Korleis TikTok glamoriserer psykiske lidingar

Av Kristina Murkett, Unherd. Omsett av saksyndig. Sjå originalartikkelen for lenkjer.

Sjølverklærte «psykisk helse-forkjemparar» har fått farleg stor påverknadskraft.

Nesten 16 år før TikTok vart skapt – 10 år før Instagram, 4 år før Facebook – skreiv Mark Feldman eit essay med namn «Munchausen’s By Internet: Detecting Facticious Illness and Crisis Online». Feldman skildrar korleis enklete brukarar misbruker «virtuelle støttegrupper» ved å fabrikkere, overdrive eller skape medisinske problem for å få merksemd og sympati. Nokre av dei mest notoriske døma inkluderer ein bloggar som forfalska ein kreftdiagnose; ei dame som i over eit tiår lest som ho var ein enkjemann med ein sjuk son; eller det fæle tilfellet Lacey Spears, som tweeta om sonen hennar sin sjukdom medan ho hemmeleg forgifta han med salt.

Desse kan sjå ut som avvikande, ekstreme, uvanleg tragiske døme. Likevel har TikTok dei siste åra blitt ei svært vellykka plattform for psykiske lidingar og uføre-appropriasjon: innhaldsskaparar, ved å spele på det å vere medisinske ekspertar, sjukleggjer åtferd og sjølvdiagnostiserer sjukdommar, og oppmuntrar brukarane sine til å gjere det same.

Til dømes har brukarar som Connor DeWolfe samla seg millionar av følgjarar og «likes» ved å vlogge [video-blogge; oms.an.] om sine erfaringar med ADHD, eit svært populært emne på TikTok (#ADHD-videoar har over 10,4 milliardar visningar). Erfaringane deira kan vere ekte, men det er òg fenomenet suggestibilitet: folk som tenkjer ting verkelege ved å kopiere og ta til seg åtferd som dei har blitt eksponert for.

Du treng berre å ta ein titt på kommentarseksjonen på kva som helst video som handlar om «ADHD-symptom» (same kor vanlege eller generiske) for å sjå dusinvis av brukarar som hevdar at dei òg må ha ADHD. Desse videoane vart ekvivalenten til «helsehoroskop»: fjern nok kontekst, anvend ytringane på ditt eige liv, og dess meir du les, dess meir overtyda blir du. Det er ikkje rart at ventelistene for avtaler for ADHD kan vere so lange som to år. Saman med alt anna òg, har vi no massiv diagnose-oppblåsing.

 Suggestibilitet er ei særs kraftig partiskheit. I Mellomalderen dansa folk seg bokstavleg tala til døde i «psykiske epidemiar» av massehysteri. I 2022 er der no brukarar som viser fram det som sannsynlegvis er framførte ADHD-symptom og svære tal unge jenter med vokal- og motor-tics som er identiske med TikTok-videoar av personar med Tourettes. Nokre ekspertar har vurdert det til å vere ein «masse-sosialmedia-skapt sjukdom», eit «uttrykk for stresset i samfunnet», medan dei òg «lat vekt på det unike i individ og verdsetjinga av deira påståtte eksepsjonalitet».

At tenåringar ønskjer å vere annleis og unike er knapt eit nytt fenomen. Derimot er TikTok sadistisk forførande i ei romantisering av liding – deira pro-anorexi «thinspiration» [av thin og inspiration; oms.an.] innhald, deira glamorisering av sjølvskade, deira framstilling av angst og depresjon som «sære» personlegdomstrekk, er alle med på å vidareføre denne «nett-dyrkinga av vakkert vemod».

Dette er grunnen til at artiklar som gjev TikTok æra for å hjelpe brukarar å gjenkjenne symptom på sjukdommar er so villeiande. TikTok er ikkje terapi. Ukvalifiserte, ikkje-profesjonelle TikTok-skaparar er ikkje ei autoritativ kjelde når det gjeld kompliserte og nyanserte medisinske tilstandar, og desse sjølverklærte «psykisk helse-forkjemparane» er rett og slett interessert i å drive fram engasjement.

For berre eit par veker sidan vart TikTok kritisert for å annonsere om ADHD-medisin (og for å bryte sin eigen feilinformasjonspolitikk), noko som beviser nok ein gong at augeeple er viktigare enn etikk. Vi burde difor ikkje lovprise TikTok for å hjelpe brukarar «ned kaninhòlet av sjølvoppdaging», men erkjenne realiteten: at dei fleste brukarane rett og slett jaktar på ein kvit kanin.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s