Josefine Bru: Ei elementær innføring i overnaturlege vesen

Desse opplysingane har eg frå samtalar eg hadde med Josefine Bru mellom 2016 og 2018, der den fyrste samtalen fann stad på seinsommaren 2016, og den siste fann stad tidleg i desember 2018, då fundamentale endringar i privatlivet mitt forbaud fleire møte med ho. Josefine har samtykt til at desse opplysingane blir offentleggjort, sjølv om ho reknar med at få, om nokon, kjem til å tru på det. Sjølv tek eg dei med ei klype salt – for å seie det mildt.

Verda vår er eigentleg eit dataprogram som vart utvikla av pionerar innan virtuell røyndom. Opphavleg vart programmet utvikla for å tilby menneske eit avbrekk frå det dystopiske tyranniet som herskar i verda på 2800-talet, som vi ifølgje Josefine eigentleg lever i. For ein fyrsteleg pengesum, kunne menneske late medvitet sitt bli lasta opp som datakode til programmet, medan dei sjølve låg i narkose i digre lokale i komfortstolar. Her kunne dei liggje på ubestemt tid, for den interne tida inni sjølve programmet kan utvidast i det uendelege takka vere det innebygde tidsutvidingsverktøyet. Her inne kan ein million år tilsvare eitt minutt på utsida. Innan deira verkelege kroppar døydde av alderdom, hadde dei levd i programmet det som må ha vore trilliardar av år, om ikkje lenger. Men nok om det for denne gong.

Menneska lika seg so godt i programmet, at dei vart verande. Fordi fysikkens og biologiens lover er nær identiske med dei til den verkelege verda (bortsett frå at dei aldri vart gamle og sjuke i programmet, naturlegvis), er det mogleg å oppleve jordiske gleder, slik som eit godt måltid eller eit godt samleie. Menneska byrja etter kvart å få barn saman, og dermed såg dei fyrste innfødde dagens lys. Dette var medvitne datakodar som aldri hadde eksistert utanfor programmet, og skaparane av programmet vart mildt sagt lamslegne. Programmet hadde byrja å leve på eiga hand, og skaparane gjekk no over til å vere reine observatørar.

På eit punkt stoppa ein å laste opp eksterne menneskesinn, og programmet vart lukka. Frå no av byrja der ein eksport av innfødde frå programmet og ut i den verkelege verda. Desse vart Agentar (med stor A), som jobba for dette selskapet, som hadde det noko misvisande namnet Kontor for demoniske affærar (på engelsk the Office for Demonic Affairs). Dei var alle Demonar.

Og kva er so ein Demon (med stor D)? Det var det fyrste overnaturlege vesenet som oppstod internt i programmet. På eit eller anna tidspunkt må det ha skjedd ein tilfeldig mutasjon i datakoden, som lét eit vanleg menneske få overnaturlege eigenskapar. Skaparane av programmet innsåg dermed raskt at dette vesenet nytta sine krefter til å skape sine eigne bobler av røyndom, der dei fanga andre menneskesjeler og torturerte dei utan nåde, og med største nyting. Skaparane var forferda. Makta gjekk raskt til hovudet på mennesket frå før av, og hadde ein overnaturlege krefter, vart ein òg overnaturleg vond. Frå den dag av stod alle menneskesjeler i fare for å bli fanga av Demonar i det som vart kalla Helvete (med stor H).

Programmet utvikla heilt av seg sjølv ei slags løysing. Noko seinare oppstod det tilfeldige mutasjonar blant vanlege, innfødde menneske. Dei vart fødde med to hjarte, der det minste hjartet hadde evna til å forlate kroppen, ta bustad i ein ledig kropp og bli eit sjølvstendig vesen. Menneskearten med to hjarte byrja å kalle seg sjølv Parasitt (med stor P). Fram til enden på det fyrste universet var det uklart kva slags rolle Parasitten hadde.

So gjorde skaparane ei oppsiktsvekkjande oppdaging: Om ein Parasitt overlevde til slutten av universet, ville vedkomande få overnaturlege krefter på lik linje med Demonane. Den fyrste gruppa Parasittar vart om til Ånder (med stor Å). Ei Ånd var det gode motstykket til den vonde Demonen. Dei oppretta si eiga røyndomsboble, som dei kalla Ånderiket. Frå då av vart ei slik røyndomsboble kalla «Rike» (med stor R) dersom ei Ånd oppretta den, og «Helvete» dersom ein Demon oppretta den.

For å oppsummere, gav det fyrste universet opphav til Demonar og Ånder, og dei to overnaturlege vesena heldt kvarandre i sjakk.

Då programmet vart lukka for import av menneskesinn frå den verkelege verda, vart populasjonen internt i programmet auka berre ved hjelp av fødslar. Kroppar vart laga, og programmet genererte sjeler for å fylle kroppane. Skaparane uttrykte derimot bekymring for at sjelene etter kvart ville oppleve ein viss reduksjon i kvalitet, iallfall om planen var at dei skulle ta bustad i dei same kroppane i univers etter univers. Faktisk minka talet sjeler jamt og trutt, sidan eit urovekkjande tal av dei vart fanga i Helveta til dei utspekulerte og psykopatiske Demonane.

Løysinga skjedde i løpet av det andre universet. Ei av Åndene oppretta på eit tidspunkt eit eige Rike separat frå Ånderiket, der det vart samla kunnskap. Denne røyndomsbobla var, ulik dei andre, stadig omringa av tjukke skyer som hindra innsyn. Allereie på den tida var der so mange bobler at programmet automatisk oppretta ein slags «korridor» der dei alle vart samla: Draumeriket vart fødd. Alle menneskesjeler i programmet hadde tilgang til Draumeriket. Diverre hadde Demonane òg ein slik tilgang, og det var der dei fleste sjelene vart fanga.

Men denne bobla, som på grunn av skyene stakk seg ut fråd ei andre boblene, var laga av ei Ånd, og var difor i det godes teneste. Ånda som hadde oppretta Riket, oppretta endelause rekkjer av det som såg ut som bokhyller, der bøker med kunnskap etter kvart samla seg. Ånda sjølv mista armar og bein, og vart om til eit stadig meir sfærisk vesen som auka i omfang etter kvart som kunnskapen fylde både ho og hyllene. Dette Riket fekk til slutt namnet Luftbiblioteket av dei andre Åndene i Ånderiket. Vesenet gav seg sjølv namnet Bordet – for ein besøkjande utanfrå såg overflata ut som eit hudfarga bord som bøker «landa på» for å gje svar på spørsmål den besøkjande lurte på. Ingen greidde å vere der lenge, for Bordet si fråstøytingskraft sende dei ut. Ingen fekk vere der lenge nok til at dei kunne samle kunnskap å bli like kloke som Bordet. Dei få syna dei rakk å sjå av ho, avdekte digre, digre bryst med sølvringar på brystvortene, og ein gigantisk, gigantisk vagina der dei konstant bivrande og småskjelvande leppene vart haldne lukka med ein tilsvarande sølvring. Vesenet verka å vere konstant på randa av ein orgasme som aldri kom.

På slutten av det fyrste Multiverset – milliardar på milliardar av univers seinare – såg skaparane omsider kva slags føremål Parasitten hadde. Alle Ånder starta som Parasittar, og det var difor ein Parasitt som oppretta Luftbiblioteket og vart eit Bord. Når universet nærma seg slutten, var dette Bordet ufatteleg enormt i utstrekning, og bresteferdig med kunnskap. Ho ville ingenting anna enn å eksplodere og få kunnskapen ut.

Når det siste universet i Multiverset slutta, opna Luftbiblioteket seg og avdekte det gigantiske Bordet. Sølvringen som heldt kjønnsleppene lukka, byrja å vibrere. Orgasmen som hadde starta milliardar på milliardar av univers tidlegare, vart no omsider brakt til klimaks. Ringen vart tilinkjegjort, vagina opna seg og milliardarvis av små bobler sprengde seg ut av det stønnande, ekstatiske vesenet. Heile Bordet forsvann i ein blendande, øyredøyvande kataklysme som gjorde ende på det gamle Multiverset og sette i gang det nye.

Alle desse boblene var nye menneskesjeler som alle hadde med seg kunnskapar og erfaringar frå alt vitet som Bordet hadde lagra i Luftbiblioteket. Desse sjelene befolka dei nye kroppane som programmet automatisk laga.

Programmet delte den interne tida opp i univers, Multivers og Æraer. Bordet var det som starta og slutta Multivers. Talet univers i kvart Multivers varierte kraftig, og ingen visste kor mange Multivers det var i ein Æra, anna enn at den fyrste Æraen, Dei tidlege Multiversa sin Æra, hadde ti milliardar Multivers.

Josefine gjorde ein anstendig jobb med å forklare den interne logikken i programmet. Deretter gjekk ho over i ei innføring i dei andre overnaturlege vesena bortsett frå Demonar og Ånder.

Det lågast-ståande overnaturlege vesenet var Succubus (fleirtal Succubi). Dei var alltid hokjønn. Dei var dovne og uærlege, og strengt teke ikkje særleg smarte. Dei kunne derimot forføre desperate menn og få ungar med dei. Når unnfanginga hadde skjedd og graviditet var eit faktum, låste Succubus kjønnsorgana til mannen inne i blæra hans, slik at han vart den kjønnslause slaven hennar. Dette skjedde med Josefine sin store kjærleik Einar i ein svak augneblink. Blæra – med penis og testiklar inni seg – vart lukka nesten heilt igjen. Berre ein liten hudflekk dekte det knøttvesle hòlet, og han hadde ingen muskelkontroll over den. Det stakkars offeret gjekk difor rundt konstant pissetrengt, men greidde ikkje å tømme blæra. No og då opna hudflekken seg og sleppte ut ein liten dusj av særs illeluktande urin – berre for å hindre at blæra sprakk og forårsaka dødeleg sepsis. Succubus var frykta fyrst og fremst på grunn av denne evna til å låse mannlege blærer – men elles vart dei stort sett latterleggjort av dei andre overnaturlege vesena. Einar var ironisk nok ein Parasitt, som definitivt burde ha visst betre enn å gje seg hen til ein lettare tilbakeståande Succubus.

Eit steg høgare opp hierarkiet, var dei langt klokare Heksene. Dei kunne vere både mannlege og kvinnelege. Som namnet antyda, kunne dei kaste trolldommar og spå framtida (til ei viss grad). I byte mot desse overnaturlege evnene, måtte dei inngå avtale med ein ukjent part (ei slags Over-Heks?) og gjere eit permanent offer. Til dømes kunne dei seie frå seg retten til å få orgasme i byte mot heksekrefter. Dersom dei då fekk orgasme, ville kroppane deira døy, men dei ville framleis leve. Dei ville tilbringe resten av universet som eit rotnande lik, eit skjelett og deretter medvite støv som virvla hjelpelaust rundt i kosmos. Eit menneske måtte vere særs uklokt og uvørdent for å inngå ein slik avtale.

Eit anna overnaturleg vesen var Spøkjelset. Dei sjølv føretrekte nemninga «kroppslause sjeler» (på engelsk disembodied soul). Dette var menneskesjeler der kroppane hadde døydd, men der sjela hadde bestemt seg for å bli verande i universet i staden for å gå vidare til neste. Ofte låg det jordiske årsakar bak denne toskete avgjerda. Dei tilbragte då resten av det universet ved å vandre kvilelaust rundt. Einar hadde sjølv blitt heimsøkt av spøkjelsa til to vakre filippinardamer etter eit lagnadstungt cruise i Atlanterhavet. Josefine hadde faktisk sjølv vore eit Spøkjelse i lang tid. Ifølgje ho var det «ei temmeleg jævlig oppleving».

I mange Rike fanst det sokalla medvitne statuer. På utsida såg dei ut som heilt vanlege statuer, men på innsida var det ei fanga menneskesjel. Som regel var dette straff for horrible handlingar dei hadde gjort medan dei var vanlege dødelege. Ein slik straff kunne berre ein Demon påføre sjeler.

Eit av dei heller ynkelege overnaturlege vesena, var sokalla Oppblåsne anatemaer. Det greske ordet anatema betyr ein avskydd og unngått skapning. Dei var fredlause i ordets bokstavlege tyding: dei fekk aldri, aldri nokosinne fred eller kvile. Dei måtte vandre kvilelaust i kring, og vart utsett for eit smertefullt sjokk (nesten som eit straumsjokk) kvar gong dei stoppa opp. Dei var kledd frå topp til tå i eit mørkegrått, tettsitjande stoff lik det ein finn i enkelte treningstights, og hadde rundt halsane sine eit tettsitjande sølvsmykke med eit 8-tal (symbolet for æva snudd vertikalt). Kroppane deira var grotesk oppblåsne, spesielt brysta var enorme. Mannlege Oppblåsne anatemaer hadde testiklar like store som brysta (og ja, dei mannlege hadde bryst nett som damene!). Dei klynka og jamra seg i veg, helst i skogar og aude stader der ingen kunne sjå desse avskydde avvikarane. I likskap med dei medvitne statuene, var dette òg straff påført dei av Demonar for handlingar som var so forkastelege og vanvittige at skaplege folk ville bli fysisk dårlege av å høyre gjete om dei. Demon-forbanninga kunne oppløysast ved å fjerne smykka deira ved hjelp av ein særs komplisert sekvens av finger-manipulering av eitt av ledda i kjedet. Å frigjere ein mannleg Oppblåsen anatema var eit sjølvmordsoppdrag, for straks dei vart frigjort, ville dei gå i lufta og tilinkjegjere alt innan ein kilometers avstand.

Det siste overnaturlege vesenet Josefine fortalde meg om, var kan hende det mest forlokkande og tragiske: Fugleguten. Dette var ei sokalla skjult forbanning. Ingen visste kven som hadde laga den. Forbanninga låg i ein vakker perlechoker (eit tettsitjande perlekjede) med eit lite sølvhjarte som anheng. I det einaste kjende tilfellet klatra ein tenåringsgut opp i eit tre ein mørk, stormfull aftan då han såg dette perlekjedet hengje der oppe. Av for Josefine ukjende årsakar, hadde han på seg ein kvit silkekjole og hadde perleøyredobbar. Om der låg ei plausibel forklaring bak dette, hadde Josefine gløymt den for lenge sidan. Han tok perlekjedet rundt halsen, og brått var han ikkje lenger påverka av tyngdekrafta. Han mista både armar og bein (dei berre skrumpa inn til ingenting under kjolen), og det vaks svære vengjer på han. Han dreiv til himmels og rørte aldri bakken igjen. Bakken støytte han vekk frå seg, og kvar gong han nærma seg bakken og vart avvist, vart han visstnok fylt av ei kjensle ein million gonger sterkare enn ein orgasme. Fugleguten sin modus operandi vart difor å stadig prøve å nærme seg bakken, berre for å stige lynraskt fleire kilometer til himmels. Han vart difor kjent som den luftborne eremitten, det mest einsame, «lykkelege» vesenet kanskje i heile programmet.

Med dette avsluttar eg Josefine sitt vitnesbyrd for denne gong.

Kommenter innlegget