Caitlin Johnstone sin åttepunktsstrategi mot hovudstraumsmedia: Korleis kjempe mot propagandamaskina og vinne

Tilbake i mai 2017 publiserte nettjournalisten Caitlin Johnstone ein artikkel med namn «How to Fight the Establishment Propaganda Machine and Win». Nokre få dagar seinare publiserte Steigan ein artikkel om Johnstones artikkel: «Hvordan kjempe mot propagandamaskinen og vinne?». Essensen i Johnstone-artikkelen er, i Steigans ord: «…dersom systemets propagandamaskin er en hai og vi er en tiger, så tving dem til å kjempe mot oss i jungelen.»

Som Steigan vidare skriv i 2017-artikkelen:

«Hun har skjønt at sjøl om fienden er sterk i form av kapital og makt, så er «the establishment» kanskje svakere enn på lenge. Dels kommer det av at de som har den egentlige makta er så få og at den politikken de fremmer bare tjener interessene til denne ekstremt rike eliten. Og dels kommer det av at de et stykke på vei har gjort seg upopulære allerede. Tilliten til systemmediene, særlig i de store imperialistiske landa, er på et lavmål, og i de samme landa skårer heller ikke politikerne høyt når det gjelder tillit.»

Johnstone har, basert på amerikanske medieforhold (som riktig nok har stor makt i Noreg), kome fram til ein åttepunktsstrategi mot hovudstraumsmedia, her gjengjeve i Steigans omsetjing:

  1. Øk offentlighetens mistillit til disse mediene
  2. Knus illusjonen om normalitet
  3. Knus illusjonen om enstemmighet
  4. Vær åpent politisk aktiv
  5. Glem aldri overgrepene
  6. Vær alltid på offensiven
  7. Finn de andre
  8. Ha det moro

Viktigast av alt, og her deler Saksyndig Steigans syn, må vi få formidla til flest mogleg menneske at ein ikkje skal ta hovudstraumsmedia sine ord for god fisk. Mykje av det er propaganda og feilinformasjon, noko vi har sett spesielt rundt koronasituasjonen og Ukraina-krigen. Ei lita gruppe styrtrike menneske sit med den eigentlege makta i verda, og dei har pengar og ressursar til å kjøpe kven som helst av politikarar og media. Om denne eliten bestemmer seg for at 2+2=5, vil dei gje ordrar til sine underordna (dei fleste politikarar og hovudstraumsmedia) å vidareformidle denne feilinformasjonen, og ikkje minst diskreditere og demonisere alle fornuftige røyster som seier at 2+2 framleis er, alltid har vore, og alltid vil vere 4.

Det er viktig å hugse på at takka vere Internett si globale utbreiing og autonome natur (kven som helst kan opprette ein blogg og ytre seg, til dømes), har ikkje lenger eliten monopol på sanninga – eller det dei sjølv meiner er sanninga – same kor mange dei kjøper og betaler for å bli deira lydige nikkedokker/slavar. Då det berre fanst trykte medium, var monopolsituasjonen reell. Tilbake på 1960-talet hadde til dømes BBC monopol på radiosendingar i Storbritannia, og radiostasjonar som ønskte å lage sendingar, måtte til havs for å gjere dette. NRK sitt monopol på TV-sendingar vart fyrst oppheva i desember 1981. Monopolet var der av ein grunn, for å seie det på den måten. Det skulle berre finnast éi stemme i det offentlege rom, og stemma skulle tilhøyre staten og deira allierte.

Hovudstraumsmedia, etter instruksar frå sine overordna, vil normalisere det unormale, til dømes endelause nedstengingar og menneskefiendtleg isolasjon, og ikkje minst ukritisk massevaksinasjon med eksperimentelle, dødelege og sjukdomsskapane mRNA-injeksjonar. Dei vil ha det til at desse «tiltaka» (les: psykologisk krigføring og forgifting av menneske) var einaste løysinga, endå dei til og med frå eit fullstendig objektivt synspunkt hadde ingen føresetnader for å meine det. Kor hentar dei i so fall dokumentasjonen på sine påstandar frå? Dei taler med éi stemme og tillèt i praksis berre denne eine stemma å fylle medierommet som eit døyvande gjallarhorn – dag ut og dag inn. Dei som ikkje er førebudd på svindelen, lèt seg hjernevaske om til lydige fotsoldatar som slår ned for fote dei som kjem med alternative synspunkt.

Men vi veit betre. Alle saker har meir enn éi side, og dette gjeld alt frå klimasaken til koronasituasjonen til Ukraina-krigen. Elektrifisering av sokkelen er like lite den einaste løysinga på eit påstått problem, som mRNA-vaksinar er på eit påstått virus, eller demonisering av president Vladimir Putin på grunn av eit påstått uprovosert åtak på eit land gjennomsyra av korrupsjon og nynazisme.

Lat oss aldri gløyme overgrepa. USA og NATO fordømmer Russland og prøver å få alle land til å avslutte all handel, vel vetande om at ein med dette vil skape tidenes energikrise – for er det ikkje nettopp Russland som sit med enorme mengder gass og olje? Og kom ikkje nettopp Russland med krav om at all handel med «fiendtlege nasjonar» skulle gjerast i rublar, som i motsetnad til petrodollaren, er bunden til gull? Er det kanskje Russland som har bomba sivile i ei rekkje land dei siste tiåra?

Og lat oss aldri gløyme overgrepa som er gjort i koronaens namn. Lat oss aldri gløyme de facto-statskuppet som fann stad 12.mars 2020, då helsebyråkrat Bjørn Guldvog, utan konge og statsråd i regjering, stengde ned landet og prøvde med fullt overlegg å øydeleggje framtida til det norske folket. Lat oss aldri gløyme økonomi-øydeleggjande nedstengingar, sjukdomsskapande og framandgjerande munnbind, forbod mot å møte folk, klemme dei og vere med dei, og ikkje minst mRNA-vaksinane som i praksis vart tvinga på folk, og som øydela helsa til mange og tok liva til enkelte.

«Jammen, det var jo nasjonale retningslinjer som kom frå lovleg folkevalde politikarar!» vil den hjernevaska majoriteten breke.

Feil. Dette var høgst internasjonale «retningslinjer» som kom frå WHO, etter instruks frå mellom andre WEFs Klaus Schwab. Pandemitiltaka var i strid med dei opphavlege pandemiplanane til alle vestlege land. Og det var ikkje eingong ein pandemi, iallfall ikkje etter WHO sin definisjon frå før våren 2009. Og når det gjeld folkevalde politikarar, er det etter mi meining irrelevant om vi valde dei eller ikkje, for dei tener ikkje våre interesser. Dei følgjer instruksar frå sine eigentlege overordna, vel vetande om at tiltaka vil øydeleggje oss som folk og nasjon. Dei er ikkje lenger våre politikarar. Dei er landssvikarar.

Lat oss aldri gløyme at eliten er meir ynkeleg enn dei desperat prøver å framstå som. Å finne saman i grupper som har eit felles syn og ein felles visjon for framtida vår, vil utgjere eit nødvendig forsvar mot framtidige overgrep frå dette psykopatiske monsteret.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s