Ein stressa sjukepleiars kvardag

Presis kvart på tre om ettermiddagen brasar 30-årige Susann inn i avdelinga med sin digre, frodige kropp, raudmussa ansikt og blonde, lett kaotiske hår virvlande etter ho i eit mislykka forsøk på å lage ein hestehale. Namneskiltet heng halvvegs ut av den eine brystlomma, og det lett slitne sølvsmykket glitrar i det grelle lyset frå lysrøyra i taket. Bak ho følgjer kollegaen, den 35-årige helsefagarbeidaren Hildegunn, som i motsetnad til Susann er høg, slank og temmeleg elegant. Det sjokoladebrune håret til denne edle og oppvakte dama er knytt i ein hestehale som perfekt følgjer dei kommunale retningslinjene for hår hjå personalet.

I kveld jobbar ikkje Susann berre i avdelinga med helsefagarbeidar Hildegunn – ho er i tillegg vakthavande sjukepleiar, med overordna medisinansvar for heile sjukeheimen. Alle dei seks avdelingane, alle dei seksti bebuarane. I praksis tydar dette at Hildegunn gjer alt miljøarbeid, pleie og istandgjering av måltid. Hildegunn gjev òg medisinar på si eiga avdeling. Susann skal i teorien hjelpe til på si eiga avdeling, og vere tilgjengeleg om det oppstår situasjonar relatert til medisinar på resten av avdelingane.

Stressa, heseblesande Susann tek imot rapport frå sin like stressa sjukepleiarkollega som har gått dagvakt. På innpust og utpust – og på ei slags rar blanding mellom rogalandsk, kaudervelsk og lett tungetale – utleverer kollegaen ein rapport som er kaotisk, fragmentert og til tider altfor, altfor detaljert. Trass at ho har fått munnleg rapport, må Susann likevel inn på PC-en og lese kva kollegaene har skrive i rapport i løpet av dagvakta, i tillegg til å sjekke E-meldingar om bebuarar som for tida er innlagt på sjukehus. Men fyrst må ho ein tur på do, for ho er so pissetrengt at ho held på å gå i lufta!

Etter ein kort, stressa sprut inne på den knøttsmå dassen, ringjer vakttelefonen. Ein helsefagarbeidar på ei avdeling i etasjen over spør om Bebuar X kan få ein eittgrams-Paracet på grunn av smerter i venstre lår. Susann, like pissetrengt, snerrar at det er greitt. Rådande praksis seier nemleg at helsefagarbeidarar må konferere med vakthavande sjukepleiar kvar gong ein bebuar skal ha eventuellmedisinar – altso medisinar som ikkje er del av dagsdosetten. Ho kjempar seg ut av det vesle, kommunale kottet av ein fattigmannsdass og kavar over flate golvet inn i naboavdelinga, der ho har eit sårstell av ein bebuars høgre rumpeball. Helsefagarbeidaren kunne ha gjort det, men sjukepleiarane har seg imellom aggressivt bestemt at sidan såret er eit byrjande trykksår, kan berre dei med treårig høgskule stelle det. Susann skiftar bandasje, noko som er gjort på tre sekund, og som strengt teke kunne ha blitt gjort av ein simpel fagbrevutdanna. Faktisk kunne ein røyrleggjar eller ein ubåtkaptein ha gjort det òg, men slik er no rådande praksis på dette søkkande skipet av ein kommunal sjukeheim!

Vakttelefonen ringjer igjen. No er det ein helsefagarbeidar og ein assistent som må ha hjelp å få ein bebuar opp frå golvet. Den eldre herren har hatt eit fall, og den einaste personløftaren må stå på lading i minst ein time til. Susann rykkjer motviljug ut, fordi alternativet jo er å late mannen liggje på golvet ein time til fram til personløftaren er ferdig lada! Dei tre greier med naud å neppe å få den alvorleg demente bebuaren opp frå golvet og ned i komfort-rullestolen. Det må skrivast avvik på fallet. Susann må gjere det, ettersom dei to hønsehovuda ikkje aner korleis ein bruker det nye avviksrapporteringssystemet, som er ulogisk, krøkkete og kontraintuitivt. Ho har som neste oppdrag å sjå over dosettane til ein ny bebuar nede på korttidsavdelinga. Men fyrst må ho ein tur på do, for ho er so pissetrengt at ho held på å gå i lufta!

Etter ein kort, stressa sprut og ein jævla høg brakfis, vrir desperate Susann seg av at vakttelefonen ringjer igjen; blæra blir ikkje på langt nær tømt denne gongen heller. Lyden av den klumpete mursteinen av ein steinaldertelefon er ikkje akkurat behageleg, og korridorrykta vil ha det til at leiinga har gjort lyden ubehageleg med vilje som ein slags hersketeknikk overfor dei underordna. Helsefagarbeidaren frå i stad ringjer. Bebuaren som fekk ein eittgrams-Paracet, har no særs sterke smerter i låret. Kan vedkomande få låst ut ein Paralgin Forte? Susann seier ho må ringje og konferere med AMK (akutt-medisinsk naudtelefon), for dama har jo nettopp fått 1000 mg Paracet. Susann og den sprengfulle blæra hennar vrir seg ut av det vesle toalettet og ringjer AMK. Etter langt om lenge tek ei pissesur dame telefonen. Ho glefsar til Susann på ei vanheilag blanding av rogalandsk og bergensdialekt at bebuaren kan få ein Paralgin Forte, ettersom det her er snakk om ein relativt storvaksen person. Det går sikkert bra om ho ikkje tek meir smertestillande på minst fire timar. Susann tek deretter ein telefon opp til helsefagarbeidaren og kommanderer ho ned til ho, brysk som ein drillsersjant. Helsefagarbeidaren, som har all verdas tid, kjem roleg og fatta ned. Dei to går inn på medisinrommet, der Susann låser ut ein Paralgin Forte. Klart, Susann kunne ha låst ut tabletten og sjølv gått opp på avdelinga med den, men ho spring rundt nok som det er! Dessutan må ho på do igjen før ho eksploderer!

Etter ein kort, stressa sprut og eit skjelvande hikst, kjempar den store damekroppen seg ut av den sjofle vitsen av eit dass og styrtar opp til nøyaktig same avdelinga som helsefagarbeidaren kom frå. På naborommet til bebuaren som nettopp glefsa i seg ein Paralgin Forte, går sinnsjukt pissetrengte Susann ned på kne framfor ein eldre herre for å førebu skifte av kateter. Ho påfører penis bedøvande gelé, før den tunghøyrde kallen blir kommandert opp i senga, der han ligg med utstyret i vêret. Susann grip tak rundt den mellombels kjenslelause kuken og køyrer med psykopatisk hastigheit det lange gummirøyret opp urinrøyret og heilt inn i blæra. Urinen fossar ut, og Susann rekk sovidt å føre røret ned i ei plastflaske. Deretter festar ho urinposen. Ho slengjer eit handklede i skrittet på mannen og forlét rommet so fort at namneskiltet har problem med å halde følgje med ho.

I mellomtida har helsefagarbeidar Hildegunn samla ti bebuarar rundt kjøkkenbordet for å servere dei kaffimat. I dag er det fyrstekake med vaniljeis til kaffien. Det herskar roleg stemning, og koseleg musikk frå 1950-talet står og speler i bakgrunnen. Ute høljar det ned, men heldigvis er taket på den kommunale sjukeheimen nokso tett. Tre av bebuarane må matast, men Hildegunn mater dei alle tre samstundes – endå ho berre har to nevar. Klokka er nøyaktig halv fire. Ho strekkjer seg i stolen, før ho spør dei om nokon vil vere med på ei aldri so lita songstund. Hildegunn speler nemleg gitar. Dei som er rimeleg klare og orienterte, takkar ja. Ein av bebuarane drit seg ut. Han har heldigvis bleie på seg. Ein tur på rommet og store mengder kommunalt dasspapir seinare, set dei alle i å synge «Alle fugler» so det nesten tette taket lettar.

Susann hastar med små, trippande steg inn på rommet til ein bebuar, som har besøk av pårørande. Ho kolliderer nesten i nattbordet, der det står fire koppar kaffi og fire små asjett med fyrstekake og vaniljeis. Ho informerer at ho må måle blodsukker på bebuaren, ettersom det no er tid for ettermiddagens insulindose. Dette kunne naturlegvis òg helsefagarbeidaren på avdelinga ha gjort, men rådande praksis er at helsefagarbeidarar må få pasientbunden opplæring før dei kan gje insulin, sjølv om flesteparten har gjeve insulin til bebuarar mykje lenger enn Susann sjølv har gjort. Opplæringa har det ikkje blitt tid til å gje, so difor må Susann rykkje ut og gjere det.

Dei pårørande ser mildt brydde på det digre, dissande berget av eit damemenneske, som nesten riv opp sømmene på genseren i det ho brettar opp ermet til den 88-årige, skrøpelege dama. Berre Susann sjølv veit kvifor ho eigentleg brettar opp ermet, sidan ho jo skal ta blod frå fingeren på dama. Ho klemmer blod ut av fingeren ned i blodsukkermålingsapparatet. Ho må klemme hardt, fordi det å klemme blod ut av enkelte eldre diabetes-pasientar er nett som å klemme blod ut or ein stein! Omsider kjem det blod ut av den eldre dama, som på ingen måte er komfortabel med situasjonen. Blodsukkeret er 12,1. I legemiddelkortet står det at dersom blodsukkeret er 12 eller meir, skal ho få tre einingar hurtigverkande insulin. Ho oppdagar at det ikkje er fleire nåler igjen til insulinpennen. Ho må difor ned på medisinrommet og hente meir.

Helsefagarbeidaren ser eit glimt av Susann i det ho hastar forbi stova som eit godstog på avvege. Den rolege, sindige dama ristar sakte på hovudet, før ho og resten av bebuarane held fram med å spele Ludo.

Medan Susann, so pissetrengt at ho held på å gå i lufta, styrtar ned trappene, ringjer vakttelefonen igjen. Bebuaren som har fått Paralgin Forte, har no uuthaldelege smerter i låret. I tillegg er beinet hovna skrekkeleg mykje opp og er raudleg i farge. Susann vrir seg stønnande i trappa. Ho må stad og sjekke beinet sjølv, for dette kan umogleg vere eit godt teikn! Den digre, blæresprengde sjukepleiar-landkvalen bykser opp trappene og inn i etasjen ho nettopp kom frå. Eit kort blikk på beinet til den sterkt smertepåverka bebuaren bekreftar Susann sine mistankar. Dette kan vere DVT – djupvenetrombose. Ein eller annan stad inni det beinet er det ein blodpropp, og dersom den losnar, kan resultatet bli hjarteinfarkt eller slag. Eller kanskje til og med begge delar, om proppen delar seg etter si ferd opp mot hjartet.

Susann ringjer den pissesure kjerringa på AMK og glefsar til seg ein ambulanse. Bebuaren blir frakta med ulande sirener derifrå.

Helsefagarbeidar Hildegunn er no ferdig med kaffimaten og aktivitetane. Bebuarane har trekt seg tilbake til romma i påvente av kvelds. Klokka er fem, og det er på tide med personallunsj. Hildegunn tek med seg restar frå bebuarane sin middag, som vart servert klokka 13. Alternativet er å hive maten. Det er akkurat nok igjen til Hildegunn. Ho og etasjens andre helsefagarbeidarar og assistentar har lunsj ute i den sokalla midtsona, som er fellesområdet mellom avdelingane. Dei tek seg god tid, for på avdelingane er det jo so roleg.

Susann pissar fort, gale og stressa, og fis so det gjallar i veggane. Til sin enorme frustrasjon, får ho berre til å sprute og skvette ut or den sprengfulle blæra. Like pissetrengt, klynkar ho seg ut av det vesle toalettet, so svolten at ho held på å gå i lufta. Ho passerer medisinrommet, og ser eit berg av dosettar stå og vente på ho (dei roper omtrent namnet hennar!). Dei er frå dagvakta. Hennar sjukepleiarkollega har lagt dei, og Susann må kontrollere dei. Ihelsvolten og pissetrengt, vrir ho den digre kroppen sin medan ho studerer dei veldige mengdene medisinar i kvar enkelt dosett. Sjukeheimslegen har følgt instruksane frå Big Pharma til punkt og prikke!

Brått ringjer vakttelefonen. Ein helsefagarbeidar informerer at pårørande til NN etterspør insulinet som liksom aldri kom. Susann rautar eit høgt «helvete!» før ho reiser seg fort og gale. To av dosettane deisar i golvet, og sytti tablettar ligg i ei salig blanding på golvet inne på det vesle kommunekottet. Ein høg, skjerande fis sprengjer seg ut av ho i det ho står på kne på golvet med den enorme ræva si i vêret og plukkar tablettar.

Medan ho står på kne slik, ringjer vakttelefonen so den nesten hoppar ut av lomma. Sjukehuset ringjer for å informere at ein bebuar med lårhalsbrot kjem til sjukeheimen om nøyaktig 23 minutt. Rommet hans er på ingen måte gjort klart. Hastig, stressa og kaotisk organisering må til, og Susann må som einaste sjukepleiar på vakt gjere alt saman sjølv!

Klokka er halv ti. Helsefagarbeidar Hildegunn har mutters åleine stelt ti bebuarar, der fire av dei er tunge pleiepasientar. Ho har ikkje sett snurten av Susann sidan vakta starta, men slik er det no å jobbe med sjukepleiarar. Ho sløkkjer lyset på avdelinga og går ut i midtsona for å vente på nattevakta. Ho og resten av ikkje-sjukepleiarane sit og drøser og tvinnar tommeltottar. Det har i grunnen vore ei grei og roleg vakt.

Susann er so svolten og pissetrengt at ho held på å gå i lufta. Ho vrir seg heseblesande ut av det altfor vesle medisinrommet, akkurat i tide for å møte vakthavande sjukepleiar som skal jobbe natt. På innpust og utpust gjev Susann rapport på ei stressa blanding av rogalandsk, bergensk og truleg eit og anna innslag av tysk (!). Ingen av dei tungemåla liknar på Susann sin opphavlege dialekt. Rapporten er kaotisk, fragmentert og til tider unødvendig detaljert. Den påfallande rolege nattevakta ser på ho med hovudet lett på skakke. Ho kunne ha vore mora til Susann, og er av ein heilt annan skule. I gamle dagar stressa aldri sjukepleiarane slik dei gjer no, og iallfall ikkje på natt, då dei fleste bebuarane søv som barn av alle dei sterke medisinane dei går på!

Hildegunn og dei andre helsefagarbeidarane gjev rapport til den andre nattevakta, som er ein hjelpepleiar av den gamle skulen. Dama er for lengst passert pensjonsalder, men tek ei og anna nattevakt berre for å ha noko å gjere på. Ho nikkar gjenkjennande til at det har vore ei roleg vakt, for i denne etasjen er dei jo rolege som dagen er lang. Å vere på jobb her er nesten som å vere på ferie!

Hildegunn set seg på sykkelen og forsvinn i den regntunge natta. Etter ein kort, stressa sprut og eit frustrert raut som gjallar i veggane, halsar Susann ut av bygget og over til sin ti år gamle bensinbil, startar den med eit brøl og skrensar av garde – godt over fartsgrensa.

I morgon er det legevisitt, og ettersom leiar nok ein gong er sjukemeldt, er det Susann som må ta den!

Og slik går no dagane…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s