Tidlegare fransk etterretningssjef: «Alle multikulturelle samfunn er dømt til undergang»

Fryktar borgarkrig forårsaka av masseinnvandring.

Av Paul Joseph Watson, Infowars.com, 5.april 2022. Omsett av saksyndig.

Den tidlegare franske etterretningssjefen Pierre Brochand åtvarar at med mindre Europa og Frankrike radikalt endrar sin politikk rundt masseinnvandring, kan borgarkrig bryte ut, og slår fast, «alle multikulturelle samfunn er dømt til undergang».

Brochand, som arbeidde som direktør i det franske DGSE frå 2002 til 2008, kom med kommentarane under eit intervju med den franske avisa Le Figaro.

«Alle ‘multikulturelle’ samfunn er dømt til meir eller mindre djupe splittingar,» åtvara Brochand, og la til, «I slik ein situasjon skjer det at minoritetane er valdelege vinnarar, og majoritetane rolege taparar.»

Den negative effekten av masseinnvandring på Frankrike kan ikkje lenger avfeiast fordi det er «stadig vanskelegare å hindre franskmenn frå å sjå det dei ser,» og òg fordi «ein gjennombrots-personlegdom har plutseleg dukka opp i politikkens formel-verd som har oppmuntra dei til å opne auga,» sa Brochand.

Eks-etterretningssjefen spår at dersom Emmanuel Macron vinn presidentvalet og mislykkast i å massivt endre si tilnærming til innvandring, kan det bryte ut borgarkrig.

«Denne gradvise oppstanden av det franske folket, om ikkje den einaste utfordringa vi står overfor, er den einaste som direkte trugar sivil fred på vårt territorium,» sa Brochand, og åtvara at muslimske migrantar og andre ikkje-europearar har utvikla ei «ånd av post-kolonialistisk hemn».

Han åtvara òg at migrantbefolkninga sin betydeleg høgare fødselsrate og det faktum at yngre generasjonar fødd av innvandrarar er «endå mindre integrert i det franske samfunnet enn sine foreldre,» trugar strukturen i det franske samfunnet.

Brochand seier at den einaste løysinga er den framlagt av den franske presidentkandidaten Eric Zammour, nemleg «remigrasjon», å leggje til rette for eller gjere påbode at millionar av migrantar vender tilbake til sine heimland.

På spørsmål om det var for seint, svarte Brochand, «I kvart tilfelle er det veldig seint. Lat oss innsjå det: Vi har ikkje lenge rå gjere med spreidde individ, det vil seie, som mange ‘spesialtilfelle’, kvar på leit etter ei betre framtid, men med diaspora.»

«Ein diaspora er ei eining, danna av innvandrarar og deira etterkomarar – inkludert, ikkje minst, franske nasjonale – som er grupperte saman, og som talmessig når ein kritisk masse som er sterk nok til å gjennom sosialt press oppmuntre vidareføringa av trua og måten å leve på frå opphavslanda, som dei har eit anstrengt forhold til,» forklarte Brochand. «På denne måten, blir meir eller mindre lukka utanlandske enklavar spontant danna, som vender ryggen sin mot vertslandet og skikkane der.»

Brochands konklusjon er både augeopnande og dyster.

«All min oppsamla erfaring får meg til å føresjå ei mørk, og til og med veldig mørk, framtid for barna og barnebarna våre. I beste fall går dei mot ein uventa kollaps av livskvaliteten (ein implosjon); i verste fall fører vi dei til fryktelege konfrontasjonar (ein eksplosjon). Mest sannsynleg vil der vere ein kombinasjon av desse blant veksande forvirring.»

Som RemixNews rapporterer, kom Brochand med kommentarane under nok ei bølgje av migrantopptøyar som gjekk utover byområde i Frankrike.

«Sidan sist veke har byane Sevran og Aulnay-sou-Bois i forstadene rundt Paris vore scener for sann, urban geriljakrigføring, og liknande scener har blitt sett i Villeurbanne og Vénissieux, i forstadene rundt Lyon. Kvar gong er det hendingar mellom politimenn som prøver å handheve lova, og valdelege vanekriminelle som var den opphavlege årsaka til opptøya, skyting, og fleire brannar, med bakhaldsåtak utførte mot politistyrkane som vart kalla inn som forsterkningar.»

Ei nyleg spørjeundersøking sist år gjort av Harris, avdekte at fleirtalet av det franske folket bekymrar seg over «europeiske, kvite og kristne folkegrupper som er truga av utrydding» som eit resultat av «muslimsk innvandring».

Trass dette, forventar ein at Emmanuel Macron vil lykkast i å sikre seg ein andre presidentperiode seinare denne månaden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s