No deltek til og med Star Wars-romskip og Stormtroopers i Ukraina-krigen!

Israelsk TV viser ved eit uhell «direktesende bilete» av TIE-jagar-romskip frå Star Wars som krasjlandar i Ukraina

Av Niamh Harris, NewsPunch. Omsett av saksyndig.

Ein viral video, som ved eit uhell vart brukt av israelske Channel 13-nyheitene, påstod at dei sendte direkte frå Russland sin invasjon av Ukraina.

Klippet inneheldt eit krasjlanda TIE-jagar-romskip frå Star Wars og viser til og med Stormtroopers som står rundt flyet frå Imperiet.

Mail Online rapporterer: Ei etterforsking av Channel 13 har blitt sett i verk, og redaktøren har blitt suspendert etter at videoen vart sendt under ein montasje av øydeleggingar i Ukraina.

Klippet var opphavleg ein reklame publisert av Disney og Lucasfilm i 2014 for å promotere ein ny Star Wars-kanal på Sky Deutschland.

Det viser Stormtroopers som undersøkjer det krasja stjerneflyet på ein tysk motorveg medan bilar suser forbi.

Den originale biletteksten sa «Åtvaring: Usikra krasj på A3. Ver vennleg å sving til høgre og køyr ikkje forbi!».

Ein trur at videoen byrja å sirkulere på meldings-appen Telegram etter den russiske invasjonen, og lurte folk til å tru at den viste bilete frå krigen.

Ukraina har åtvara om desinformasjon som blir delt på nettet, og seier at Russland førebur ein online-kampanje som føreslår at høgtransjerte militære og politiske figurar har overgjeve seg.

Den ukrainske forsvarsministeren Oleksii Reznikov sa at kampanjen vil inkludere falske dokument og iscenesette bilete for å forskyve forteljinga rundt Russlands so langt mislykka forsøk på å styrte toppleiinga i Ukraina.

«For å ‘bekrefte’ denne falske informasjonen, dei tilsynelatande signerte ‘dokumenta’, so vel som falske, vil redigerte videoar bli distribuerte,» sa Reznikov i ei melding på nettet, før han posta ei liknande melding på Twitter.

Reznikov forsikra om at den ukrainske leiinga framleis er i Kiev trass det russiske åtaket, og erklærte «Inga overgjeving! Berre siger!»

YouTube og Facebook har utestengt dei russisk-eigde media RT og Sputnik sine kanalar over heile Europa, etter at Facebook og Twitter annonserte over helga at dei hadde blokkert eit sett av pro-russiske, falske kontoar og hacka profilar som delte anti-ukrainske meldingar på sosiale media.

EU har òg innført eit forbod mot RT og Sputnik sine kanalar, og innført målretta sanksjonar mot nøkkelindivid som dei trur er involverte i Russlands propagandamaskin, inkludert sjefsredaktør i RT og Rossiya Segodnya, Margarita Simonyan.

I mellomtida gjekk Russlands regulatør av statleg kommunikasjon, Roskomnadzor, ut mot sosial-medie-giganten Meta – morselskapet til Facebook og Instagram – og Twitter for å vere medskuldige i å spreie det dei kalla falske innlegg om kva dei skildra som Russlands «spesialoperasjon» i Ukraina.

Russland har òg annonsert at dei vil begrense tilgang til BBC-nettsida.

Tilgang til BBC sine nettsider, nettsida for uavhengige nyheiter Meduza, den tyske kringkastaren Deutsche Welle, den russiskspråklege nettsida til den USA-finansierte Radio Free Europe/Radio Liberty, Svoboda, vart «avgrensa» av Roskomnadzor etter ein førespurnad frå aktorar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s