For nokre er uføretrygd eit mål i livet, men kva slags liv vil dei få?

Nokre av kjeldene mine jobbar innan NAV, der ei av oppgåvene er å avklare kven som vil fungere i lønt arbeid, og kven som ikkje vil det. Allereie frå ungdommen av kan ein erfaren sosionom vagt ane kven som ikkje vil kunne bidra til samfunnet, same kor mykje støtte og bistand vedkomande vil få frå det offentlege. Arbeidsretta tiltak og tilrettelagt arbeid vil berre fungere ned til eit visst funksjonsnivå. Når personen genuint ikkje kan eller vil vere i arbeid, er løysinga då uføretrygd. Meir bestemt ung ufør-trygd, som blir utbetalt til dei som har blitt påført skade eller sjukdom før fylte 26 år.

Ifølgje nettsidene til NAV er satsen for sokalla «høy sats for ung ufør (enslig uføretrygdet)» per 1.mai 2021 kroner 309 621 i året. Satsen for «enslig uføretrygdet» er kroner 263 870. Satsen for ein som lever saman med ektefelle eller sambuar er kroner 242 590.

Med andre ord er det mest «lukrativt» for nokon å bli uføretrygda i ung alder, og bu åleine utan fast følgje. Og trygda ser ut til å ha auka konsekvent dei siste åra. Tek ein året 2021 som basis, er høgste trygdeutbetaling 47 523 kroner høgare enn i 2015, der satsen var kroner 262 098.

På grunnlag av dette ser Staten ut til å ha ein agenda for å auke trygda – og ei ny auke vil nok kome no i mai 2022. Dette kan vere gjort utifrå genuin omtanke overfor dei som er ute av stand til å arbeide for føden. Målet med trygd er jo fyrst og fremst å hindre at dei utan arbeidsevne hamnar på gata og døyr av svolt. Dei lever og har tak over hovudet, men dei kan ikkje føreta dei heilt store investeringane. Sjølv 2021-satsen er nesten 200 000 mindre enn eg sjølv tener i året som helsefagarbeidar, og yrket mitt er sett på som dårleg betalt. So det å gå på trygd ser frå fyrste augnekast ut til å vere siste utveg for dei som vil bruke pengar på andre ting enn mat og bukostnader. Å kjøpe seg bil eller reise på dyre utanlandsturar er ein utenkjeleg luksus for dei.

Satsane til NAV er derimot minste årlege yting. Somme kan få utbetalt meir i trygd enn andre.

Eg hadde ei heller merkeleg oppleving i den tida eg jobba i det eg i ettertid vil karakterisere som «bufellesskapet frå helvete». Leiaren der nærast tvinga meg til å ordne meg henvisning frå fastlegen til psykiatrisk vurdering ved distriktspsykiatrien (DPS) på grunn av samarbeidsproblem. Desse samarbeidsproblema, for å gjere ei lang historie kort, meinte ho kunne skuldast «ibuande trekk hjå meg sjølv», i staden for det faktum at ho var ein håplaust inkompetent leiar. Psykologspesialisten ved DPS kom med følgjande urovekkjande «tilbod»:

Ved å gå med på å få diagnosen Aspergers syndrom, kunne eg, sidan eg på det tidspunktet enno ikkje var fylt 36 (eg var 33), få hjelp til å søkje om ung ufør-trygd.

Eg trudde knapt mine eigne øyre. Sat denne godt vaksne karen og trudde at eg var ein høgtfungerande autist berre fordi eg var i konflikt med arbeidsplassen? Han informerte meg at «alvorleg grad av Aspergers» var ei av lidingane som kvalifiserte til å bli rekna som ung ufør, ettersom autisme jo er medfødd. Dersom det kunne dokumenterast at eg hadde lide av sjukdommen frå før eg fylde 26, ville eg ha rett på ung ufør-trygd. Han meinte, utifrå det arbeidsgjevar hadde formidla, at den samla funksjonsevna mi ikkje var særleg god. Eg sjekka opp i om det han sa stemte. Det gjorde det.

Javel ja?! Eg tok han temmeleg grundig i skule når det gjaldt funksjonsevna mi, både på det private og det profesjonelle plan. For det fyrste, dersom eg hadde hatt Aspergers, hadde eg då greidd å jobbe hjå same arbeidsgjevar i meir enn ti år? For det andre, ville eg blitt valt fyrst til verneombod og deretter til resultateiningsverneombod om leiinga hadde hatt mistanke om at eg var autistisk? For det tredje, hadde sjefen min på det ambulerande teamet gjort meg til nestleiar i alt anna enn namnet? For det fjerde, korleis kunne det ha seg at ei slik sjukleggjering av meg fyrst byrja å skje då eg tilfeldigvis byrja å jobbe i den verste avdelinga i heile etaten?

Eg viste deretter psykologen ei rekkje bilete eg tilfeldigvis hadde på smarttelefonen, der det var bilete av meg i ei rekkje sosiale samanhengar. Mellom anna bilete der eg spelte gitar i eit rom fullt av menneske, pianospel i eit bryllaup, og faktisk eit bilete av meg og to kameratar sitjande i ein limousin i Tsjekkia. Han gneid seg på haka og innrømte at argumenta mine høyrdest temmeleg rimelege ut.

Det vart frå derav aldri meir snakka om Aspergers eller noka anna autismespekter-liding.

Ironisk nok har eg sjølv vore ein del av eit tverrfagleg team som skulle vurdere jobbevna til personar, i dette tilfellet personar med lett psykisk utviklingshemming. Dei kan som regel lese og skrive, men har nesten alltid psykiske utfordringar (og ofte ei grad av autisme). I det ambulerande teamet der eg (til enkelte si store ergring!) var uoffisiell nestleiar, greidde vi med omfattande støtte frå pårørande å få ein ung mann til å prøve seg i ein ordinær jobb. Vi reiste heim til han om morgonen, fekk han opp og køyrde han deretter til jobben sin på eit handlesenter i bydelen. Trass all mogleg og tenkjeleg støtte, bistand og hjelp, fungerte han ikkje i jobbsituasjonen. Difor gjorde NAV det einaste rette og innvilga han ung ufør-trygd. Han viste meg brevet med eit stort smil rundt munnen. Eg gratulerte han med trygd, om enn med ein klump i halsen.

Som ei lita solskinshistorie greidde vi å ordne eit dagtilbod til ein annan nokso ung mann. Han hadde sidan han vart innvilga trygd, stort sett tilbragt dagane på sitt lokale treningssenter. Ein kollega som òg trena der, hadde over lang tid observert at det ikkje var mykje trening han dreiv med. Han glante hemningslaust på alle dei vakre, veltrena ungjentene, og korleis dei vreid på dei lekre kroppane sine. Ved eitt høve hadde kjærasten til ei av desse jentene faktisk dytta til han og kalla han ein «ekkel pervo». Vi tok tak i situasjonen og til slutt byrja han å gå på eit aktivitetssenter tre gonger i veka. Mora hans sette svært stor pris på dette, og sendte ein bukett blomster med takkekort til oss kort tid etterpå.

Like før eg vart flytta med tvang til «bufellesskapet frå helvete», var eg snublande nær ved å få ein tredje brukar over i eit fornuftig dagserverv. Dette var ein som heile etaten hadde vurdert som eit håplaust tilfelle. Kven veit kva som ville ha skjedd om eg hadde fått bli verande på det ambulerande teamet.

Klart, for enkelte, slik som den unge mannen i det fyrste dømet, er det å få trygd eit livsmål i seg sjølv. Dei skyr ærleg arbeid som pesten, og vil helst late seg dagen lang. Dei søv gjerne til over tolv, og sit oppe halve natta og speler TV-spel, driv med online-gambling eller ser på porno. Foreldra har resignert og innsett at deira avkom aldri vil bidra til samfunnet slik dei sjølve gjer. Han er ein «useless eater» etter eige ønske, og sannsynlegvis fullstendig uvetande om den dystre lagnaden som ventar han om berre nokre få år – om visse vonde krefter får det som dei vil.

Tilbake i 2016/2017 kunne eg enkelt ha gått med på å bli utreia for ung ufør-trygd. Ein dummare mann ville truleg ha godteke denne ordninga, berre for å sleppe unna ein på alle måtar uforsvarleg og uverdig arbeidssituasjon med ein sjofel sjef og ròtne kollegaer. Eg hadde, og har, derimot integritet og stoltheit. Eg ville aldri i mine villaste fantasiar ha gått med på å få ein fabrikkert diagnose og levd på Statens nåde. At psykiatrien faktisk var viljug til å dikte opp ein diagnose for å «hjelpe» meg over til flokken av «useless eaters», var djupt bekymringsfullt, og eit symptom på omfattande, graverande systemfeil. Kor mange andre som no er på trygd, har inngått liknande avtalar med Staten? Og kva liv har dei i dag?

Sommaren 2021 jobba eg på nytt i eit ambulerande team – denne gongen for ein annan arbeidsgjevar. Det var enkelt å sjå kven som hadde pensjonert seg etter eit langt liv i lønt arbeid, og kven som var uføretrygda. Standarden på bustadene og stoda innandørs sa alt. Pensjonistane budde i overdådige palass eller ærverdige gamle hus, medan dei uføretrygda budde i simple, kommunale leilegheiter der dei låg dauddrukne i sofaen midt på høglyse dag. Eg såg med eigne auge resultatet av eit liv som sosialklient, der dei knapt hadde gjort eit handverk sidan ungdommen.

Å bli fanga i eit slikt «liv», som for enkelte villfarne sjeler blir sett på som ein siger over systemet, vil vere ein lagnad verre enn døden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s