Fekk EU nettopp trumfa gjennom digitalt diktatur og obligatorisk vaksinering?

Jim Stone i Global Research 1.april 2022 ut ein artikkel på nettsida der han skriv følgjande:

«Det speler inga rolle om pandemien er over og vaksinen har vist seg å vere bedragersk, dei tenkjer å gjennomføre det likevel.

Dette kom nettopp på Gmail frå ei svært påliteleg kjelde. Eg gjengjev det her ord for ord. Det er fullstendig legitim info.

‘Åtvaring’

Etter 30.juni 2022:

  • Europarådet har utvida resolusjon 2361 og protesterer ikkje lenger mot obligatorisk vaksinering.
  • Frå og med 1.juli 2022 har EU annonsert eit lovforslag for dei obligatoriske EU Covid-19-sertifikata som tek frå deg alle fridommane dine dersom du ikkje har eit QR-covid-sertifikat. Dersom eit fleirtal av medlemsstatar skriv under på lovforslaget, vil det bli innført obligatorisk vaksinering.
  • På slutten av 2022/2023 vil der vere ein digital valuta.
  • EU vil påføre ein digital ID på kvar EU-borgar. (Nederlendarane har allereie gjort dette og refererer allereie til EU-versjonen på digld.nl-nettsida)
  • Alle minibankar vil bli erstatta av QR-kode-minibankar i næraste framtid, og Belgia er allereie i full gang med å installere dei.
  • Dersom desse QR-kode-maskinene er integrert, kan ein ikkje lenger ta ut pengar frå bankar og/eller andre stader.
  • EU påstår at dei vil gjere kontantar fullstendig verdilause innan 18 månader.
  • EU-resolusjonen tek permanent frå kvar person hans fysiske integritet.

Det faktiske dokumentet kan lastast ned her

Saksyndig har teke ein titt på dokumentet. Det er på nederlansk, og overskrifta tydar noko i retning av «forlenging av EUs digitale covid-sertifikat-regulering». Ei vidare lesing avdekkjer at det nederlandske lovforslaget liknar i stor grad på det norske lovforslaget om koronapass, som den norske regjeringa (etter instruksar frå EU) no prøver å snikinnføre. Artikkelen til Jim Stone er riktig nok publisert 1.april (den store narredagen), men lovforslaget vart lagt ut so tidleg som i februar 2022. Det har per dags dato (7.april 2022) kome inn 196562 kommentarar i Feedback-seksjonen. So langt eg har lese, er dei fleste framandspråklege innlegga negative til covid-sertifikatet.

Om Gmail-en frå Jim Stone si kjelde stemmer, vil EU-borgarar (og kanskje òg nordmenn) innan slutten av 2022 leve i eit digitalt diktatur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s