Urovekkjande mangel på bildelar i Noreg: Bagatellmessige uhell kan gjere folk billause i månadsvis

Bilmagasinet Motor publiserte 3.april 2022 ei sak som nok vil få mange bileigarar over heile landet til å misse nattesøvnen. På grunn av korona, krig i Europa og rekordhøg etterspurnad etter nye bilar, kan du risikere å «bli uten bilen din i uker, mange måneder, fordi delen(e) som må skiftes, rett og slett ikke er å få tak i». For nokon som er avhengige av bil for å få kvardagen til å gå opp, er dette å rekne som ein personleg katastrofe; forsikringar dekkjer berre lånebil inntil eit visst tal dagar, og når den tida er over, må ein då betale i dyre dommar for den sjølv – for dei fleste som ikkje er millionærar, er dette eit urealistisk alternativ.

Leiar i NAF Advokat, Vigdis Svennungsen, seier til Motor at NAF dei siste månadene har sett ein auke i talet henvendingar om lange reparasjonstider. Ambjørg Flaata i Kongsvinger lånte sin og mannens splitter nye Ford Mustang til dottera i februar. Jenta var so uheldig å øydeleggje ei av hovudlyktene på bilen. Ny lykt var ikkje å oppdrive; den fanst ikkje på Fords lager i Tyskland, og verkstaden visste ikkje kor lang leveringstida var. Etter ein månad var dei like uvetande. Ekteparet kan på grunn av denne bagatellen risikere å stå utan bil.

Dette kan bli stoda for stadig fleire bileigarar framover, om forsyningskrisa held fram. Personleg har eg òg opplevd urimeleg lang ventetid på å få bilen min fiksa på verkstad. I fjor haust måtte eg vente i over ein månad på å få gjort naudsynte reparasjonar – heldigvis kunne bilen køyrast.

Flaata mistenkjer at det ikkje berre er korona og krigen som er årsaken til leveringsproblema, men òg at bilprodusentane ikkje lagar reservedelar fordi dei helst vil selje flest mogleg nye bilar. Det same mistenkjer NAF. Ford-forhandlaren Sulland Kongsvinger avviser naturlegvis dette. Ford-forhandlaren heiv seg derimot rundt og fekk ordna opp i saken med ekteparet sin Ford Mustang, men berre etter at Motor tok kontakt med dei. Ifølgje artikkelen var ny lampe omsider på veg frå Tyskland, og bilen ville bli fiksa før påske. Trass at situasjonen fyrst verka håplaus, ser det no ut til at den vil få ein lykkeleg ende.

Då er det litt verre med dei som ikkje tek kontakt mot bilblad og får laga reportasjar om bilar som blir ståande på verkstader i vekevis. Om nokon som er heilt avhengig av bil, plutseleg blir utan bil i fleire veker på grunn av at éin einaste del aldri dukkar opp, kan det ifølgje advokat Svennungsen faktisk vere grunnlag for å krevje heving av kjøpet. Eller erstatning for tap som vil oppstå om ein plutseleg ikkje kjem seg til jobb – eller nokon andre stader. Advokaten legg derimot til at forhandlarar kan gjere mellombelse reparasjonar på bilane, slik at dei kan brukast i den urimeleg lange ventetida på nye delar.

Mangelen på reservedelar til bilar skuldast den pågåande globale forsyningskrisa, som er skapt av dei uvettige og øydeleggjande pandemi-tiltaka, primært nedstengingar og idiotiske karantenereglar. No når «pandemien» er over, er det den NATO-framprovoserte krigen i Ukraina som er syndebukken for denne viljestyrte kollapsen av forsyningskjeden. Den globalistiske eliten ønskjer ein kollaps av ikkje berre det vestlege samfunnet, men sjølve den vestlege økonomien òg. Forsyningskrisa vil ikkje berre føre til kritisk mangel på bildelar, men òg på anna heilt naudsynt materiale. Om toalettet ditt tek kvelden, kan du risikere å stå utan ein stad å gjere frå deg i fleire veker fordi ingen toalett i sju prestegjeld er å oppdrive. Då kan ventetida fort få ein skiten ende. Sameleis om kjøkkenvasken eller oppvaskmaskina ryk. Då hamnar du tilbake på 1800-talet på flekken medan kvitevareprodusentane berre står og trekkjer på skuldrene.

Ta godt vare på tinga dine, for det vil kome ein vakker dag i næraste framtid der du rett og slett ikkje vil kunne få tak i nye ting. Ver førebudd på eit potensielt samanbrot av samfunnet slik du kjenner det. Det vil kome, og det vil bli ille.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s