Steve Kirsch til New York Times: Dersom de ønskjer å diskreditere Robert Malone, treng de berre å svare på spørsmåla våre

Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack-konto. Omsett av saksyndig.

Alle vi spreiarar av feilinformasjon har desperat prøvd å kome i snakk med kven som helst som kan forklare korleis beviset samsvarer med «trygt og effektivt». Ingen kvalifiserte er viljuge til å gjere det.

I dag [3.april 2022; oms.an.] publiserte The New York Times ein artikkel der dei gjekk til åtak på truverda til Robert Malone. Malone spreier «udokumenterte påstandar». Seriøst?!

Trur de verkeleg at han diktar dette opp?! Eg jobbar med ei gruppe av 40 vitskapsfolk, ingeniørar og statistikarar som er svært talentfulle, og ikkje ein einaste av dei meiner at nokon av Malones påstandar er «udokumenterte». På den andre sida har vi store problem med det som CDC og FDA seier som vi trur er udokumentert.

So kven har rett?

Lat meg vere klar: Dersom de ønskjer å diskreditere Malone og andre sokalla «spreiarar av feilinformasjon», er alt de treng å gjere å setje av nokre timar av tida dykkar og rett og slett svare på spørsmåla våre. Det er ikkje verre enn det.

Kanskje dykkar helseredaktørar kan svare på våre spørsmål under opptak?

Eller de kan samle eit panel av «ekspertar» for å svare på spørsmåla våre?

Mange av oss har prøvd å oppnå ein spørsmål og svar-sesjon under opptak for å svare på spørsmåla våre, men ikkje eingong dei med halv-rimelege kvalifikasjonar ønskjer å gå med på det.

Vi har prøvd å kontakte alle frå Covid-vaksine-heiajente Eric Topol og topp-direktørar i legemiddelselskapa heilt ned til sjølve botnen av bortimot alle si liste: ZdoggMD og Your Local Epidemiologist! Ingen napp.

I staden køyrer hovudstraumspressa endelause artiklar og faktasjekkar som ikkje løyser desinformasjonsproblemet fordi artiklane og faktasjekkane aldri adresserer bekymringane vi har!

Vi innrømmer med glede at vi tek feil om de kan svare på spørsmåla våre.

Dette er den raskaste, enklaste og billegaste måten å få slutt på feilinformasjonen. Kvifor held de fram med å nekte å hjelpe oss med å kome på rett veg?

Ingen vil svare på spørsmåla våre. Ikkje for nokon som helst pengesum.

Eg tilbaud ein million dollar til kva som helst medlem av CDC eller FDA-komiteane for å svare på nokre spørsmål. Ingen napp.

Eg tilbaud å betale ned studielånet til kva som helst slags legestudent som kunne svare på spørsmåla våre. Fem stykke svarte, men ingen av dei kunne svare på sjølv det enklaste spørsmål vi stilte dei.

So difor kom eg med tilbodet til kva som helst slags kvalifisert «autoritet» om at vi kunne betale dei kva enn dei bad om, dersom dei var viljuge til å svare på spørsmåla våre. Ingen napp. Igjen, ikkje ein einaste person ønskte å svare på nokon av dei enkle «kvalifiseringsspørsmåla» vi stilte på skjemaet.

Etter å ha lese Times-artikkelen, tok eg kontakt med Dr. [Angela] Rasmussen sidan ho snakka skit om Malone i artikkelen:

«Alle vi ‘spreiarar av feilinformasjon’ (Malone, eg, Bridle, McCullough, Martenson, Weinstein, Kennedy, Mercola, Kory, Cole, Fenton, etc.) vil med største glede bli korrigert so vi kan stoppe med spreiinga av feilinformasjon. Vil du hjelpe oss alle med å sjå sanninga?

Problemet er at ingen ønskjer å svare på nokon av spørsmåla våre om kva dataa viser, sjølv etter at vi tilbaud dei (eller deira institusjon) ein million dollar for berre nokre timar av tida deira. Vi kunne til og med ikkje få ein einaste legestudent til å vise oss feila våre, sjølv etter at vi tilbaud dei å betale ned studielånet deira.

Eg håper at du vil skilje deg ut fråd ei, og ta deg tida til å svare på spørsmåla våre i ein innspelt video som vi kan dele med verda for å vise alle korleis vi tok so grundig feil.

Vi ser fram til å høyre frå deg.»

Eg håper at ho vil forsvare ytringane sine, men eg tviler seriøst på det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s