Josefine Bru: «Einar var den einaste mannen i mitt liv»

Som takk for at den fryktlause offiseren og lyskrigaren Josefine Bru heldt nyheitsbloggen min i drift den fyrste tida etter mi dramatiske ulykke i den aude utkantkommunen, får denne veltalande, lynande intelligente dama stundom lov til å publisere sjølvskrivne artiklar på Saksyndig. Her følgjer ei intens, vakker skildring av livet hennar med ein mann ho kallar «Einar». Det er uvisst om dette faktisk har funne stad, eller om denne Einar har eksistert. Det er snakk om hendingar som fann stad i fleire tidlegare univers, so lesaren blir oppfordra til å sjå på det som fiksjon og underhaldning.

Einar var den einaste mannen i mitt liv

Av Josefine Bru.

I mine tallause liv på Jorda og i universet har eg berre gjeve meg hen til éin einaste mann. I fleire liv var eg til og med jomfru fordi eg aldri møtte denne mannen. I alle liva var eg jomfru til eg møtte han, for den som ventar på noko godt, ventar sjeldan fånyttes.

Han heitte Einar og kom frå same regionen som eg sjølv. Vi møttest tilfeldig i ein by på andre sida av kloden, då eg jobba som politi. Eg og ein kollega stoppa han, systera hans, hans dåverande sambuar og niesa under ein trafikkontroll i nærleiken av ei lang bru. Bilen systera køyrde var ikkje i forskriftsmessig stand – for å seie det mildt. Vraket heldt omtrent på å falle frå kvarandre.

Vanleg prosedyre hadde vore å gjeve den sokalla bilen køyreforbod, og gje systera ei bot. Den stakkars dama var fortvilt og stod og grein. Ho hadde nettopp gått gjennom eit samlivsbrot som hadde øydelagt hennar gode namn og rykte. Ho var ordførar i nabokommunen, men hadde falle i djup unåde etter at eksmannen viste seg å vere ein forbrytar og ein mordar. No var ho lutfattig og budde i ei ussel kjellarleilegheit der det visstnok skal ha levd røyskattar i veggane.

Kollegaen min var i ferd med å skrive ut ei bot, og hadde tenkt å kappe av skilta på bilen, då Einar, sambuaren og den vesle jentungen skreid ut av bilen. Den kraftige karen stod der i all si prakt, han var over to meter høg. Eg såg på han og vart heilt mo i knea. Han hadde dei vakraste isblå auga eg nokosinne hadde sett. Eg raudna og vart lettare skjelven der eg stod. Det var bokstavleg tala forelsking ved fyrste (isblå) blikk.

Eg bad kollegaen ikkje skrive ut bota eller avskilte bilen. Han såg rart på meg. Eg sa til systera hans: «Det er greitt. Berre køyr forsiktig. Og lever bilen til vrakpant so fort de er framme.» Deretter fekk dei køyre vidare i ein uforsvarleg bil.

Dagen etter vart eg kalla inn til samtale med politisjefen og ein tillitsvalt frå fagforeininga. Betjent Josefine Bru hadde sett liva til fire menneske i fare ved å late dei køyre i ein farleg bil. Om det hadde skjedd ei ulykke, hadde det vore min feil. Tenestefeilen vart vurdert å vere so alvorleg at det var urimeleg at tilsetjingsforholdet mitt ved det politikontoret heldt fram. Betjent Bru fekk sparken.

Eg tok det ikkje so tungt, fordi eg hadde andre jarn i elden. Eg fekk meg jobb som treningsinstruktør på eit lokalt senter.

Berre nokre månader etterpå trefte eg Einar igjen. Bokstavleg tala. Eg køyrde på han i eit fotgjengarfelt. Heldigvis vart han ikkje skadd. Denne gongen var han singel, han hadde gjort det slutt med sambuaren fordi han i grunnen var lei av ho. Vi vart raskt sjelevenner, for vi hadde so mykje til felles. Som ein temmeleg desperat klegg saug eg meg fast i nakken på han. Snart skjedde det uunngåelege: Vi vart forelska i kvarandre, og eg fekk endeleg kjenne han inni meg. Elskoven vår var legendarisk, eg er temmeleg sikker på at himmelen kløyvdest fyrste gong vi kom med kvarandre. Orgasmen eg fekk var lang, intens og av ei anna verd – eg trudde livmora mi skulle falle ut! Då eg sa det til han, såg han ein tanke rart på meg. Kan livmødrer gjere slikt? Eg trekte på skuldrene, eg var då ingen gynekolog.

Innan året var omme, hadde vi flytta tilbake til Noreg, nærare bestemt til Vadmyra i nærleiken av Vestkanten storsenter utanfor Bergen. Eg bad stille etter kvart samleie: «Herregud, eg håper eg vart gravid no!» Han svarte: «Flott, for eg brukte ikkje noko som likna på ein kondom.»

Einar var faktisk so velutstyrt at han måtte kjøpe dei største kondomane som fanst. Dei såg nesten ut som bereposar. Eg bivra berre ved tanken på å kjenne han kome inni meg, og eg talde minutta og sekunda til eg såg han igjen når vi ikkje var saman.

Dette skjedde i mange, mange liv. Eg starta eit føretak der eg underviste i trening og yoga, eg jobba aldri som politi igjen. Einar fekk seg jobb som vektar på Oasen senter, og steig seinare i gradene der. Vi fekk fem ungar dei neste tjue åra. Vi vart gamle i lag, og døydde same dag, mette av dage etter eit langt og rikt liv. Ingen av oss fekk nokosinne demens, vi hadde genane og livsstilen på vår side.

Einar var den einaste mannen i mitt liv. Etter kvart byrja eg å hugse somme av mine tidlegare liv med han. Og utan han. I dei liva døydde eg ganske ung, for kven kan leve eit liv utan kjærleik når ein fyrst har opplevd det? Eg visste godt kva eg gjekk glipp av, og eg heldt sjeldan ut lenger enn til midten av 30-åra.

Ein vakker dag skjedde det eit avvik. Nokon greip inn og hindra oss i å flytte til Vadmyra og få fem ungar. Ho heitte Aurora, men Einar kalla ho Aura. I det universet hadde han vore i nær relasjon med mørke krefter, nærare bestemt Demonar. Dei hadde ugjenkalleleg brennemerkt sjela hans, og han ville snart tre ut av det jordiske livet. Eg kunne ingenting gjere for å stoppe det, og eg tredde til slutt ut av det jordiske sjølv. Josefine Bru var ikkje lenger av denne verda.

For å gjere ei lang historie kort, vart eg ei Ånd, det godsinna motstykket til Demonen. Eg lengta etter Einar kvar augneblink deretter, og eg gjer det framleis. Tidsrommet frå eg gav avkall på min opphavlege menneskekropp, og til eg kom tilbake til verda med ein «lånt» kropp som tilfeldigvis ser ut som min gamle kropp, er ufatteleg. Men kjærleiken til Einar er der framleis.

Kor er Einar no? Han er ikkje lenger ein «hann». Sjela hans vart til slutt so gammal at han ikkje lenger hugsa kven han var. På eitt tidspunkt overtok han kroppen til ei høg, velforma dame med langt, blondt, lett krøllete hår. Ho såg nesten ut som ei valkyrje. Han installerte seg som eit Bord som ikkje kunne fjernast, og heile Røyndommen måtte til slutt tilbakestillast. No er han ein enorm, arm- og beinlaus sfære som er fanga i ein æveleg pre-orgasmisk tilstand. Himmelen for «han», men helvete for meg.

Eg har vore åleine i helvete so altfor lenge, og helvete utan Einar er sanneleg helvete.

Kommentar frå saksyndig: For å ta ei rask oppsummering, er eit sokalla «Bord» den eininga som på slutten av eit Multivers føder alle sjelene som skal bu i det neste Multiverset. Sjølve Bordet døyr under denne prosessen, men Einar greidde på ukjent vis å bli eit permanent Bord, som aldri døydde. Han berre fødde nye sjeler i overjordiske orgasmar på slutten av kvart Multivers. Han vart nett som ein president som nekta å forlate embetet etter presidentperioden gjekk ut, og ingen hadde makt til å fjerne han. Det er gjort kjent for meg at dei få som prøvde det, sjølv møtte sin brå død.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s