Krigspropagandaen endrar forma si

Av Thierry Meyssan. Henta frå Voltaire Network. Omsett av saksyndig. Sjå originalartikkel for referansar.

Dersom den russiske hæren har vunne krigen mot banderittane [ukrainske nasjonalistar som sympatiserer med fascistisk ideologi; oms.an.] i Ukraina, har NATO vunne den kognitive krigen mot sine eigne borgarar i Vesten. Den atlantiske alliansen har utvikla ei ny form for propaganda basert på kva dei fordømte for kort tid tilbake: Falske nyheiter, som ikkje vil seie falsk informasjon, men føreinnteken informasjon. Korleis kan du beskytte deg sjølv mot det?

Artikkelen er nummer 13 i ein serie av Meyssan. Sjå originalartikkelen for linkar til dei 12 andre artiklane.

«Å slå tilbake fienden med makt er ikkje den høgste krigskunsten, den høgste krigskunsten er å slå tilbake fienden utan å gyte ein einaste drope blod.» – Sun Tzu, The Art of War.

Den franske generalen Philippe Lavigne ved NATOs Allied Command Transformation (ACT) har overordna ansvar for forsking på nye propagandametodar.

Kommandosentralen hans har 21 senter for eksellense, inkludert ein for propaganda, Stratetic Communications Center of Excellence (STRATCOM) i Riga, Latvia. Det har skapt NATOs Innovation Hub (iHub) under leiinga av franske Francois du Cluzel, tidlegare professor ved Collège militaire interarmes de Coëtquidan. Det finansierer forsking ved John Hopkins University og Imperial College of London på kognitive evner. Denne forskinga dekkjer heile det kognitive domenet med ulike applikasjonar som går frå bioniske soldatar til krigspropaganda.

NATOs generelle idé er å leggje til dei fem vanlege domena av intervensjon (luft, land, sjø, rom og cyber) eit sjette: menneskehjernen. «Medan handlingar i dei fem domena blir utført for å oppnå ein effekt på menneskedomenet, er målet med kognitiv krigføring å gjere eitt av dei om til eit våpen,» skriv Francois du Cluzel.

Dersom propaganda under Fyrste verdskrigen var basert på falsk informasjon popularisert av store forfattarar; deretter på repetisjonen av utvalde meldingar under Andre verdskrigen; er den i dag sett i verk som ein illusjonist sitt stykke. Det handlar om å bevege menneske for å distrahere merksemda deira og gøyme frå dei det dei ikkje burde sjå. Dei vurderer det som dei ser med den uinteresserande informasjonen som dei blir mata med. På den måten greier vi, utan å lyge til dei, å forveksle blærer med lanterner.

Vi lever i den fyrste applikasjonen av denne teknikken, i høve krigen i Ukraina.

For å gjere meg sjølv forstått, vil eg fyrst presentere informasjon for å bli ignorert, og deretter kome tilbake til behandlinga av krigen av fransk statleg fjernsyn. Eg ville ha oppnådd same resultat om eg hadde brukt eit tysk, britisk eller amerikansk døme.

Vestlege leiarars ansvar for krigen i Ukraina

I Vesten plasserer forteljinga om Ukraina-krigen all skuld berre på den russiske presidenten, Vladimir Putin, og sekundært på dei politiske og finansielle figurane i hans regime. Derimot er denne versjonen tydeleg falsk om ein ser på dei daglege rapportane frå observatørar frå Organization for Security and Cooperation (OSCE) i Europa. Dei vitnar at dei høyrde eit åtak frå Dombass (framleis ukrainsk) av Kiev-styrkar om ettermiddagen 17.februar. Alle nyheitsbyrå rapporterte at minst 100 000 sivile hadde flykta til Donbass eller til Russland. I tillegg høyrde dei politiske hovudleiarane i NATO Ukrainas president Volodymyr Zelenskyy fortelje dei på Tryggleikskonferansen i München at han hadde tenkt å skaffe seg kjernevåpen til bruk mot Russland. Det er tydeleg at det ikkje var Moskva, men Kiev, som utløyste dei fiendtlege handlingane.

Ingen kan førestille seg at Kiev har sleppt laus denne krigen mot ein langt mektigare fiende utan å i forkant ha fått forsikringar frå allierte som tilsynelatande er i stand til å forsvare landet mot Russland. Dette kan verre vere NATO eller USA og kanskje dei to andre kjernevåpenmaktene, Frankrike og Storbritannia.

Det fyrste møtet der denne krigen vart presentert som ønskjeleg, vart so vidt vi veit halde i House of Representatives 5.september 2019. Det vart organisert av Rand Corporation, tenkjetanken til den amerikanske militær-industrielle lobbyen. Målet var å presentere to rapportar, «Overextendig and Unbalancing Russia» [«over-utvide og u-balansere Russland»] og «Extending Russia: Competing from Advantageous Ground» [«å utvide Russland: å konkurrere frå fordelsaktig grunn»] til parlamentarikarane. Hovudideen er å bruke mot Russland den spesielle måten dei baserer forsvaret sitt på. Sidan det er eit enormt territorium Russland forsvarer ved å flytte seg rundt og praktisere «den brende jords taktikk», er det nok å tvinge dei til å flytte seg utanlands for å utmatte dei.

Kor viktig denne hendinga var, blir vist oss av hendinga som påverka samarbeidspartnaren vår, den italienske geografen Manlio Dinucci. Artikkelen hans om temaet vart sensurert av avisa hans, Il Manifesto, som han måtte forlate.

Tre hendingar ber vitne om involveringa av USA, Storbritannia og Frankrike i den hemmelege førebuinga av krigen.

  • 24.mars 2022 vart det publisert ein 22 minutt lang telefonsamtale mellom den britiske forsvarsministeren, Ben Wallace, og dei russiske komikarane Vladimir (Vovan) Kuznetsov og Alexei (Lexus) Stolyarov. Ein av russarane poserte som den ukrainske statsministeren, Denys Shmyhal, som Wallace aldri møtte.
  • På spørsmål om Storbritannia ville hjelpe Kiev med å skaffe seg kjernevåpen, svarte Wallace at han måtte konsultere med statsminister Boris Johnson og at «Prinsippet er at vi vil støtte Ukraina som ein venn same kva val de gjer.» I éi setning kasta han til side Nuclear Non-Proliferation Treaty [Ikkjespreiingsavtalen på norsk, ein internasjonal traktat om å ikkje spreie atomvåpen i verda, ratifisert av 189 suverene statar per 2014; oms.an.].
  • Rundt temaet av neste-generasjons lette antitankvåpen (NLAW)-missil som Storbritannia nettopp har sendt til den ukrainske hæren, innrømte Ben Wallace at dei ikkje fungerte skikkeleg, og at reservedelar òg har blitt sendt.
  • Men det er spesielt rundt temaet NATO at Ben Wallace sitt språk har vore for ordrikt. Den britiske ministeren inviterte nok ein gong Ukraina til å bli med i Den atlantiske alliansen. I prosessen avdekte han ved eit uhell at Storbritannia hadde sendt militære instruksjonar for å førebu den ukrainske hæren i fleire år.

Boris Johnson si regjering brukte kvar ein metode tilgjengeleg for å skjule, eller heller minimere, desse ytringane. Dei påstod at intervjuet berre varte i ti minutt og forbaud YouTube/Goggle å kringkaste heile sketsjen. Vestlege media vart bedne om å snakke om denne fadesen om atombomba og å dekkje over dei andre to punkta. Dette er måten britane alltid gjer ting på: å ikkje nekte alt, men å få dei farlegaste punkta til å forsvinne.

25.mars 2022 besøkte president Joe Biden Kongresspalasset i Rzeszów, Polen. Han vart følgt av direktøren i USAID, Samantha Power (tidlegare FN-ambassadør), og den polske presidenten, Andrej Duda. Det er verdt å leggje merke til at Andrej Duda fekk parlamentet sitt til å køyre gjennom ei lov som nekta for rolla til den polske staten i nazi-brotsverk, og å autorisere rettslege prosessar mot alle som nemner dei. Joe Biden snakka med ulike NGO-ar for å lovprise at dei hjelpte ukrainske flyktningar. Etterpå gav han ein tale til sine soldatar i den 82.luftborne divisjon, som var stasjonert der. Han besøkte dei òg i mathallen og snakka til dei utan ein teleprompter eller kamera. Som alltid på slike tidspunkt, avslørte den 79-årige mannen statshemmelegheiter. Ifølgje vitna takka han dei for deira engasjement i Ukraina over lang tid, sjølv om det offisielt aldri har vore nokon amerikanske soldatar i det landet.

29.mars 2022 vart general Eric Vidaud, direktør i den franske militæretterretninga, oppsagt. Inga offisiell forklaring vart gjeven. Det verkar som om general Viaud i røynda hadde sendt ut menn etter direkte instruksar frå president Macrons private stab i 2021, då han var kommandør for spesialoperasjonar, for å styre Azov-banderitt-regimentet. Med éin gong prøvde fem ukrainske helikopter å flykte frå Mariupol, basen til Azov-regimentet. To vart skotne ned 30.mars. Dei overlevande vart tekne til fange av den russiske hæren. Dei snakka med éin gong. Soldatane i Spesialoperasjonskommandoen er for alle logistiske føremål plasserte under ordrane frå hærsjefen av dei væpna styrkane, general Thierry Burkhard, men dei tek ordrane sine direkte frå sjefen av dei væpna styrkane, president Emmanuel Macron.

Relasjonane mellom presidentane Macron og Putin kjølna skarpt.

Korleis krigspropaganda maskerer røyndommen

dI Frankrike har staten France-Télévision for si eiga befolkning, der France-2 er den mest sette kanalen, og France Médias Monde for utlandet. Den siste gruppa er direkte avhengig av Ministeriet for utanlandsaffærar og kringkastar France-24 på fleire språk.

Til å byrje med la France 2 fram ei direkte nyheitssending frå Lviv (Ukraina), presentert av stjerna deira, Anne-Sophie Lapix 14.mars 2022. Dette nyheitsprogrammet samlar kvar dag litt meir enn 20% av folket. Den unge kvinna viste mykje øydelegging og traumatiserte flyktningar. Ho gjekk gjennom byen, men la ikkje merke til det framtredande monumentet av Stepan Bandera, leiaren av dei ukrainske nazi-støttespelarane. Ho spurde òg ut ordføraren i Lviv, Andriy Sadovy, utan å forklare at han er ein av landet sine leiande oligarkar. Ho spurde han ikkje om mediegruppa hans, der kona hans er direktøren. So ho spurde han ikkje om kommentarane gjort dagen før på kanalen hans, der han oppfordra til å drepe alle russarar, kvinner og barn inkludert, ifølgje metodane fremja av SS sin Adolf Eichman. Ikkje på noko tidspunkt vart det spesifisert at dette programmet vart laga på initiativ av banderitt-oligarken Andriy Sadovy og kona hans, begge tidlegare klientar til Publicis-byrået til Arthur Sadoun, mannen til Anne-Sophie Lapix.

Sjåaren som ignorerer ukrainske hyllestar til nazistane og oppfordringane til å følgje deira døme kan berre grine når han blir vist den oppsamla lidinga. Han kan ikkje tvile at russarane er løgnarar og kriminelle og at ukrainarar generelt er uskuldige offer.

25.mars rapporterte France 24 på engelsk i si spalte Truth or Fake om intervjuet av den britiske forsvarsministeren Ben Wallce av russiske komikarar. Etter instruksar frå Boris Johnsons kabinett, gjorde den franske utanriksministeri-kanalen narr av ytringane hans rundt atombomba for å betre skjule ytringane rundt den manglande effektiviteten til hans anti-tank-våpen og spesielt ytringane rundt at militære instruktørar hadde vore til stade i Ukraina i fleire år. Journalisten presenterte komikarane som youtuberar, medan dei arbeider for NTV-kanalen, som ikkje lét ho nemne at dei er sensurert på YouTube i landet bak 1.amendment og ytringsfridom. Spalta vart produsert av journalist Catalina Marchant de Abreu, ein spesialist i å avsløre falske nyheiter.

Toppen vart nådd 31.mars med France 2 sine nyheiter. France-Télévision, som fram til no nekta for den ideologiske karakteren til Azov-regimentet, kringkasta ein rapport om denne danninga. Det offentlege fjernsynet innrømte at det i 2014 hadde blitt infiltrert av nynazistiske element, siterte ein av grunnleggjarane sine, Andriy Biletsky, men forsikra om at dei sidan hadde endra seg til ein respektabel forsvarsstyrke. France-2 nemnde ikkje ein av sine andre grunnleggjarar, Dmytro Yarosh, ein NATO-agent og tidlegare koordinator av europeiske nynazistar og Midt-Austen-jihadistar mot Russland, som har blitt spesialrådgjevaren til øverstkommanderande i dei ukrainske hærane.

France-2 refererte til ein gammal FN-rapport om tortur, men ikkje til oppdaginga av hans spesielle fengsel av den russiske hæren, ei heller til nylege FN-ytringar om temaet. Rapporten mislykkast òg i å forklare kva banderittar er i ukrainsk historie, og reduserte kor viktig det er for nynazistar å gå med hakekorset. Etter å dermed ha glatta over problemet, vurderte kanalen faren til å utgjere mellom 3000 og 5000 menn, medan Reuters forsikrar oss om at banderitt-paramilitære i dag representerer 102 000 menn delt i eit stort tal militsar inkorporert i territorie-forsvaret.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s