta frå Wall Street;
  • Det at avnazifiseringa mislykkast etter Andre verdskrig var fordi Wall Street kontrollerte utnemninga av embetsmenn ansvarlege for avnazifisering og styre av Den førderale republikken, og der somme tidlegare nazistar gjekk over i særs mektige stillingar, til dømes Prins Bernhard av Nederland, som tente i SS på tidleg 1930-tal før han vart med i I.G. Farben, og var medgrunnleggjar av Bilderberg-gruppa i 1954;
  • Ikkje berre mislykkast ein i å dømme mange av dei som var ansvarlege for Andre verdskrig, men etter krigen dreiv USA og aktivt rekrutterte meir enn 1600 tidlegare nazi-vitskapsmenn, ingeniørar og teknikarar gjennom Operasjon PAPERCLIP;
  • Wall Street var involvert i fødselen av den amerikanske nasjonaltryggleiksstaten;
  • Alfabetbyråa [FBI, CIA, NSA mflr.; oms.an.] som er involverte i den amerikanske nasjonaltryggleiksstaten la til rette for framveksten av den todelte staten eller djupstaten, og den USA-dominerte, transnasjonale djupstaten;
  • Det er viktig å spørje om «Den kalde krigen» mot Russland var noko særleg meir enn berre propaganda;
  • Den transnasjonale djupstaten har alltid vore viljug til å gjere kva som helst for å nå måla sine. Med andre ord, å gje seg hen til kriminelle konspirasjonar på vegner av styrtrike kapitalistar og falsk flagg-terrorisme; og
  • Spenningsstrategien har vore sentral i å halde den globale befolkninga i sjakk sidan 11.september.

Heile essayet til David Hughes kan lesast i originalartikkelen til The Exposé. Sentrale namn er Eugen Schwab, direktør i Escher Wyss, som fekk spesialstatus av nazistane. Sonen Klaus Schwab grunnla World Economic Forum i 1973, og skrytte i 2017 av at hans Young Global Leaders hadde «penetrert kabinetta» til fleire land.

Günther Quandt la til rette for slavearbeid i kraft av å vere leiar av forsvarsøkonomien (Wehrwirtschaftsführer), utnemnt til dette av Hitler sjølv. Svigerdottera Johanna Quandt gav 40 millionar euro til Charité Foundation mellom 2014 og 2022 for etableringa av Berlins institutt for helseforsking, der Christian Drosten vart utnemnt i 2017. Dottera til Johanna, Susanne Klatten, var til stade på Bilderberg-møtet i 2017 med Jens Spahn, Young Global Leader som i 2018 vart Tysklands helseminister. Klatten eig Entrust, som den britiske regjeringa har valt ut til å produsere vaksinepass.

Michael Chomiak var ein ukrainsk nazi-kollaboratør. Barnebarnet Chrystia Freeland er med i styret til WEF og er finansminister og visestatsminister i Canada. I 2022, ikkje lenge etter at ho erklærte at ho ville fryse bankkontoane til kanadiske lastebilsjåførar og dei som støtta dei, la ho ut eit bilete av Twitter der ho heldt eit raudt og svart flagg, som er assosiert med den nazistiske Bandera-rørsla i Ukraina. Stepan Bandera leia ein milits som kjempa med nazistane under Andre verdskrig. Den antirussiske Azov-bataljonen, som vart etablert under det Vesten-støtta 2014-kuppet i Ukraina, viste openlyst fram nazisymbol fram til dette vart politisk sensitivt i 2022. I desember 2021 var Ukraina og USA dei einaste to nasjonalstatane som stemte mot ein FN-resolusjon mot forherleggjering av nazisme.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s