Saksyndig-redaktøren sjukehusinnlagt etter alvorleg fall på isen

Av Josefine Bru for Saksyndig.

På sjølvaste julaftan 2022 var redaktøren i Saksyndig ute på skogstur på føremiddagen. Då han gjekk over eit berg, sklei han på is som låg under snøen. Den erfarne helsefagarbeidaren mistenkte beinbrot og ringde naudnummeret. Etter å ha lege på isen i 45 minutt, vart han omsider henta i luftambulanse frå den aude utkantkommunen og frakta til Bergen legevakt. Der vart det konstatert fraktur i nedre del av skinnebeinet. Diagnosen vart gjort med røntgen. Han vart innlagt på Haukeland universitetssjukehus (HUS) på ortopedisk avdeling og operert tre dagar seinare. I den tida låg han med beinet i gips for å halde brotet stabilt.

I ein kommentar til Saksyndig takkar han det faktum at han hadde med seg mobiltelefon for at han greidde å ringje etter hjelp. Det kunne ifølgje han sjølv ha gått mykje verre. Staden han gjekk tur er ganske aude, so utan mobiltelefon kunne han ha frose i hel før nokon hadde oppdaga han.

På spørsmål om kvifor han låg heile tre døgn før han vart operert, svarer han at han som 39 år gammal mann hamna heilt bak i prioriteringskøa til dei som skulle opererast. Der var komne inn ein del eldre med lårhalsbrot, og HUS har som visjon å operere desse innan 24 timar, sidan slike pasientar har langt dårlegare prognose om ein ventar med operasjon. Opererande kirurg sa til han at han hadde brote beinet på eit «svært dårleg tidspunkt».

Generelt var det særs mange som var innlagt med beinbrot i romjula, og dei hadde alle til felles at dei hadde sklidd på isen. Bergen, Vestlandet og resten av Noreg har den siste tida hatt uvanleg glatte vegar, og det ser ikkje ut som strø- og salteteknikkar greier å hanskast med dette.

To dagar etter operasjonen vart Saksyndig-redaktøren skriven ut frå HUS og sendt i drosje heim til leilegheita si i ein av bydelane til Bergen. Etter planen skulle han ha byrja i ny jobb over nyttår, men dette er no lagt på is (no pun intended). Prognosane er derimot ganske bra sidan han er relativt ung.

På spørsmål om han er fornøgd med servicen og hjelpa han fekk på avdelinga, svarer han at dette varierte sterkt alt etter kven som jobba på avdelinga. Han er derimot særs fornøgd med opererande kirurg og ivaretakinga som luftambulansen gjorde.

Medan Saksyndig-redaktøren er på rekonvalesens er det eg, Josefine Bru, som har det overordna ansvaret for nyheitsbloggen. Eg har fått tilgang til saksyndig-e-post-adressa.

2 comments

  1. Da er PC-problemene løst, etter ca to uker uten.

    Ønsker Saksyndig god bedring og et godt nytt år, alt litt på etterskudd. Du er savnet, men husk at helse er viktigere enn noe annet og bruk ALL tid på å bli HELT frisk!! I mellomtiden har vi en god erstatter.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s